måndag, juli 28, 2008

Kafe i Skudeneshavn...



På vår vesle ferietur var me innom blant anna Skudeneshavn, årets sommarby (2007, trur eg), kåra av eit eller anna radioprogram... Og etter å ha vore der er eg heilt einig! Det var ein herleg liten stad med masse sjarm, ein riktig liten koseleg sørlandsidyll! Og her bak eit hjørna inni eit smug ligg det ein bitte liten og sjarmarande kafè... som heiter Himmel og Hav! Med eit herleg interiør, ei blandig av alt og lyst og lett slik eg likar det...

Kanskje fleire har vore der?? Håpar det... Ha ein fin kveld...






....

Heisann, jammen ramlar det inn med heile TO awarar av denne typen!!:

Eg kan ikkje vera anna enn svært takknemleg for at nokon gidd å gje meg ein slik fin pris! Tusen hjarteleg takk til Rosa Univers, og Tove!
Prisen går rett tilbake til dykk!! Ha ein strålande dag!
(PS biletet ovanfor er henta frå Print & Pattern)

laurdag, juli 26, 2008

Heime!


Me har ikkje vore vekke så mange dagane, men det verkar som ei evigheit når ein kjem heim... Det synes eg alltid når ein har vore på tur! Når ein er heime går tida så fort, men på ferie går tida akkurat passe seint...Ekstra godt var det å kome heim til nye fine golv! Det trur eg vetlatrulto synes òg, for i nokre timar den kvelden småsprang, trippa og dansa ho over golvet tydeleg glad for å vera heime. Og med storebror hadde det godt fint (og med golvet...hihi) åleine, han likar å ha huset for seg sjølv nokre dagar, men kjekt er det når me dukkar opp att òg....
Etter nokre dagar på hotell med gode (winerbrød(!!)) frokostar der me kan velja i alt mogeleg, er det godt å endeleg starta dagen med noko litt "lettare"... Eg har ei stund no laga min eigen frokostblanding som er veeeldig enkel:

Havregryn (lettkokte små)
sesamfrø
solsikkefrø
rosiner
tørka banan (knust)
valnøtter (hakka)

Eg brukar ikkje mål, berre lempar oppi til det ser godt ut! Det er sjølvsagt mykje anna du kan ha oppi òg. Dette er uansett ein knallgod start på dagen for alle! Men hjå oss er det berre eg og eldstemann som hiv innpå med energi-blandingen....Med mjølk på sjølvsagt...(eller cultura...? kanskje..?)

Men verkelegheita innhenta oss fort her i heimen... Lister i laange banar... Eg malar og mannen spikrar dei opp...Me gjer oss ikkje før me er HEILT ferdige! Veldig fort at småplukk vert liggande for lenge om ein ikkje gjer det ferdig med ein gong...

Det var forresten kjempekjekt å blogge frå mobilen! Anbefalar alle som ikkje har prøvd om å prøve det! Kjekt og utruleg lettvint!

Tusen takk for alle kjekke kommentarar på stova vår!! Ha ein solfylt og varm morgondag...no er det kveld for meg...nattinatt!

fredag, juli 25, 2008

Sandnes


Om nokon har klart å gjetta så har me altså vore i sandnes/stavanger området... Ps desse kjekke butikkane finn du i langgata i sandnes...

Me kan ikkje berre bada...


Innimellom må me berre la oss inspirera av bla koselege butikkar... Øverst frå Villa Rosa, og nedanfor frå ein herleg butikk som heiter SMAK gaver og interiør! Her kunne eg gått i fleire timar...men eg har heldigvis mann og born som dreg meg tilbake til ferien:)







onsdag, juli 23, 2008

Sol!


Herleg med sand overalt! Heilt til me kom i bilen og sanden bestemte seg for å bli med...

Ferie!


Ja, no er det ferie:) her er ei nydeleg strand me passerte på vegen...

søndag, juli 20, 2008

Endeleg...!

Ja, då var golvet lagt og mannen i huset utsleten og mora skikkeleg lei av å springe etter vetla- trollet..... Men akk sååå utruleg glade me er for at me er ferdige!! Eller det gjenstår listing og litt anna småplukk her og der, så sjå vekk frå det på bileta...men det skal me gjera i ro og fred. Det er heilt utruleg kor mykje rot og skrot ein klarar å produsera i ein slik prosess!

