søndag, desember 23, 2007

"No har eg vaska golvet og eg har børi ved...."

Julepynten er komen fram, treet er pynta og no kan jula berre kome! Nedanfor ser det bilete av nokre fine gamle julekuler (den rosa har de sett før)...(eller den blanke er frå i år..hi hi) Men resten har eg kjøpt frå eit lager i ein gamal landhandel, trur kulene er frå 60/70-talet... Men dei blanke er frå IKEA og har òg fått plass på treet vårt i år...
(ser visst bilde av fotografen i julene...hi hi)
Fant nokre fine klister-englar som var meint å henge på vindu trur eg...men eg klistra dei på eit stort lys eg fant...litt juleaktig med ein gong (tjihi)
Vil med dette ynskje alle mine lesarar ei
riktig god jul, og eit
godt nytt år i vente!!
juleklem frå meg!

fredag, desember 21, 2007

Det er travle tider no desse dagane...

Kvifor kjøpe ferdig når det er så lett å lage?? Ja, det er mykje fint i butikken, men eg likar å tru at ting vert litt meir meining (og tanke) bak om ein har laga dei sjølv...(at det ikkje alltid vert vellukka er ei anna sak..hi hi). Desse korta skal delast ut blant mine naboar... Og inni er ein engel, berre sånn at det skal vera litt jule-aktig....(ja eg skal skrive nokre ord òg då...)
I dag tok eg fram litt meir julepynt (frå i fjor)...og ein av dei var denne "julestjerna" laga av streng med glitter rundt...eg har to og dei heng no på veggen i stova. Synes det vart jul med ein gong eg! Skal ikkje så mykje til...
Trur de ikkje at eg fekk nydelege blomar hjå min kjære mann i dag!! Det skjer ikkje kvar dag! Måtte vise dei då...Er dei ikkje fine? Kvite tulipanar...det er juleblomar det!

Tok seg bra ut på spisebordet! Må igjen takke for alle koslege kommentarar, blir sååå glad!! Ha ein fin kveld....

onsdag, desember 19, 2007

Så MÅ eg nett visa korleis det såg ut ute hjå meg i dag....

Ute på trappa vart eg møtt av nydeleg rimfrost....

Kirsebærtreet i hagen såg slik ut.... Rosebuskane mine er dekka av lang kvit rim....
Er det ikkje nydeleg?? Her er me på trilletur...

Ja overalt var det dekka med eit utruleg flott lag med rim! Det treng ikkje snø hjå meg om det skal vera slik...

Hjelp eg er blitt utfordra...

Ja kva gjer eg då...det er heile to bloggvenner som har utfordra meg(!)..Lille meg og Trivelig. Eg skulle skrive 7 ønsker og 7 juleønsker...Eg håpar ingen blir lei seg om eg samlar dette til ei liste med juleønsker-kombinert ønsker...?? Måtte tenke litt på dette. Ønsker kan vera så mykje, valget var då om eg skulle skrive ønsker som var nære og personlege eller meir globale...ja eg grubla litt på dette kan de tru! Men eg tenkte at om eg skulle ynskje noko i heile verda kva var det då?? Jo det kan de lesa på lista under her:

-Eg ynskjer at alle sjuke blir friske...
-At ingen går svoltne til sengs...
-At alle som frys får varme...
-At ingen born går redde til sengs...
-At me skal sjå håp der me trudde alt var håplaust...
-At me ser gleda der me ikkje visste den var...
-Eg ynskjer mest av alt at absolutt alle får ei fredfull og god jul!

Kanskje litt vidløftig...og mykje å ønska seg til jul, men men slik vart det....men det er ikkje slutt enno, eg skulle samtidig utfordre anten 3 eller 7 til(!). Eg velger 3... (eg veit ikkje om eg har så mange som 7 bloggvenner enno....). Hermed så utfordrar eg vidare til å skrive ønsker for jula:

Mitt glade (hunde-)liv

Vita Villa Vila

Ellies Hjørne

...så får me sjå korleis det går...tjihi...

måndag, desember 17, 2007

Så var julepakkene ferdig!

Det er sjølvsagt fleire enn dei eg har bilete av her... I år har eg visst pakka inn i masse ulikt papir, eg har liksom ikkje klart å bestemme meg heilt. Men her er eit utval som eg synes vart ganske fine (om eg skal seie det sjølv...hi hi).
Navnelappar er laga av ulike stoff og filtrestar som berre er limt på kartong... veldig enkelt og greit (og fint?), synes eg...men eg varierte litt der òg, så på nokon pakkar har eg klipt kartong som lauv og limt rett på pakken...(viser nederst på det øverste bilete...Kakemenn vart det i helga òg... når eldstemann kjem heim frå hybel er det kjekt å overraska med noko nybakt og godt! Det set guten vår pris på...Og desse er ganske gode og veldig enkle og lage...

