Men eg fant altså litt rimelege saker likevel...noko smått og noko stort... nedanfor ser de litt av resutatet etter helgas strabaser, fyrst nokre små søte "dramme-glass" med stett, 10 kr stk var ikkje så verst...
Eg synes dei var søte eg...
Så eit skap, som eg har vore på jakt etter ei stund! Så du kan tru eg vart glad då eg såg det stod der innerst i kroken til 450 ,- kr (ikkje så verst det, trass prisoppgang...)! No kan eg endeleg bytte ut skapet eg har i stova, som kjem frå perioden med syre-lut...(tidleg 90-tal) Så eg synes det har gjort sin misjon her i huset...(du skimtar det i bakgrunnen...no kvitmåla...sjølvsagt hi hi)
Men sjølv om skapet såg veldig shabby-chic ut og passeleg slitt...med ein litt skarp blåfarge på dørene, så tenkte eg at, slik kan eg vel ha det ei stund??! treng ikkje måla ALT heilt kvitt?? Kan vera fint med litt farge innimellom alt det kvite... og blåfargen får vera på ei stund til...men vaska og skura med salmiakk i fleire omgangar måtte eg jo... Sjølv om det såg fint brukt ut, reint og luktfritt...
Litt sånn shabby likar eg... kan berre visa at nokon har brukt møblane.... ser ut som det har vore grøn-måla ei stund òg...
Men det har vel vore brunt opprinneleg...sikkert frå 40/50-talet ein gong....Fekk òg tak i nokre fine (men slitte) gamle julekuler! Og eg som er så glad i gamle julekuler!! Dette er mini-variant...til 5,-kr stk...(bra det òg!)

Synes både den grønfargen og dene gul-oransje fargen er veldig fine....
Og dei kom låg utruleg nok i original-embalasjen sin! Veldig bra....
Eit fint smykke vart det på meg òg til 29,-...(trur ikkje det var brukt eingong for gamle-prislappen hang på...)
Pynta meg litt då....fekk ikkje fargane godt fram her men men...Alt i alt ein gjevande dag på handel! Så vart det rydding, vasking og styring når me kom heim, for å få ut gamle-skapet og inn det nye...men det skal eg vise bilete av ein annan dag...Ha ein fin dag alle saman! Tusen takk for hyggelege kommentarar!! Blir like glad kvar gong! Klem




Sånn vil eg lage: Altså den snora med dei vimplane...(du tenkte vel ikkje på kjolen??...) Det såg ut til å vera ein klipp og lim-jobb for meg.
Limen verka sjølvsagt ikkje då eg skulle lime stoffet til snora, så eg måtte ty til andre og "enklare" metodar, nokon vil kalle det juks, eg vil kalle det kreativitet...(fnis)
Her ein liten blomekvast frå i sommar, den er til 



Har masse i skapet... litt fine fargar er jo kjekt å sjå når eg opnar skapet om morgonen...Her er ein blanding mellom Fretex, IKEA, Tilbords og GreenGate...og sikkert noko anna òg...
Fine oppvaskkostar er alltid kjekt å glede seg over....
Nydelege fargar på desse skålene kjøpt på Rafaens i Oslo...
Gryteklutane kjøpte eg på Fretex for lenge sidan...likar fargane på dei òg...
Fleire kakefat kan fort bli til eitt stort.....
Denne fine lysestaken kjem frå 






