laurdag, august 30, 2008

Lampeutfordring....

Eg fekk ei utfordring for ei tid sidan av Den gode feen. Etter å ha tenkt litt så svarar eg no på den: vis fram favoritt-lampen din og fortel historia bak... Og ettersom eg ikkje har så veeeldig mange store flotte lampar i huset mitt, så må eg berre vise fram den eg likar best av dei eg har...


Det går mest i IKEA -lampar hjå meg...(brannfarlig?...neidå...). Eg bur som sagt i eit hus bygd i 1968 (trur eg...). Men tida tek som regel over og slettar alle spor frå den gong...men EIN ting heng att i huset vårt, og det er eg veldig glad for...Det er nemleg lampekuplane! (det er lampe det òg sant??)
Eller det er dessverre berre TO att av dei opprinnelege... og det er dei eg viser i dag...Dei ber nok preg av litt maligsflekker og diverse...men eg synes faktisk dei er ganske fine! Den øvste her heng på det store soverommet (som storasyster har okkupert...) Den nedanfor her heng i gangen vår...



Eg synes lampekuplar kunne fått sin renessanse og blitt populære igjen!! Halloooo....IKEA...lag nokre fine lampekuplar!...HIHI...(som om dei høyrer meg...HAHA...). Historia bak desse lampane(kuplane) skulle eg ønske dei kunne fortalt sjølv...(tjhi) for det veit eg ikkje...Men dei følgde altså med huset når me kjøpte det for ca 10 år sidan...og eg håpar dei får fylje oss framover leeenge enno...

Ja det var altså mine fine lampar... No skal eg etter regelen utfordre TRE til, som kan vise sine lampar...og det var så overkommeleg at det gjer eg. Eg har lyst å sjå favorittlampen til:

Eit hus i ein dal

Blomster i hagen

Blåbærpai

Håpar de tek utfordringa! Ha ein fin dag!

tysdag, august 26, 2008

Lys idè!

Eg veit det er sikkert maaange som har kome på dette før meg...men eg har enno ikkje sett nokon her inne i bloggverda...hmmm. Men etter ein tur på IKEA for ei stund sidan kom eg heim med ei svart pute av denne typen: (litt støvete allereide...) Tanken var ein idè frå stora-systere mi, om å klippe inn hjørnene på denne puta og gjere den rund! Men om eg gjer det, må eg sy att hola for hand...og eg er ikkje av den utruleg tolmodige typen, eg ville igrunnen ordne denne puta i ein fart! Og difor klippte eg aldri av hjørnene, eg lot den vera som den var, og fant ein gamal hekleduk som bestemor mi hekla til meg for leeenge sidan, men som på grunn av affeksjonsverdien aldri vil kunne kastast...(eg kunne sjølvsagt bruke duken som den er...hmm) Men eg hadde altså denne lyse ideen om å tråkle den fast til denne puta (som eigentleg skulle blitt rund..hihi), men synes ikkje det gjer noko at den er firkanta ei stund til, i påvente av at tolmodigheita skal vekse seg sterkare...tjihi.


Eg sydde ein stor svart knapp i midten for å liksom gjere inntrykk av at den er litt "rund"...Sy-entusiastar her i bloggverda må ikkje få panikk av å sjå dei "flotte" tråklestinga eg har laga...dei skal nemleg vera slik! (ikkje det at eg klarar å gjere dei anleis...hihi, men ein MÅ berre begynne å stå for det ein gjer...)



Puta vart ikkje så verst den...(på avstand tjihi)....Iallefall ein veldig enkel måte å gjere ei kjedeleg pute til ei personleg pute, med masse affeksjonsverdi....!



Berre ein liten sommarfugl på veggen... Snart er det haust, og me ser dei ikkje før til neste år....