Enkle mjuke kakemenn:
100 g smør (margarin)
6 dl sukker
5 dl mjølk
5 ts hornsalt
Mjøl til passe deig
Smelt smør og ha i sukker og mjølk, dette varmar du til sukkeret har løyst seg opp. Avkjøl litt og ha i hornsalt og mjøl til deigen er passe. Så er det berre å kjevle og stikke ut figurar! så må dei steikast, eg brukar ovn på 200 grader (me eg har ein litt rar ovn, så kanskje 175 grader er nok...) Steikes til dei får bittelitt farge kantane...
Oppbevares i tett og fin kakeboks...(hihi)

Må igjen takke for kjempekoslege kommentarar dei siste dagane!! Eg er innom på alle bloggar som besøker meg! (ikkje alltid eg rekk å legge igjen nokre ord...men eg prøver...)
Ha ei kjempefin veke alle saman!!

laurdag, desember 15, 2007

"...ligner litt på nissen i`grunn..."



Ja eg synes desse babushka-dukkene liknar litt på små-nissar...ein litt ny vri? Synes dei har fine fargar, som godt kan passe inn til jul...blir nok ingen nissar hjå meg i år heller...

fredag, desember 14, 2007

Ein morgon i desember...

Det skal vera kjekt å stå opp av og til... ettersom eg har eit lite sjarmtroll som er lys vaken og blid som i sol kl 06.00 kvar morgon har eg ikkje anna val enn å stå opp. Difor har eg god tid til eg vekker eldstejenta kl 07.00. Og i går vakna ho til kakao med krem...masse krem... Då kan du tru me kosa oss med frokosten...

Ja så må eg seie meg lei for ateg må vise dette neste bilete...hi hi..men det er vel lov å le litt av seg sjølv av og til...Det er nemlig sånn at verken eg eller eldstejenta er utstyrt med særleg mykje tolmod, difor hadde me begge litt hastverk med å få pynta (det hersens...) pepperkakehuset. Og som kjent er hastverk oftast lastverk...(sjå bilete..) Melisen var altfor tynn...sølvkulene datt av...og far i huset stod igrunnen og irriterte seg over ikkje å få ete alle dei gode melkesjokolade-nonstoppane...Så tilslutt gav mor opp og far fekk sjokolade og me vart ferdige litt for fort...Men med litt glitter og kunstsnø, kunne babushka-dukkene flytte inn i det litt rare julehuset sitt..tjihi...(det luktar iallefall godt med pepperkakehus i heimen...trøystar ho mor seg...)

Så må eg få seie tusen tusen takk til alle som har kome med fine ord til bloggen min dei siste dagane!! Det er kjempekjekt at nokon har lyst inn å sjå her! Har lenge følt meg litt åleine her inne...men no byrjar ting å skje...utruleg kjekt at nokon vil lenke meg opp til sin blogg!! Tusen takk og ha ein strålande desemberdag!!

torsdag, desember 13, 2007

Ein gamal lysestake frå Fretex..

Ja, om den er så gamal veit eg ikkje, men eg kjøpte den for mange år sidan. Og eg synes symbolikken i den er så fin... fin nok til at den kjem på borden kvar jul hjå oss iallefall.

Og så ville eg berre vise kva eg brukar når eg tenner ljos på bordet kvar morgon... så enkelt kan det gjerast, liten tapetrest og fyrstikker....synes den er nydeleg! Fått den av mi kjære storasyster...


Tusen takk til dere som legg igjen nokre små ord til meg...eg blir så glad! Ha ein fin dag alle som kikkar inn...klem

onsdag, desember 12, 2007

Eg har visst ein bloggdag i dag...

Fekk nydelege sviblar hjå svigermor...dei har fått plass i gangen. Måtte pynte litt då, med levande lys (sidan eg skulle ta bilete av stasen...) fant ei gamal keramikk-skål i kjellaren, den har fått ein omgang kvitmåling for lenge sidan...men kom visst til nytte i år òg.