Mannen i huset har lagt golv medan eg har sprunge rundtomkring å passa vetlatrollet og laga middag og køyrt opp og bort og hit og dit på større tenåringar.... ALT for at mannen skulle få fred til å gjere dette ferdig... Og det tok strengt tatt berre ein og ein halv dag (!)
Me er ganske nøgde med resultatet, det vart ei herleg, lys og lett stove med sommarkjensler langt inn i margen... (men alle detajar er enno ikkje heilt på plass...det hender eg har både puter på benken og litt pynt på bordet..hihi, men eg hadde det vel litt travelt med å få fotografert...)

Golvet er laminat frå IKEA og heiter Tundra (kvit)... Det endrar litt farge etter lyset... og er ikkje fullt så blankt som det ser ut her...(obs, manglar list under døra...kremt...). Og som den praktiske husmora eg er, så vart golvet valgt utelukkade på grunn av at det var berre her eg fant den fargen eg leita etter...Lys grå hadde òg passa fint, men det fant eg ikkje i noko butikk...(merkeleg?)

No håpar me berre på at det ikkje byrjar å flasse av....


Me legg filtputer under alle møblane og listar oss stille over golvet (hihi)
Nærbilete av eit herleg fat frå House doctor som er kjøpt på Patina...

Me reiser avstad på ein liten ferietur i morgo, og overlet huset til eldsteguten som har sommarjobb og må vera heima... (han har fått filt-tøfler...hihi) Han gler seg stort over å få huset for seg sjølv. Med forvissing om at besto og besten berre bur 500 meter unna...(godt for mammo og pappen iallefall) trur eg han klarer seg bra, flotte 17-åringen vår!

Kvar turen går veit me ikkje før me sit i bilen, kanskje aust, kanskje sør....hmmm

...og kanskje eg klarar å blogge litt frå mobilen?? Så de høyrer frå meg her inne...hihi...

Ha ei fin veke!! (PS NO kjem sola!!) Klem

laurdag, juli 19, 2008

Ein liten Test


Eg har fått meg ny mobil! Ikkje at det er så utruleg akkurat, men no testar eg om eg klarar å blogge frå mobilen! Eg er sikkert litt treg sidan eg ikkje har prøvd det før.. Men men, ein gong må vera den fyrste...
Men eg får ikkje til å snu bilete...?Hmmm korleis skal eg gjera det tru?? Nokon som veit? Må eg snu dei før eg legg dei ut kanskje?

onsdag, juli 16, 2008

Raude vitaminbomber!

Me er så heldige å ha eit lite kirsebærtre i hagen, som de jo veit. Og no var det tid for hausting! Mørke raude spregnmodne frukt hang freistande i treet...Eg berre elskar å plukke bær! Det er rekreasjon for både sinn og sjel.... Og når eg plukkar bær så senkar roen seg og eg får fred (ja berre prøv sjølv, det er sant!)
Men akk, eg har som sagt ei veeeldig aktiv trultemor her to steg bak.... og når mor hadde plukka spannet fullt og berre nett måtte snu seg vekk (inn å hente jakke) i mindre enn eit halvt minutt. Ja, så skjer dette:


Eg hadde sjølvsagt plassert spannet oppå ein mur i (trudde eg) god avstand til små bornehender...Men når eg kom ut att, stod den vetla trulto der og smilte over heile fjeset, med raud trutmunn og ein herleg latter! Ho hadde velta heile spannet og hadde hender og munn fulle av raude sure bær!...Ein kan jo ikkje verta sint heller....

For det er verkeleg freistande når ein ser på den fine fargen....

Når me fyrst snakkar om bær, så har eg vore så heldig å fått tak i 4 kasser jordbær i år! Jippi! Eg trudde nesten me måtte klare oss utan, for eg har høyrt det var sånn mangel på jordbær i år.... Men neidå, innimellom maling (og desperat rydding i ei kaotisk stova...), og ekstremvakthald på vetlatrulto....så har eg sylta alle jordbæra! Eg kokar aldri bæra, eg berre rører dei. Reinskar, deler i to og blandar i sukker og litt frysepulver, og rører i veg til sukkeret er oppløyst.

Mi oppskrift på ca 2 kg bær:

300g sukker

1/2 pose Certo frysepulver

Og her i huset får denne sylta verkeleg bein å gå på gjennom heile den kalde vinteren...