PS eg kjem tilbake snart, for eg har fått ein liten lampe-utfordring av Den gode feen...men den må eg tenke litt på fyrst...hihi

Ha ein fin fin dag alle saman!!

fredag, august 22, 2008

Synes eg trengde eit lite innslag av gult no! I den tru at gult gjev inspirasjon og ny giv! Endeleg er det helg!! Denne veka har vore uendeleg laaang synes eg...er det ikkje slik av og til, at enkelte veker berre ALDRI tek slutt.... Eg skal vel passa meg for å syta for mykje, for me har det jo ganske bra, tross alt! Men eg nemnde at eg byrja i ny jobb, sant? (Eg er på same arbeidsplassen altså...) Men jobbstart var måndag...og fyrste dag med full barnehagedag for vetlatrulto. Alt vel så lang... men onsdags morgon vakna vetlatrulto med høøg feber! Og det har ho hatt i 3 heile dagar!! Og eg lovar at det IKKJE er kjekt når mor har fyrste veka i ny jobb.... Sjølvsagt måtte far ta fri...
Dei to har kosa seg heima, medan eg har tvinga meg til å gå frå dei kvar morgon...ei lita med blanke auger og raudsmussa kinn... Nei det er ikkje enkelt å vera småbornsmamma att...
Men endeleg i dag ser det ut til at feberen er på veg ned...phu! Men då var det denne barnehagen att....etter såå mange dagar vekke rett etter oppstart..korleis skal dette gå?? Men det MÅ jo berre gå bra... Nei, det er ikkje berre eitt å tenke på! MEN no er det helg og då skal me berre kosa oss!!
Og som de ser av bileta så har mor sjølv vore på handel (ikkje akkurat denne veka då...) og kjøpt seg noko ho kan glede seg over kvar dag i maaaange år...(håpar eg..?) EI heilt splitter ny jobb-veske! Når eg såg denne berre MÅTTE eg kjøpe ho, det er ekte skinn og eg synes fôret inni var knall-fint! Og veska sjølvsagt.... passar ypperleg til alt, til og med plass til PC oppi den...(!) Og som de ser så er ikkje veska tom sjølv om det er helg...hmmm


Me me som har born på hybel veit å skulde på dei når me har lyst å lage noko godt på fredagen...hihi. Det er fast innslag kvar fredag..kva skal eg lage til guten i dag skal tru?? Jo det vart lappar...nam... (men guten sjølv har det altfor travelt til å ete dei...men det har ikkje eg...!)
Ha ei superfin helg! Eg gler meg stort over alle dei utruleg koselege kommentarane eg har fått!! Det varmar!! Men no skal eg kose meg med lappar og nykokt kaffi....

tysdag, august 19, 2008

Fridag...

På vår interiørhandlerunde tidlegare i august, fekk eg òg med meg denne flotte oppslagstavla frå Rice. Den er kjøpt på Frekhaug (søren,eg hugsar ikkje namnet på butikken!)...men dei hadde mykje Rice-produkt og veldig mykje anna fint der inne! Så om du kan så ta ein tur til Frekhaug...

Men sjølvsagt tenkte eg, som kanskje du gjer òg?? At ei slik kan eg jo LAGE sjølv!? Og ja eg trur faktisk det går...det er ei metallplate kledd i stoff, med magnetar kledd i stoff dei òg.. Høyres enkelt ut...hmmmm

For tida har ho plass i stova (du ser den litt i bakgrunnen her...) og den er altfor fin til å henge nokre stygge lappar på...hihi...så eg må finne nokre fine bilete eller kort kanskje....Og vetlasyster har fått seg ein liten rosa skammel frå IKEA... den er framleis litt høg og ho kjem seg ikkje nedatt om me lyfter ho oppå...tjihi. Så no er det riktig sukkersøtt i stova vår ei lita stund...

Skulen har byrja her òg, så hybelguten har reist på hybel att og storasyster tek fatt på 9.klasse. Det er rart å ha så store born...men eg har heldigvis ei lita trulte som framleis vil kose med mamma og vera heime ein dag i veka...det er luksus!

Ha ein strålande dag alle som kikkar inn!!

torsdag, august 14, 2008

På plass i ny jobb...