Var på ein bitteliten skogstur i går, med vetlejenta bæreselen. Fekk samla litt kvistar og litt forskjellig, men mest av alt fekk vetlejenta seg ein liten luftetur. Ho kosar seg veldig når ho får koma opp og sjå (og ta på og smake) litt av verda... Resultatet vart iallefall ein krans til døra i stova...
Ettersom eg ikkje er så glad i raude bånd, brukte eg eit stoff til oppheng. Det er ikkje sydd, berre rive, eg synes det blir litt meir meg på den måten...ikkje så orntli liksom....(tjihi)

Men eg fant meir kjellaren eg...litt meir eg kunne pynte i kjøkenglaset med... denne nydlege soppen er litt av min gamle julepynt...så eit kjempefint perlehjerte frå House-doctor som eg fekk til bursdagen min i år... Her er ein nydeleg perlepynt laga av sonen i huset, trur han gjekk i barnehagen då...tenk no er han 16 år(!!). Denne pynten har vore med oss kvar jul sidan han laga den... og i år får den plass i vindauga...
Her ein gamal nisse eg kom over ein gong....


Det skal vera slik, litt gamalt, litt nytt og litt heimelaga... nederst i glaskarmen ser de ein kjempefin kaffi-boks eg fekk av mamma til bursdagen min, også den kjem frå House Doctor...

PS det ser ut som eg bur i eit villniss av busk og kratt (sjå utanfor vindauga)...hi hi, men det er berre ei klatreplante som trivast veldig godt ute ved ute-plassen vår....om sommaren er den grøn og fin...

Må jo nett vise den litt sarte engelen eg har laga òg...

Måtte få litt glitter på plass... no må eg finna ein fin plass til den...


Litt julestemning hjå meg....

Har ikkje heilt bestemt kor eg skal plassere denne enno...ute eller inne? eller vindauga kanskje??
Eg er veeeeldig glad i litt halv-gamle julekuler! Sånne med litt merkelege julefargar...som lilla, rosa, blå, gul osv... eg har eit lite utval som sikkert er frå 60/70 (kanskje 80??) -talet, skal visa fleire bilete seinare (når kassa med julekuler er komen opp frå kjellaren...) Her eit utval frå vinduspynten min...


(uff...litt uskarpt detta....)

måndag, desember 10, 2007

Hei og hå...


Denne helga gjekk med til litt baking og rydding. Me laga pepperkaker. Og som ein tradisjon her i huset er det mor (les:meg) som står for utforminga av årets pepperkakehus...me har vore gjennom veldig mange ulike epokar. Eitt år laga eg ein eksakt kopi av huset vårt, eitt år var det alternativtenking og det vart reinsdyr med hest og slede(!), ein anna gong lage eg ei kyrje og eitt år vart det ein heil liten landsby med små pepperkakehus og trær....Ja det er berre fantasien som set grenser... men i år spurde eg eldstemann om han hadde ein ide til kva eg skulle lage?? "kan du ikkje berre lage eit heilt vanleg pepperkakehus, då?"....ja, det var slett ikkje dumt (og noko eg neppe hadde kome på sjølv) ....difor vart det slik i år...

Her er eit foreløpig bilete...Litt skeivt og merkeleg, men utruleg personleg..hi hi (PS skal pynta det snart...)

Og storasyster laga pynt til rommet sitt (difor er det ikkje igjen meir pynt...):



......eg klarte ikkje heilt å la være å lage noko annleis...Her eit lite dådyr som får plass attmed huset i år...


Tusen takk for koselege kommentarar

eg har fått på bloggen dei siste dagane!

Utruleg kjekt at nokon kikkar på bloggen min!!

tysdag, desember 04, 2007

Litt før-juls-pynting...

No har eg laga ei slik snor i vindauga som eg hadde planlagt...veit ikkje heilt korleis det vart, men julestemning vart det! Vil sikkert henge litt meir på etterkvart som det nærmar seg jul. Har fleire fine gamle julekuler, så me får sjå...
Slik vart adventkalenderen i år... storasyster synes det var like stas som alltid! Og sjølvsagt har storebror fått ein som liknar, den heng på rommet hans (men er uten rosa pakkar, det hadde vore for mykje for ein storebror trur eg...).

Men litt englar tåler me alle....

No skal eg kose meg med ein kopp kaffi og jule-CD...så lengtar eg etter litt meir snø....(er faktisk bittelitt kvitt ut her i dag...jippi!)

Bursdagsfeiring i helga...

Ja det var kake...Måtte lage litt meir enn denne eine, men det var nok med bilete av denne fant eg ut...ikkje alt som tek seg ut på dataskjermen..(tjihi). Men gode var dei, og denne vart iallfall oppeten...

Og presangar....Takk for ei fin feiring...alltid kosleg med bursdag litt (i god tid) før jul! Då får ein liksom den rette stemninga....Her fine pakker frå mi kjære storasyster...
Men dette var nok det fineste av alt! Eg blir veeeeldig glad når ungane lagar så fine kort til den av og til litt sure mammaen sin....