måndag, juni 30, 2008

Måndagskveld....

Dette kan vel kanskje reknast som eit pauseinnlegg...? Ja ikkje det at eg har noko form for pause, men dei bileta eg eigentleg ville blogge om ligg på kamera (nede i stova). Går det an å vera sååå lat?? Ja!


Difor viser eg heller nokre eg hadde frå før...hihi. Eg har to nydelege lavendel i hagen min, og det er igrunnen synd dette er eit nærbilet for dei er blitt verkeleg store og fine! Og luktar nydeleg...Og roser blir eg aldri lei av, så eg må slenge med eit bilete av ei av dei fine frå hagen. No er me midt i rosesesongen og eg plukkar inn og prydar kvar ein krok med nyplukka friske roser (nesten kvar dag...) Så kan eg jo vise noko lite eg kjøpte meg på bytur med jentene mine. Fyrste dag av sommarferien tok me oss ein shopping-tur til Bergen, og der fant eg denne herlege knaggen og (sjølvsagt) nye serviettar...(kjøpt på Ting)
Nok ein herleg rosenknupp...
Så er eg så heldig at svigermor har vore i på helgatur til Haugesund, og ho handlar gåver til både store og små! Sjå kva eg fekk! Ein nydeleg handkrem frå Durance, (midt i blinken for meg!)
Men ikkje nok med det, eg fekk ei nydeleg skål frå Greengate... Ja ein skal kanskje ikkje undervurdere ei svigermor...?
Eigentleg så har eg og jentene vore på nok ein bytur, Oslo denne gong. Og det var litt bilete frå den turen eg ville vise, men det får komme seinare...
No ventar vetlemor på kveldsmaten...
Ha ein fin kveld alle saman! Og tusen takk for alle dei kjempekoslege kommentarane! Eg blir så utruleg glad!

måndag, juni 23, 2008

Netthandel og oppussing....

Det er vel ei overdriving å kalle meg den ivrigaste bloggaren på nett, for det går jo alltids nokre dagar mellom kvart innlegg...(eg er her altså) men eg driv med mykje anna på nett...tjhi...Gjorde nett (obs det vart mykje: nett....)ein vellukka handel på Trendy.baby.no. Det er så kjekt når det ein handlar vert som forventa...
Fyrst dei nydeleg søte tøflene til vetlemor...når bilete var teke hadde ho allereide gått med dei ein dag og to...så kvit var kanskje ikkje rette fargen, men men dei var no søte då...Og veldig gode å få på og av og ikkje minst mjuke å gå i...Me må førebu oss til barnehagen til hausten veit de...(hjelp)

Og denne søte nisteboksen frå Rice, den skal det vera mykje godt i...litt fruktbitar i dei små romma og god fersk brødskive i det største...(denne vetlejenta skal ikkje lide nød, nei...hihi)


Men eg må seie at eg var mest overraska over denne jakka! Dette er eit regnsett (det høyrer bukse til òg...) er 100% vanntett, vindtett og pustande...(korleis får dei no det til...?) Men regnstoffet var så utruleg mjukt og godt! Heilt fantastisk å ha på (sikkert)...så den jakka skal nok ikkje berre nyttast på regntunge dagar...Sprek i fargane var den jo, men når mor handlar på nett er det ikkje lett å ha kontroll over alt...hihi...og vetlegoklompen vår må jo bli sett!Og mor i huset har eit brennande ynskje om å bli sett òg (tydlegvis...) for når ho handlar paraplyar så er det ikkje akkurat dei mest praktiske fargane ho tek seg ut...Men men det kan jo hende at med denne nokon vil oppfatte meg som søt og morosam...? Verd eit forsøk er det iallefall....
Men i overskrifta står det oppussing...og det er igrunnen det eg driv med for tida. Eller driv og driv, eg vert stoppa heile tida av små filleting som mannen i huset meinar me/eg må gjere FØR eg byrjar...! Eg føler liksom på meg at I DAG då skal noko malast! Då er eg klar med målarkosten og vil i gang med ein gong...men slik går det ikkje alltid...(dessverre). Prosjektet eg har føre meg no er kontoret...mitt vetle krypinn! Ja her ser de den grufulle sanninga: På bilete og i skrivande stund er det her eg sit;
Ja, de treng ikkje seie meir, det ser unekteleg ganske stusseleg ut! Men eg var jo tvungen å rydde unna bordet som dataèn stod på, og forsåvidt alt det andre der inne...For no skal golvet målast! Kanskje eg tek veggane og taket eit strøk til òg...Fargen på golvet vert lys grå (gråmynte) som me har i det andre soverommet og gangen oppe...(skal ikkje seie kva som er på dei to andre soveromma....men det liknar veldig på tre, og er det IKKJE! Huff...)

