

Me er så heldig å bu tett på fin natur, og det manglar ikkje på fine motiv rundt huset. Og når sola blenkjer og det luktar vår då er det herleg å ta ein runde med kameraet!Her i huset stressar me aldri så lite denne veka for til helga er det barnedåp hjå oss! Ja, eg veit me er litt trege, vetlajento er heile 9 1/2 mnd (!!) Og tida flyg avstad.... Men bedre seint enn aldri... Ja me har hatt nokre diskusjonar i heimen om dåp eller ikkje dåp...masse prinsipp er kasta på båten, og me gjer som me har gjort med dei andre to. Det vert jo enklare å konfirmera seg når dåpen liksom er gjort... og kjenner eg ungdommen rett så er konfirmasjon litt kjekt (masse kjekke gåver iallefall...ein må jo vera ærleg å berre innrømma det...). Så no står eg mildt sagt på hovudet med vasking og rydding og i morgo startar matlaginga. Det høyres fælt ut, men det er ikkje det, eg gledar meg til besøk av familien! Og håpar me kan få ein strålande dag, med masse god mat og kos! Eg driv å planlegg bordpynt og diverse anna smått...og det er jo berre kjekt, men eg har enno ikkje heilt funne ut korleis eg skal ha det...skal love å vise bilete seinare...
Tusen tusen takk for alle kommentarer! Eg kikkar innom dykk alle saman...Håpar de nyt våren! Det gjer eg, Klem
Eg synes faktisk det var litt tøft med ein gong...fekk ei kjensle av å vera litt vågal...(hihi)
Litt prega av påske framleis, men eg synes denne fargen var rolegare og passa betre til alt anna her inne...
Men som de ser, eg driv ikkje å pussar og sånn før eg målar...neidå her dreg me fram kosten akkurat der skapet står og målar i veg.... 



Limte band mellom papir-laga...fyrst er fuglen klippt ut i papp, så limte eg litt finare papir utanpå, ser de at eg kosar meg?? kaffikopp og all ting...tjihi:
Så no heng dei så fint på kvistane (eg stjal?..uff og uff...) med gule fine blomar, som eg tok inn til forrige helg...

Dette vart jo ein fin erstattning for dei malte påskegga eg fortsatt venter på at jenta på 14 skulle male til meg...ho skal berre nett... (noko heilt anna fyrst...)



















