onsdag, august 22, 2007

Baking..


Jadå, eg bakar litt òg. Av og til kan det vera godt med noko søtt etter middagen...Og denne rullekaka er nyyydeleg! Og veldig lett (rask) å lage!

Du lagar berre ein vanleg bløtkakebotn (med tre egg), tømmer i ei langpanne, steiker i 5 min. strør sukker på og snur slik at ho vert kald. Så kan du fylle den med kva som hels! Eg brukte masse krem blanda med heimelaga bringebærsyltetøy, og det vart kjempegodt! Og tur det eller ei men me klarte å ete heile kaka same dagen....(med litt hjelp frå naboen)...