Om eg ikkje har sagt det før så bur eg altså i eit temmeleg lite men uhyre praktisk (!) 60-talls hus. Og det er i grunnen flott, hadde det ikkje vore for alle dei ulike golva me har her i heime...når me flytta inn for nokre (mange) år sidan, så la me tregolv på ungane sine rom og etterkvart i gangen oppe og seinare på kjøkkenet...desse var då meininga me skulle måle med ein gong, men de veit jo kor fine slike golv er med ein gong?? Lukta nydeleg og er så lyse og fine...men akk det varar ikkje lenge...Alle dei andre golva er måla no, så det er berre dette att...(gler meg...!). Då har me iallefall same golv i "litt" av huset. For å være ærleg så tok eg bilete av dei ulike golva me har i huset, men dei vart dessverre så utruleg stygge at eg ikkje kunne vise dei fram...Men snart så skal de få sjå kor fint det blir....tjih (håpar eg)

MÅ nett ta med eit bilete av ei aldeles nydeleg rose som eg akkurat har planta i hagen...(søren no gløymde eg namnet igjen....) Men det var ein gammal rosetype, men den passar dessverre ikkje godt å ta inn...men for ein dag og to stod den nydeleg i stova mi..! Ha ei fin veke alle! Og eg takkar kjempemasse for hyggjelege kommentarar! Eg kjem nok innom dekan alle i hop...(medan målinga tørkar...hihi)

tysdag, juni 17, 2008

Tema: raudt og ein liten utfordring...

Eg synes desse fargane er ein nydeleg kombinasjon...




Det fine raude putetrekket fekk eg som barselgåve av mi kjære storasyster...ho har utruleg god smak!!
Når eg kikka i skapet for å leite etter serviettar til bursdagen her for ei tid sidan, såg eg at prikkar visst er i vinden...(men storasyster synes ikkje det var ein god idè til 1-åringen...)




Bordet i all sin prakt, likar fargen godt enno...




Når tema var raudt, måtte me få med ein bursdagspresang til...nemleg den frå mamma og pappa til 1-åringen vår. Ho stortrives i den...


Så har eg fått ei utfordring av Rosa Univers, som eg vil prøve å svare på:


Kva gjorde du for 10 år sidan?


- Det er leeenge sidan, men då hadde eg to halvsmå søte born på 4 og 7 år. Eg var heime med dei lenge, hadde ei deltidstilling i butikk på den tida. Kosa meg masse! Samtidig tok eg gymnasfag for å få studiekompetanse. Og nokre år etterpå starta eg å studere for fullt (men eg er ferdig no heldigvis...).


5 ting eg har på hugselista mi i dag:


-Handle, ta blodprøver av eldstejenta, følge ho til tannlegen, må i jobb-møte og lage middag.


Ting eg vil gjere som milliardær (!!):


-Wow! Det er masse peng...Eg er eigentleg ikkje så oppteken av pengar, så lenge me klarar oss har me det bra. Men om eg skulle få så mykje peng, trur eg at eg fyrst ville sikre ungane mine skikkeleg utdanning utan gjeld. Eg skulle hjelpt familie og vener...bygd på huset...kjøpt meg ein snerten liten Bobil... Og kanskje oppretta eit fond der pengar vart delt ut kvart år til nokon som trengde det skikkeleg!...Men dette er jo berre teke frå lause lufta...sikkert mykje anna fornuftig eg kunne gjort, som eg ikkje kjem på...


