søndag, september 28, 2008

Kva gjer eg på....?

Jodå eg er her... Har som regel ein plan for kvar helg. Mykje å gjera, som regel (eller mykje eg/me skulle ha gjort...hihi). Men EIN ting som mannen i huset trua med å gjera i helga var å av-ise fryseboksen...han fekk ikkje lov..(uffdå så streng eg er...) For den er altfor full! Så no skriv noralill middagslister utifrå kva me har i frysen...og då kan det hende det vert innbaka fisk på ein tysdag og fiskekaker (frosne??) på ein onsdag...For skal me tømma frysen (og av-ise den) MÅ me ETA opp mykje av det som er der...(ikkje alt sjølvsagt...!! Ein anna ting som ligg og tek plass er alle dei herlege kirsebæra eg plukka i sommar...hmmm Så eg måtte fint finne fram saftkokaren (minst ein månad før tida....meinar eg...) og sette i gang å lage saft...heldigvis har eg ei svigermor som er slutta å lage saft, slik at eg meir eller mindre har fått låne saftkokaren hennar på åremål...


Men det er faktisk utruleg enkelt å lage saft! No hadde eg nesten berre kirsebær, men for å bruka litt andre bær òg så putta eg oppi ei korg med jordbær og ei med bringebær...tjihi...kanskje det vert ein liten aroma på smaken...? Saftkokaren står på omtrent heile dagen, den går av seg sjølv, og det som kjem ut kokar eg opp med sukker...ja, då berre smakar eg det til, slik at det smakar som uutblanda saft...omtrent...Og om eg er heldig vert den IKKJE til gele...(det kan skje om du har for mykje sukker oppi...) Men denne gongen var eg heldig og safta vart kjempegod om eg skal seie det sjølv!!
Kan nett vise eit lite glimt av ein duk eg kjøpte på Fretex (saman med skapet på kjøkkenet...). Synes gult er kult...!
No skal eg slappe av med eit glass saft i den vesle gyngestolen min! Og nyte freden (når vetlatrulte søv) i eit nokolunde reint hus...


Gler meg til neste helg, for då skal eg på loppis!! Jippi!! IKKJE ofte eg får tid til det...

Håpar alle der ute har hatt ei gjevandes helg!! Ha ein fin sundag iallefall!!

Tjohei!!

tysdag, september 23, 2008

10 000....

Ja då runda teljaren min heile 10 000 besøkande!!! Utruleg!! Ikkje veit eg om dei er unike eller om det berre er eg som har klikka meg inn såååå mange gonger...haha! Men samma kan det vera, kjekt er det uansett!! Tusen tusen takk alle som kikkar innom!!
Litt nyplukka nyper til alle dykk!! Det er forresten ein fin erstatning for andre blomar... står veldig lenge og pyntar fint opp...
Nemnde i forrige innlegg at eg var ein tur på Fretex...Og her er eit anna funn:


Likte veldig godt fargane på dette fatet... det er frå Norsk fajansefabrikk...(heiter det det??) Trur det var det som stod under...Passar veldig fint på kjøkkenet, og er no i bruk kvar dag til brødskiver under frokosten.


Eg og trultemor er heime og nyt fridagen min i dag, og den skal brukast til å rydde i kjellaren, vaske klede, støvsuge, handle...osv... Herleg med ein fridag!! HAHA....

...men litt kos får me jo tid til innimellom då...tjihi...

Heilt til slutt tek eg med ein utfordring eg har fått frå Lille meg...


1. Hvilken mat eter du ofte?

Brød med ost og syltetøy (kvar einaste dag til frokost)

2. Når du er i selskap, er du den personen som sitter, eller hjelper du til?

Kjem litt ann på kvar eg er, og om eg er kjent i huset... men som oftast går eg vel helst i vegen...til eg blir beden om å sette meg ned..hihi

3. Hvor sitter du helst når du blogger?

På kontoret i 2.etasje...

4. Kjøper du ofte skrapelodd?

Aldri! Men eg drøymer stadig om det store gevinsten...hmmm...den skal truleg berre dette ned i hovudet på meg...hoho...

5. Hvilket land eller by har vært din beste ferie?

Eg er desverre ikkje så utruleg bereist, og turane med familien er alltid dei kjekkaste, men eg MÅ nok svare New York, der var eg på jentetur i 2002...utruleg fasinerande by!! Vil tilbake...

6. Hvliken TV- kanal ser du mest på?

Hipp som happ...er dessverre dei store ungdomane her i huset som bestem kva som skal surre og gå på skjermen...Men prøver å få med meg TV2 på tysdagkveld...hihi...

Ha ein strålande dag alleihop!!

søndag, september 21, 2008

Kva stil er dette då?? Mitt vesle kjøkken....

Eg har vore inne på Norske interiørbloggar og kikka...der står det at me snart må til å definera stilen vår slik at me havnar i rett bloggrulle...hmmm Men kva stil har eg då?? Trur ikkje eg veit det heilt sjølv i allefall...Difor går eg til det drastiske steg å vise vårt kjøkken! Kva stil er dette(sjå vekk frå oppvaskfilla som ligg på vasken....hihi)?? Eg har alltid vore fasinert av gamle kjøkken, og når me flytta inn her for omtrent 10 (?) år sidan, så vart eg utruleg glad då eg såg at nokre av dei originale kjøkkenskapa var på kjøkkenet framleis! Eg ELSKAR nemleg skyvedørsskap på kjøkken!! Og veggskapet under og over her er originalt frå huset vart bygd og fungerar utmerket den dag i dag...Det går heilt i taket og er utruleg rommeleg...