Kirsebæra (eller det som er att...hihi) ligg trygt i frysen, dei ventar eg med til eg har plukka litt andre bær òg. Så når eg har tid ein gong før jul brukar eg å lage saft...

Ja, ingen kan vel seie at eg ikkje er ei skikkeleg husmor!! Hihi..(synes eg høyrer latter ein stad...hmmmm)

Ha ein fin dag!

Hageselskap...

Håpar ikkje storasysto har noko i mot at eg legg ut litt inspirerande bilete frå hageselskapet i helga...?? Alltid lika kjekt å koma til dei! Takkar for kjempegod mat og ein koseleg kveld og morgon i hagen!
Søtsaker på pinne....
Punsj til store og små...
Gode salatar...
...med noko meir søtt til slutt! Herleg!

Her i heimen går det saaakte på fram... Men stova er snart ferdig malt (jippi!), bilete kjem snart....men golvet har me ikkje byrja på... Ting tar tid... min arbeidsomme mann arbeidar laaange dagar for tida, slik at me berre har nokre få kveldstimar til rådigheit...

Og ettersom eg har ei frykteleg aktiv og nyskjerrig lita "trulta" gåande to steg bak meg heile dagen, så får eg ikkje mykje gjort utan at ho søv....

Men no er det jordbæra som ventar...4 kasser med herlige jordbær skal bli til sylta!!

Ha ein fin dag!

fredag, juli 11, 2008

Tusen takk Lille meg for denne awarden!! Det er utruleg kjekt å få ei påminning om at det faktisk er nokon der ute....(?) Rart å sitje slik i sitt eige hus og plutseleg "kjenna" litt av livet til andre på heilt andre kantar av både landet og kanskje til og med verda! Eg er vel ikkje åleine om å synes at internett er ei fantastisk oppfinning!!? (Brukt med fornuft, vel og merka....)


Her hjå oss er det travle sommardagar! Stova er ikkje klar enno, og bilete lyt difor venta...men me driv på (sjølv om eg er ei utolmodig sjel går det ikkje fortare enn det gjer....det er visst viktig at ting og tang tørkar(!)).

Men medan eg ventar på det har eg mi fulle hyre i å hindre vetlajento i å eta reint kirsebærtreet i hagen! For ikkje å snakke om ripsen! Den busken er allereide tom...No var den veldig liten då, men akk, den jenta let seg ikkje stoppa av litt vêl sure bær! Ho knaskar i veg på alt ho finn på bakken, og strekker seg alt ho klarar for å prøve å nå tak i ein sur fristelse.... Og då går alt ned, både stein og bær...huff og huff for ei mor eg er...Men eg har altså prøvd å plukke reint dei nederste greinene...Skal prøva å finna nokre andre søte bær utan stein ho kan knaske på....

På bilete over kan de skimta ei lita linselus... Eg har for tida flytta ned frå den vanlege uteplassen, og parkert både eit bord og stolar rundt kirsebærtreet (for å halda vakt)...hihi...

Men eg driv med litt andre syslar i varmen òg...No må eg be svigerinna i Oslo om å halda for augene, eller klikka seg fort vidare til neste blogg...hihi...


...JA! Eg har mala den gamle kjøkenbenken (eg fekk eigentleg ikkje lov...!)! Eg må berre tilstå...den har stått i garasjen min i minst 7 år(!), Og no ville eg bruka den til noko fornuftig...så medan alt tørkar inni stova, så mala eg denne kjøkenbenken. Den har stått i det gamle kjøkenet til bestemora til min kjære mann...Og er laga av bestefaren eller onkelen (dei lærde strides om kven....?)

Men fin er den iallefall....eg tok vare på litt av den spesielle raude fargen på innsida av dørene...inni skapa malte eg med turkis farge, synes det vart ein fin kombinasjon...

Den har no altså fått hedersplassen i hagehytta vår! Og den passa utruleg godt inn!! Eg vart så kjempeglad!
Den har ein fin gammal oppvaskkumme nedfelt i benkeplata... Men i hytta har me foreløpig ikkje vatn...men kanskje ein dag??

Til helga vert det litt oppussingspause hjå oss, me skal i hageselskap til storasysto! Og håpar, krysser fingrar og tær for litt sol!! Nett no regnar det nemleg her...