Stader eg har budd:


Ålvik, Eidfjord, Voss og Norheimsund...


Utfordringa sender eg vidare til; dei som vil ta den...trur den har vore i bloggland ei stund, så det er vanskeleg å vite kven som har teke den og ikkje...




PS det er ikkje berre veslemor som har fått seg huske...denne er kjøpt på KID og utruleg god! veldig praktisk når me har huskestativ med plass til to husker...kan anbefalast!

søndag, juni 15, 2008

Nokon som kjenner seg att...??

Dette var altså ei av gåvene til 1-åringen i huset.... men kven som var mest interessert i å ta seg inn ein av hovudinngangane kan diskuterast...tjihi..Her er altså far til høgre i bilete og onkel nærast kamera...(dei anar forresten ikkje at eg har teke bilete...hihi) Men posituren berre innbaud til fotografering! Det må nemnast at 1-åringen sit midt inni tunnelen, og anar sjølvsagt ikkje kvar ho skal gå...begge utgangane er jo opptekne... Etter sol kjem regn, og det gjorde det her òg....


...men kva gjer vel det når me har så fine støvlar....


Men det er kjekkast med sol, og ho er hjarteleg velkomen tilbake...

Difor tok eg med eit bilete frå ein av soldagane våre...det er fint med vatn i gangavstand når varmen vert for intens. Men det var iiiiskaldt uti, så eg nøydde meg med litt tå-dypping...hihi...

Tusen takk for alle kjekke kommentarar! Ha ei fin veke alle som kikkar innom! Klem

torsdag, juni 12, 2008

Bursdagfeiring...

No er me kome så langt at me kan skrive eitt heilt år sidan vetlejenta vart født! Tida går på ein måte fort, men det har skjedd så mykje på dette året at eg synes det har gått eitt heilt år eg..(og det har det jo..hih). Dette vart jo veldig innvikla... Men kort sagt har me hatt 1-årsdag helga som var...

Som eg skreiv i forrige innlegg så hadde storesyster påteke seg ansvaret som "partyplanleggar" (etter mykje om og men frå mor....hmmm) og temaet vart då snøkvit/askepott (eg er faktisk ikkje heilt sikker...det kan eventuelt vera noko nye Disney-tema eg ikkje kjenner..(gammal eg??...)...men dame i kjole var det iallefall på dukar og serviettar...og sjølvsagt rosa!) Festen vart halden i hagen ved hage-hytta vår, med heile familien på besøk (ca. 20 med smått og stort...). Me kunne ikkje klage på været, for det var verken for varmt eller for kaldt, akkurat passe til sommarkjole...

Maten stod inni hytta, og på den måten vart livet såre enkelt for oss småbornsmødre...Når maten var komen fram kunne me sitte å kose oss og slappe av resten av dagen...ungane leika rundt oss og alle kunne (nesten) grise så mykje dei ville..tjihi...For kven gidd å støvsuge graset??
Nokre bilete av hytta (før festen var igang vel og merke...)Hytta er ikkje heilt ferdig, og møbleringa er samla litt frå både her og der...Men det kjem seg...snart...
Dei litt merkelege kakene i framgrunnen er heimebaka rullekake....(trur dei skal vera slik...) gode var dei iallefall...
Storesyster meinte at mor (altså meg..) berre kunne bake, men ho ville pynte...og slik var resultatet. Desse på bilete nedanfor fekk ingen lov å røra, bursdagsbarnet skulle ete dei heilt sjølv...Dei vart jo fine då!
Eg har vel lært at å sleppe kontrollen ikkje er så skummelt...Ting kan gå godt fordi om ikkje eg bestemmer alt...(noko eldstejenta nok vil skrive under på...)
Det vart masse fine pakkar. Blant anna desse kjempesøte støvlane, som har vore i skikkeleg bruk etterpå...sidan regnet kom veka etter...

