måndag, april 09, 2007



Her er litt andre ting som eg driv å hekler på..... tenkte dette skulle bli eit lite teppe som skulle passe i den nye korgsofaen min!

Litt artige fargar synes eg...tilbake til 70-tallet...

No er det lenge sidan eg var her inne....


Ja det er ei stund sidan eg var her no, men men....har hatt litt mykje å gjera i det siste (året). Men no fant eg att bloggen min, og tenkte kanskje det hadde vore kjekt å skriva litt att...

Eg har fått meg ein ny hobby! Etter at eg var ferdig å studere måtte eg ha noko å gjera på i stille stunder, så kjøpte eg meg ei bok om hekling! Og vips så vart eg ei av dei som drar med seg hekletøyet sitt overalt....

Eg fekk faktisk litt av ei hekledille..... men eg skal innrømme at starten ikkje var heilt lett, men eg publiserar ikkje "fiaskoteppe" mitt her! Men ovanfor ser du bilete av eit av dei som ikkje vart så verst.... men eg har nokre til. Trur kanskje eg snart må hekle noko anna enn bitte små tepper...