Jadå, eg har nye puter å sitja på i heimen (kjøpt på Indiska..), men dei vert ikkje utslitt med det fyrste. Her er me i full gang med barnehagetilvenning og jobbstart. Me har vore gjennom eit par tøffe dagar (for meg...hmmm) i barnehagen, der vetlajento ser ut til å klare overgangen greit...det er jo flott då... men godt det finnes tilvenning, eg trur den er meint for meg...tjihi. No høyres eg ut som ei skikkeleg hønemor, og det stemmer nok....




Kakeboksane på hylla må nok stå tomme ei stund til, eg har iallefall ikkje tid å bake småkaker...Den eine er ny (eller ny-gammal..?), og kjem frå ein veldig koseleg butikk i nærleiken av Frekhaug...Farmors Hus...

Men eg har faktisk baka skillingsbollar, det gjorde eg i går, for eldstemann bad så fint om ikkje eg kunne lage noko godt...Og eg er ikkje sein å be, som den kakemons eg er så elskar eg varme skillingsbollar......vart ikkje bilete av dei, for guten (og mor) åt nesten alle medan dei var varme...mmm Sånn kan det gå her i huset, men det var kjekt så lenge det varte...

Over til endå meir kjekt!! Sjå kva eg har fått av Fjellrosa!!! Heilt utruleg kjekt å få ei sånn utmerking av ei som faktisk har vore på lanseringsfesten til IKEA!!(misunneleg...hihi) Tusen tusen takk for den!! Den varma skikkeleg....

Eg håpar alle bloggvenner der ute klarar å halde hovudet over vatnet (bokstavleg talt...det pøsar alvorleg ned her ute hjå meg....!) Og at sola snart skin på ALLE kjekke damer (og menn??hmmm)....Ha ei fin kommande helg!!!

måndag, august 11, 2008

Eg fant, eg fant...!

Ja, sjå kva eg fant på Fretex i Åsane! Eg vart kjempeglad då den stod der og venta på meg... Gyngestol er noko eg alltid har hatt lyst på, bestemora mi hadde ein stor svart med svære meier (det et det heiter sant??) på...denne var i lakka tre. Eg vart dessverre så ivrig at eg gløymt å ta noko før bilete... Men slik kan det gå, tjihi.

Eg lurt ei stund om eg skulle male den kvit...Det hadde jo passa godt inn i mi ljose stove, men det vert litt meir spenning over interiøret når det kjem slike kraftige kontrastar inn...(trur eg...)
No står den der og prøver seg fram litt her og der i stova...ikkje riktig funne sin plass enno...
Med eller utan pute...?


Eg er så heldig å ha to systre som òg er sånn litt over gjennomsnittet interessert i interiør. Difor tok me ein tur ilag, utan mann og born...på ei lita rundreise til diverse interiørbutikkar (+Fretex, sjølvsagt...) rundt Bergen. Og det var herleg å berre bruka GOD tid inne på slike butikkar! Det vert jo slik at ein skundar seg om ein veit at nokon ventar...(sjølv om dei seier: Berre ta det med ro...!)Hihi. Eg handla litt forskjellig anna òg, men det får koma i eit anna innlegg...

Det var nokon som i det forrige innlegget lika den lys blå ljosestaken som står på bordet, den er kjøpt på Patina...(ligg i lenke til høgre...)Og den fine duken på forrige innlegg, er ei gardin kjøpt på salg (50,-) på Kremmerhuset...

No er det snart middag her! Ha ein fin dag vidare, og tusen tusen takk for kjekke kommentarar!!

laurdag, august 09, 2008

Blomar



Reinfann
Ryllik

Hei! Skal det vera ei lita blomehelsing??...Jodå eg likar å ta inn blomar og spre dei over heile huset no om sommaren. Som oftast tek eg dei frå hagen (som nederst), men etter utallige trilleturar no i sommar så finn eg så utruleg mykje fint i grøftekanten òg... (blomar altså...tjihi)

Den gule fargebomba er Reinfann som faktisk er ei gamal medisinplante som vart brukt mellom anna mot innvollsorm (!), gulsott og fordøyingsproblem...men den kan òg føre til forgifting av gravide og med det abort...fordi den inneheld så mykje av giftstoffet thujon. Den har til og med desinfiserande eigenskapar og vart blant anna hengt opp for å beskytte mot fluger og insekt...Ja det var dagens undervisning...hihi. Eg har eingong i tida laga eit herbarium...(eller noko i den dur..)og litt kunnskap heng vel kanskje att...(pittelitt iallefall...)