Eg er utruleg glad for alle dei koselege kommentarane eg har fått!! Tusen takk alle saman!! Ha ei fin helg alle som kikkar innom!

tysdag, juli 08, 2008

Kaos hjå oss!

Ja, her råder det komplette kaos for tida! Synes eg skuldar ei lita forklaring etter forrige innlegg... Det har seg nemleg slik at me flytta inn i dette huset for 7 år sidan (trur eg...hmmm?) Og då skulle me pusse opp medan me budde her. Det gjekk som det måtte går, det vart lettvinte løysingar og maaange liter med maling for å dekke det aller meste (som blant anna var burgunder og gult....gulp).



Deriblant var tapeten som dekkar det meste av stova, den var tjukk som eit golvteppe, det gjekk iallefall 4 strøk før den var nokolunde... Men som de ser av bilete under så vart den ruglete og skikkeleg farleg å koma borti! Såg nesten ut som upussa mur...Den har til og med skifta farge (nyansar av kvitt) eit par gonger etter det. Men no var den i fargen "luft", som er ørlite vaniljeaktig..(ser veeeldig gulatig ut på bilete, som er teke i dårleg lys...). Men sidan eg skal legga nesten heilt kvitt golv i stova, så ville eg ha heilt kvite veggar! Og DÅ MÅTTE tapeten vekk! Som sagt så gjort! Men eigentleg ville mannen i huset at me berre skulle fjerne alle plater og alt, slik at me la nye plater og mala dei. Men eg meinte at det måtte no vera (billegare?) enklare å berre fjerna tapeten og så mala platene under...??
...jodå, det var ikkje såååå vanskeleg, men det tok litt tid...




Og slik ser det altså ut.... når tapeten var fjerna låg det eit lag med papir att...det måtte mora sjøl skrape vekk...(med god hjelp frå min snille gode mann!)
Og slik såg det ut under tapeten...det ser kanskje ut som me har mala stova?? Neidå, eg tru ikkje eg ville valgt desse fargane...(?) Men kanskje ikkje så ulikt trenden i dag rundt omkring i dei norske heimar??
Dette var berre ein liten stemningsrapport frå kaoset....men snart er det klart for maling! Jippi!...

Måtte nett slenga med eit av dei nyyydeleg markjordbæra me plukka på tur på søndag...fins ikkje noko betre enn markjordbær! Ha ein fin kveld vidare!

søndag, juli 06, 2008

Ei helg er over....

Etter ei kjempekjekk helg med besøk i hagehytta, seine kveldar ute i hagen med vin og god mat. Og ikkje minst med sol og varme....ser det omtrent slik ut ute hjå oss no...: (men dette bilete er teke på veg heim frå Osloturen vår..) Eit forrykande regnvêr med vind! Skulle ikkje tru det gjekk an....
Då er det godt å koma inn til mitt kjære ny-oppussa kontor som har blitt så fint og lyst...

Men for all del, me er IKKJE ferdige med oppussinga vår enno... Og i kveld var me langt frå å byrje på noko som helst, heilt til eg fekk tak i ein flik av tapeten...Ja, så enkelt kan det gjerast jenter! Berre ta ein flik av tapeten og røsk til! Så byrjar du berre nett litt til og litt til... tilslutt har mannen i Noralill-huset kome seg på beina og byrja han òg! Så når kvelden no kjem har me rive ned all (den grusomme) tapeten i stova og plukka ned eitt tonn med bøker frå bokhyllene og flytta rundt i heile stova og vips er me i gang! I morgon vert det å blautgjera heile veggane og skrape av den siste papirbakgrunnen på tapeten (det som heng att på veggen). Høyres det kjekt ut!? Det er kanskje den verst jobben, men snart snart kan eg male og snart snart er golvet på plass...!! Eg gler meg så veldig at eg trur ikkje eg treng å sova...kan berre riva litt til....( og for meg kan det berre regne nokre dagar til..hihi)

Takkar masse for fine kommentarar på forrige innlegg! Eg spurde fint eldstejenta om det var greit at eg fortalde litt om ho på bloggen min...Og det var visst heilt iorden...Me har faktisk pussa opp rommet hennar òg innimellom alt! Eg har så masse eg må vise bilete av no at eg veit ikkje når eg skal få tid...tjihi...Men det er jo dette som er kjekt!

Men no skal eg i seng...natti natt!
Klem