søndag, februar 24, 2008

Her er inspirasjonen min, sant dei er fine!!?

Synes desse uglene er heilt nydelege! Det var ei slik eg prøvde å lage nedanfor...ikkje HEILT lik men men....desse kjem altså frå Pretty Littel Things sin nydelege blogg og butikk.... Ho lagar masse inspirerande saker i det bitte-vetle huset sitt...

Må kanskje lage feire slike...Men fyrst er det sofaputene som må syast ferdige...Ha ein strålande dag i regnet! Her pøsar det ned siste vinterferie dagen vår...(men det er jo vår i lufta....så pytt...)

laurdag, februar 23, 2008

Ei ugle blir til...og litt til...

Ja, no har eg drege den ugledilla mi litt lenger...var innpå ein blogg (skal kome med linken sidan) som hadde sååå fine ugler! Ho hadde sydd ugler som kosedyr... Då var det fram med symaskina (og alt er gløymt frå forrige tapre forsøk...tjihi). Eg teikna meg eit mønster frå bileta, og vips fekk vetlesyster seg ei koseugle i fleece...

Mønsteret teikna eg på frihand, for at det ikkje skulle vera sånn veeeldig beint (og stygt?), synes berre det er litt meir sjarmerande med litt personlegdom...(som eg likar å kalle det). Måtte leite litt i gamle stoff, for å få det til å passe sånn nokolunde....litt fleece, litt gamle sengetøy, litt filt og anna stoff...(bileta vart litt gule for det var seint på kveld...)


Vert nok ei klok lita ugle dette....hi hi..


Og her er eg...(har ikkje fått noko namn enno), men vetlesyster tok meg til seg med ein gong...eg håpar eg toler ein støyt....
Når eg fyrst er her så kan eg jo vise at eg snart kan kalle meg shoppaholick (eller kva det heiter?), for eg har atter ein gong handla på Stoff og stil.no
Denne gongen vart det voksdukar og nytt stoff som skal bli puter i sofaen...Var ganske fornøgd med alt denne gongen faktisk (ikkje alltid sånn...), voksdukan var litt meir turkise i fargen enn kva eg trudde, men dei passa godt inn på kjøkkenet! Og det var det som var meininga, vil nok ha dei ute òg når sommaren nærmar seg....(gledar meg!)
Desse to stoffa skal bli nye puter!! Synes dei passa ganske godt til sofaen (den einsfarga beige-brune er sofaen...). Så no blir det sying av puter i morgo! Trur min kjære mann vert glad no når det endeleg kjem puter att i sofaen...dei vart nemleg inndregne for eit par år sidan, grunna altfor mykje krølling og knepping under hovudet, dei stakkar putene vart ikkje sjåande ut til slutt! Men NO håpar eg putene skal bli behandla med litt meir respekt her i huset...(fnis)

Men no er det sengetid for meg...god natt! Klem

torsdag, februar 21, 2008

Ny overskrift...no igjen!

Ja eg veit eg rotar litt med den overskrifta... Stadig ny...Men grunnen er at eg har lasta ned eit utruleg kjekt fotoprogram (gratis!): PhotoScape, og det er så kjekt leike litt med. Og sidan eg ikkje er så gammal i denne bloggverda...så har eg framleis ikkje heilt funne meg sjølv...og kva stil eg skal gå for...men eg finn det nok ut...snart...:-) Må nok samstundes innrømma at eg ikkje heilt har forstått kvifor overskrifta innimellom vert bitteliten og av og til altfor stor??! Og den ramma rundt lever visst sitt eige liv...nokon som veit litt om detta??

tysdag, februar 19, 2008

Kort, kort og fleire kort....

Så har eg laga litt fleire kort. Det er ein grei ting å lage ei stille kveldsstund, morro å klippe og lime, det går fort og er enkelt å få til. Akkurat slik eg likar det. Det er vel ingen hemmeligheit at eg er litt utolmodig og likar å bli fort ferdig....(det vil nok kanskje vise litt igjen på det eg gjer òg??) Men det viktigaste er at det var kjekt så lenge det varte...Alle korta er laga med enkel farga kartong og litt ulikt gåvepapir.....(og litt tusj). Viser bilete av dei som vart slik dei skulle:






Songfuglar...??

Som de ser, så er det ulike fuglemotiv det går i no. Det finnes utruleg mange måtar å framstille ein fugl på! inspirasjonen til fuglane har eg funne rundtomkring på nettet, det er utruleg mange flinke og kreative folk der ute! Og nokre av dykk svingar kanskje innom her?! Då kan eg seie tusen takk med ein gong, til alle dykk der ute som gjev meg så masse inspirasjon og glede!!! Håpar de aldri gjev dykk men berre fortsett å dele med (meg og...)verda!! Stor klem til dykk alle!!!

søndag, februar 17, 2008

No er det vinterferie!

Bilete er frå fredag og då var det strålande vèr og nydeleg skiføre... eg og dei to eldste var på ski (nedoverbakke) ein tur, eller sonen går på snowboard, eldstejenta på slalom og eg på telemark... så alle greiner er representert (hi hi). Men morro er det iallefall...

