

Må kanskje lage feire slike...Men fyrst er det sofaputene som må syast ferdige...Ha ein strålande dag i regnet! Her pøsar det ned siste vinterferie dagen vår...(men det er jo vår i lufta....så pytt...)

Må kanskje lage feire slike...Men fyrst er det sofaputene som må syast ferdige...Ha ein strålande dag i regnet! Her pøsar det ned siste vinterferie dagen vår...(men det er jo vår i lufta....så pytt...)
Mønsteret teikna eg på frihand, for at det ikkje skulle vera sånn veeeldig beint (og stygt?), synes berre det er litt meir sjarmerande med litt personlegdom...(som eg likar å kalle det). Måtte leite litt i gamle stoff, for å få det til å passe sånn nokolunde....litt fleece, litt gamle sengetøy, litt filt og anna stoff...(bileta vart litt gule for det var seint på kveld...)
Vert nok ei klok lita ugle dette....hi hi..
Og her er eg...(har ikkje fått noko namn enno), men vetlesyster tok meg til seg med ein gong...eg håpar eg toler ein støyt....
Når eg fyrst er her så kan eg jo vise at eg snart kan kalle meg shoppaholick (eller kva det heiter?), for eg har atter ein gong handla på Stoff og stil.no
Denne gongen vart det voksdukar og nytt stoff som skal bli puter i sofaen...
Var ganske fornøgd med alt denne gongen faktisk (ikkje alltid sånn...), voksdukan var litt meir turkise i fargen enn kva eg trudde, men dei passa godt inn på kjøkkenet! Og det var det som var meininga, vil nok ha dei ute òg når sommaren nærmar seg....(gledar meg!)
Desse to stoffa skal bli nye puter!! Synes dei passa ganske godt til sofaen (den einsfarga beige-brune er sofaen...). Så no blir det sying av puter i morgo! Trur min kjære mann vert glad no når det endeleg kjem puter att i sofaen...dei vart nemleg inndregne for eit par år sidan, grunna altfor mykje krølling og knepping under hovudet, dei stakkar putene vart ikkje sjåande ut til slutt! Men NO håpar eg putene skal bli behandla med litt meir respekt her i huset...(fnis)
Men no er det sengetid for meg...god natt! Klem





Songfuglar...??
Som de ser, så er det ulike fuglemotiv det går i no. Det finnes utruleg mange måtar å framstille ein fugl på! inspirasjonen til fuglane har eg funne rundtomkring på nettet, det er utruleg mange flinke og kreative folk der ute! Og nokre av dykk svingar kanskje innom her?! Då kan eg seie tusen takk med ein gong, til alle dykk der ute som gjev meg så masse inspirasjon og glede!!! Håpar de aldri gjev dykk men berre fortsett å dele med (meg og...)verda!! Stor klem til dykk alle!!!
Bilete er frå fredag og då var det strålande vèr og nydeleg skiføre... eg og dei to eldste var på ski (nedoverbakke) ein tur, eller sonen går på snowboard, eldstejenta på slalom og eg på telemark... så alle greiner er representert (hi hi). Men morro er det iallefall...
Kaka vart laga på fredag før skituren; gulerotkake, ei nyyydeleg oppskrift som gjev ei saftig og god kake:
Heile kaka forsvant faktisk her hjå oss....nam..
Eg eg har laga eitt nytt kort, det andre i bakgrunnen er frå i fjor... har planar om å lage fleire, men er avhenging av at vetjenta søv, for ho er borti absolutt ALT for tida (og når tak i det utruligste!). Ho går rundt med ei stor blåveis i panna, etter eit litt uheldig møte med badegolvet, ho har til og med blåveis på kjaken (??) eg vurderer sterkt å kjøpe innehjelm til den jenta...
Ein travel liten fot....

Gløymde å vise denne fine gamle "nisteboksen" som eg plukka med meg frå Fretex sist eg var der. Eg tenkte den kunne passe akkurat til sysakene mine...
Ganske rommeleg er den òg...
Det kan jo hende eg pyntar den litt med eit av mine (tidlegare) utklippte reinsdyr(??)
I dag har eg benytta anledinga då vetlejenta endeleg sovna, til å klippe litt anna òg. Eg var litt å streifa rundt på nettet her ein stille kveld, og fant nokre utruleg inspirerande bloggar (eller kva det var..). Den eine heiter Print & Pattern Og der inne fantes utruleg mykje kjekt (synes eg då)!! Eg likar å lage litt enkle ting som går fort....å klippe og lime er kjekt, så difor enda eg opp med å lage noko som liknar litt på det eg fant der inne...men eg har tenkt å lage mykje meir!
Eitt kort....med ei tidsriktig (tjihi) ugle:
Og eitt til med uglemotiv...Har på følelsen av ugler kjem til å "ta av" snart...(Iallefall etter dette, hi hi)
Kven som endar opp med å få eit ugle-kort frå meg er sannsynlegvis ein eller annan smarting...(ha ha)...Ha ein kjempefin dag! Og då viser eg bilete frå ein av dei andre inspirernade bloggane eg fant, nemleg Hostess with the Mostess:
Nam nam...det var jo litt av eit bilete å avslutte med....(trur eg MÅ bake litt snart...)
Eg har jo litt fargerike ting og tang òg...Nedanfor eit arva servise som eg ikkje heilt har akseptert på kaffibordet enno...men det får modne litt så kanskje...
Her er det, og slik vart det:
Eg har faktisk ein smart og (litt) nevenyttig mann, så han fiksa deler av det gamle skapet slik at eg fekk ei hylle som kunne stå oppå dette skapet! Lurt! Og eg fekk endå meir plass. Det ser kanskje ikkje sånn ut på bilde men skapet er veeeeldig romsleg, tre hyller på eine sida og to hyller pluss to skuffer bak andre skapdøra...Så vart det litt sånn shabby som eg likar det....trur blåfargen får vera på ei stund....
Eg la litt "hyllepapir" inni både skuffer og hyller (berre vanleg litt tjukt gåvepapir frå Panduro).
Til sist vil eg vise dei nydelege rosene eg fekk av ei god veninne som var innom her ein dag. Det er sååå kjekt å få uventa blomar!! .... så fine og rosa! Det er berre å nyte!
Morsdag-blomane kan eg ikkje vise for dei er nesten visna...men ettersom me alltid har ein far her i huset som har bursdag enten på morsdagen, rett før eller etter (i år vart det akkurat på morsdagen)så vert ikkje mor særleg lagt merke til ein slik dag...(men det må eg vel tole...??) Eg trur eg skal arrangere morsdag ein dag i mars istaden...(hi hi) Så får eg ein dag heilt for meg sjølv...
Ha ein fin fin dag alle saman! Og tusen takk for koselege kommentarar, det er alltid like kjekt og overraskande at nokon faktisk kjem innom til meg...(tjihi)