Ryllik er veldig fint òg synes eg...(trur den vart kokt og brukt mot blærekatarr...eller noko slikt?) Men nok om det, det er i grunnen heilt fantastisk at alle desse plantane veks utanfor husa våre og me tråkkar forbi dei kvar dag...(eg gjer iallefall det då...)

Plukk med deg ein bukett du òg!! Ha ei fin helg alle!!

torsdag, august 07, 2008

Blåbærtur...

Det er vel ikkje noko hemmelegheit at eg likar bær! ... då helst som syltetøy. Men for å få bær må ein nødvendigvis plukke dei òg... Og etter at eg fekk låna meg ein bæremeis gjekk det faktisk ann å gå på blåbærtur med vetla-trollet...

Det vil seie når ho ikkje ville gå sjølv...


Me hadde heldigvis med oss ein kamerat til: Blåbærplukkaren! Det er ei smart oppfinning! Om nokon har prøvd å plukka blåbær med berre hendene så veit (spes. den utolmodige) at det tek frykteleg laaang tid å fylle eit lite spann... Men med bærplukkaren går det utruleg mykje fortare! Og godt er det, for å vera på blåbærtur med ein eittåring er kanskje eitt år for tidleg...ho ville gå sjølv, men snubla i alle tuer og steinar...havna i litt blåbærlyng og sette seg til å eta... Då fekk jo mor plukka litt...Men ho lika seg i bæremeisen òg, og på ryggen var ho jo trygg, men frykteleg tung! Men me ser på det som mosjon og eg stod med bøygde knær og hadde små knebøy framfor kvar ei blåbærtua...(phu!)
Men så utruleg kjekt å kome heim med så masse herlege bær!
Det tok omtrent like lang tid å renske dei som å plukke dei...men men noko skal ein jo drive på med...To kilo vart det på oss! Nett passeleg for å ta ein tur til seinare...

Og rørte blåbær er nydeleg på nybaka rundstykker.....

Men når eg byrja sjå enden på syltetøy i denne omgang, kom svigerfar inn døra med ei heil kasse med fantastisk flotte bringebær!! Dette vil ingen ende ta... Vetla-trollet sat akkurat med kvedsmaten og når ho fekk auga på desse flotte bæra kasta ho skjeva i golvet....
Det vart bringbær på fat til kveldsmat....
Og mor måtte røre endå meir bær...Men det er jo kjekt då! Så fekk me litt meir sylta...namm...
Lovar at no er det slutt på bærbilder....(trur eg)

Ha ein fin dag!

laurdag, august 02, 2008

Feriekupp...

Det vart jo sjølvsagt litt handling i ferien òg...





Og på ein brukthandel dukka dette fatet frå Stavanger Flint opp, til 15 kr! Synes det er knallfint, og trur bestemt at det er verd meir enn det...Men absolutt ikkje difor eg kjøpte det... Likar godt fargane...

Etter utallige turar blant anna til sjukehus med eldstejenta så visste eg at toalettveska mi er og blir for liten...dette har eg aksptert ganske stilletiande i mange år (faktisk), men NO såg eg den ultimate toalettveska som var riktig så stor og god...Då måtte eg berre kjøpe den! Og endeleg har eg plass til ALLE saken mine...Før måtte alltid noko av toalettsaken ligge fint ved sida av toaletteveska i kofferten...Ein TRENG faktisk GOD plass når ein som meg er linsebrukar...(blant mykje anna dill sjølvsagt..hihi)