Kaka vart laga på fredag før skituren; gulerotkake, ei nyyydeleg oppskrift som gjev ei saftig og god kake:
4 egg
3 dl sukker
3 dl kveitemjøl
1 ts natron
1 ts bakepulver
2 ts kanel
1 ts vaniljesukker
litt salt
1 dl olje
4-5 dl (grovt) revne gulerøtter
Pisk egg og sukker, ha i alt det andre og bland godt. Steik i (liten) langpanne på 160 grader i 30-40 min. Ostekrem: 100 g kremost - 50g smør - 1 ts vaniljesukker- 125g melis rør saman m/ visp og ha på kald kake...Og vips:
Heile kaka forsvant faktisk her hjå oss....nam..
Eg eg har laga eitt nytt kort, det andre i bakgrunnen er frå i fjor... har planar om å lage fleire, men er avhenging av at vetjenta søv, for ho er borti absolutt ALT for tida (og når tak i det utruligste!). Ho går rundt med ei stor blåveis i panna, etter eit litt uheldig møte med badegolvet, ho har til og med blåveis på kjaken (??) eg vurderer sterkt å kjøpe innehjelm til den jenta...
Ein travel liten fot....
Men her er kortet då...litt naiv kunst?? Men eg går under filosofien: less is more, og synes definitivt at det enkle er det beste...men kva skal eg med alle desse korta...?? Det lurte mannen min på...men ein treng vel alltids eit kort? Tjihi...eller?? (eg treng iallefall....) Ha ein strålande dag alle saman!

torsdag, februar 14, 2008

Ja det er vel strengt tatt valentinsdagen i dag...

Ikkje det at eg er så amerikansk at eg feirar den, men eg kan jo benytta anledninga til å vise dei siste restane av morsdagstulipanane mine...som er klippt ned og havna i mange vasar rundtom i huset. Tenkte me heller kunne feire dagen i morgo, for då byrjar vinterferien for ungane! Og då kan mor vera snill å bake ei kake eller noko anna godt....

Tenne ljos kan ein jo alltids....

Gløymde å vise denne fine gamle "nisteboksen" som eg plukka med meg frå Fretex sist eg var der. Eg tenkte den kunne passe akkurat til sysakene mine... Ganske rommeleg er den òg...
Det kan jo hende eg pyntar den litt med eit av mine (tidlegare) utklippte reinsdyr(??)
I dag har eg benytta anledinga då vetlejenta endeleg sovna, til å klippe litt anna òg. Eg var litt å streifa rundt på nettet her ein stille kveld, og fant nokre utruleg inspirerande bloggar (eller kva det var..). Den eine heiter Print & Pattern Og der inne fantes utruleg mykje kjekt (synes eg då)!! Eg likar å lage litt enkle ting som går fort....å klippe og lime er kjekt, så difor enda eg opp med å lage noko som liknar litt på det eg fant der inne...men eg har tenkt å lage mykje meir!

Eitt kort....med ei tidsriktig (tjihi) ugle:
Og eitt til med uglemotiv...Har på følelsen av ugler kjem til å "ta av" snart...(Iallefall etter dette, hi hi)Kven som endar opp med å få eit ugle-kort frå meg er sannsynlegvis ein eller annan smarting...(ha ha)...Ha ein kjempefin dag! Og då viser eg bilete frå ein av dei andre inspirernade bloggane eg fant, nemleg Hostess with the Mostess:

Nam nam...det var jo litt av eit bilete å avslutte med....(trur eg MÅ bake litt snart...)

tysdag, februar 12, 2008

Nydeleg dikt...


TIL BARNET

Einast hjå deg finn eg kvile.
Trøytt kan eg leggja meg
Inn til din kropp
Og kjenna deg
Liten og varm
Stilla ei tærande uro
Og stogga eit hjelpelaust flog.

Hendene dine er mjukleik.
Dei breier seg ut og held meg fast.
Dei fangar ei sjel og ber ho heim.

Ja, eg skal vera her no.
Hendene dine er mjuke tog.
Eg kviskrar ei bøn for oss båe.
Gjennom deg
Er eg bunden til livet,
Gjennom deg
Må eg ein gong få løysa det ut.


Av:Signe Seim

Hadde berre litt lyst å dele eit fint dikt med alle der ute som er mødre, har mødre, har born, er born....

måndag, februar 11, 2008

Eg har jammen masse rot!

Men ikkje så masse at eg har rydda sidan sist eg var her altså! Men det har vore litt vel travlet i det siste så blogging har kome litt ned på lista over prioriterte oppgåver (dessverre). Men no kan eg vise skapet (og litt av alt rotet som var i det gamle...). Brukte faktisk ein heil sundag på å rydde utav og inni samt vaske og skure det "nye" skapet.... Eg har jo litt fargerike ting og tang òg...Nedanfor eit arva servise som eg ikkje heilt har akseptert på kaffibordet enno...men det får modne litt så kanskje...


Her er det, og slik vart det:
Eg har faktisk ein smart og (litt) nevenyttig mann, så han fiksa deler av det gamle skapet slik at eg fekk ei hylle som kunne stå oppå dette skapet! Lurt! Og eg fekk endå meir plass. Det ser kanskje ikkje sånn ut på bilde men skapet er veeeeldig romsleg, tre hyller på eine sida og to hyller pluss to skuffer bak andre skapdøra...Så vart det litt sånn shabby som eg likar det....trur blåfargen får vera på ei stund....
Eg la litt "hyllepapir" inni både skuffer og hyller (berre vanleg litt tjukt gåvepapir frå Panduro).
Til sist vil eg vise dei nydelege rosene eg fekk av ei god veninne som var innom her ein dag. Det er sååå kjekt å få uventa blomar!! .... så fine og rosa! Det er berre å nyte!

Morsdag-blomane kan eg ikkje vise for dei er nesten visna...men ettersom me alltid har ein far her i huset som har bursdag enten på morsdagen, rett før eller etter (i år vart det akkurat morsdagen)så vert ikkje mor særleg lagt merke til ein slik dag...(men det må eg vel tole...??) Eg trur eg skal arrangere morsdag ein dag i mars istaden...(hi hi) Så får eg ein dag heilt for meg sjølv...

Ha ein fin fin dag alle saman! Og tusen takk for koselege kommentarar, det er alltid like kjekt og overraskande at nokon faktisk kjem innom til meg...(tjihi)