"Knotte-pusslespel" med dyr på er kjekt når ein er 1-år og kan seie: Bæææ....Kort sagt hadde me ein koseleg bursdag, og det trur eg 1-åringen vår synes òg. Ho gjekk å smilte heile dagen og var så fornøgd! Iallefall etter at ho oppdaga bosspannet som eg hadde plassert sånn litt i bakgrunnen....oppi der var nemleg både halvetne muffins og anna godis....hihi...men litt kjekt skal ein vel ha det når ein er 1 år og alt framleis er lov...?
Ha ei fin helg alle som er innom!! I morgo reiser heile gjengen her i huset på vaske-dugnad! 17-åringen vår skal flytta heim frå hybel for sommaren, og mor må sjekke hybelen for diverse kaniner og anna...hihi

torsdag, juni 05, 2008

mmmm.....nam...

Ja dette er faktisk ei pannekake! Eg og min mann (og ei utruleg travel lita jente...) var ein liten tur på pannekake-resturant her om dagen...ja det finnes faktiskt! Fyrste gong for min del... Men tru meg, varm pannekake med eplefyll, kanel, melis og ein dæsj is på toppen...Nyyydeleg!


Den var kjempestor òg! Men eg slukte (sjølvsagt) heile greia... (litt små kvalm etterpå...) men det var alt i alt ei herleg oppleving...

Her vert det bursdagfeiring i helga, vetlejenta vår er 1 år på sundag!! Tenk kor tida flyr...og storasyster har påteke seg ansvaret som "party-planleggar"....me får sjå korleis det går...Ha ei fin fin helg alle!

søndag, juni 01, 2008

Mai blir til juni...

Mmmm...ser det ikkje herleg ut! Ja gode var dei òg...med fløyte og sukker på... Det MÅ jo berre vera SÅ utruleg sunt med jordbær?! Burde kanskje ete det kvar dag...? Det hadde eg iallfall ikkje hatt noko imot...hihi... Ville berre vise noko meir som eg har kjøpt eg...sjå det nydelege gåve-papiret eg plukka med frå Patina (sjølvsagt...hihi)...Kan bruke det på BEGGE sider! utruleg praktisk! Og utruleg billig, berre 39,- rullen! Veit at slikt papir kostar glatt 60,- andre stader...Kjekt for meg iallefall....


Og her er knotten til bordet mitt...synes den passa fint (Patina det òg sjølvsagt...)


Og så ville eg vise kor eg sit og kosar meg når eg har fri (iallefall mellom all springinga etter vetlejenta...hihi). Her kjem sola tidleg i hytteveggen...Me er så heldige å ha ei hagehytte i hagen...skal vise litt av interiøret seinare...(men nett no har eldstejenta hatt ei venninne på overnatting der....og då egnar den seg ikkje så veeeldig til fotografering...) Den er i bruk heile sommarsesongen (og litt til), veldig kjekk å ha for dei eldste ungane når dei har overnattingsbesøk, eller berre vil sjå på TV i fred ein kveld.... De skimtar nok vogna med vetlejenta i borte ved garasjen...(som ikkje er garasje lenger...., for kva skal vel bilen med HUS...... den toler vel vatn??!) Når me kjøpte huset gjorde me like godt garasjen om til uthus/trimrom...hihi..."kjekt å ha"...noko me ikkje angrar på! Det er jo så utruleg mykje som MÅ inn der ....syklar/grasklippar/ved/hagemøblar..osv...



Og til slutt nokre utruleg skjønne blomar eg går forbi kvar dag...dei veks i grøftekanten og er så yndige og søte at eg berre MÅ ta dei inn...(anar ikkje kva dei heiter...) Dei passar godt til den svale turkise fargen på bordet synes eg....

Ha ei fin fin veke alle saman! Og tusen takk for alle hyggjelege kommentarar! Klem