Men oppvaskbenken kjem i frå naboen... dei skulle kvitte seg med den og den er frå omtrent same periode som overskapa mine...difor passa den perfekt inn hjå meg. Me heiv ut den "nye" benken frå 80-90-talet og sette inn denne (etter litt måling og flikking), den har skikkeleg rommeleg oppvaskkumme og ein utruleg praktisk utslagsvask! Eg skjønar ikkje korleis nokon klarar seg med desse bittesmå moderne kummane...??
Som de ser av bileta er ikkje kjøkkenet mitt av dei svære og store, men med sine 6m2 er det akkurat så stort at når me sit ved kjøkkenbordet kan me samtidig rydde inn og ut maten av kjøleskåpet og faktisk rydde av bordet medan me sit der...hihi. Dei bygde faktisk veldig praktiske hus på 60-talet...tjhi...Overskåpet de ser ovanfor komfyren er frå den same naboen...og igjen flaks for meg så passa det perfekt inn!!
Og då er me kome fram til dagens loppefunn...eller den er kjøpt på Fretex, men passa på mitt kjøkken...Og sidan eg alltid har det (kjempe)travelt med å få ting eg har kjøpt på plass, så rakk eg ikkje ta noko "før-bilete", før heile skåpet var vaska/skurt og kome på plass...haha...
No har eg endeleg EI skuffe til på kjøkkenet!! Jippi!! Tenk at eg kunne leve med berre EI skuffe på kjøkkenet!! NO har eg iallefall TO...hohohihi...

Eg har nok lyst å skifte knottane på skapet, men enn så lenge så klarar me oss...Men Kva skal me kalle denne stilen då?? Ruske-saman-rask-stilen?? Bruke-berre-brukt-stilen, eller Berre-gamalt-stilen kanskje?? Eller ikkje så veldig gamalt heller akkurat... Nei sanneleg om eg veit... Shabby-er det nok, men chic?? Nei, neppe...(sjølv om eg likar det...)

Eg fant eit par ting til på Fretex, men dei får eg vise ein anna dag...hihi

Og no kom sola inn vindauge til meg...då skal eg UT!! Ha ein fin sundag alle!!!

onsdag, september 17, 2008

Å arve er kjekt!

Misunner alltid alle dei som arvar ein heil masse fint...Eg har ikkje så mykje arv å skryte av, men ein ting er eg veldig glad for at mine foreldre ikkje kasta eller kvitta seg med på anna vis. Og det er senga eg låg i som liten...

Den er måla for 17 år sidan så kvitfargen er ikkje den same lenger (har ein mistanke om at kvitt gulnar litt med åra...senga er behørleg vaska altså...). Når eg låg i den var fargen lys lilla..(!) Det hadde jo vore fint den dag i dag...Men men...

Den fyrst som fekk æra av å ligge i den etter meg, var nemleg eldstemann her i huset, så tre år etter kom eldstejenta vår då arva ho senga...begge brukte berre denne fram til dei fekk "vanleg" seng...(ikkje samtidig altså..hihi) Ofte blir folk forundra over at eg ikkje har brukt sprinkelseng...men eg lovar det går heilt fint utan...dei dett som oftast berre utav EIN gong...uffdå...det høyres fælt ut...Men det eg vil fram til er at alle har overlevd til no, og NO er det vetlatrultemor (mistemor) som har arva senga etter mor si....
Og no har altså eg laga "himmel" på senga, av ei (to) IKEA-gardin og ein krok i taket med litt klyper og ringar i...(fort og gale...tjihi). Så no søv vetla trollet til mor og far så søtt i den "nye" senga si...sengetøy er arva etter mi stora syster sine ungar...sikkert eit loppefunn...tjihi men eg likar det veldig godt!

Så når me fyrst er i sving her heime skjer det gjerne fleire ting på ein gong...i ein ryddesjau kom eg over ein tapetrull eg kjøpte på Åhlèns for ei tid sidan...og når eg finn noko eg har gløymt så står eg alltid å studerar på kva eg kan gjere med den...hmmm tapetisere...?? Nei det var for drastisk, eg hadde jo sett middagen på kok og all ting... måtte vera noko enklare...Og vips:

Eg tok ei stripe med tapet og hengde den fast med tegnestift...(ja du las rett...) og så vart det plutseleg eit litt annleis inntrykk i gangen. Og eg fekk "ramma" inn bileta av dei søte små (og store)...
Tapeten har faktisk litt gull i seg...vart ikkje så verst...men eg trur ikkje eg ville hatt den i heile huset...

Alltid kjekt når ein får litt inspirasjon til å fornye litt rundtomkring...

Ha ein fortsatt fin fin kveld!! No skal eg ned i sofakroken...hihi...

laurdag, september 13, 2008

Epleland...

Me er så heldige å bu midt i "epleland", og i år er det spesielt merkbart! Det er nemleg eit utruleg epleår i år!! Det lavar ned kor du går! Når me går dei vante turane våre, så ser eg tre som eg trudde berre var tre (fordi eg aldri har sett eple på dei...), no står dei der med greinene stappfulle av stoooore freistande epler!! (skulle teke bilete av det...hmmm....) Og me som det einaste huset i mils omkrets IKKJE har epletre i hagen.... må gjera noko med det kjenner eg....MÅ jo berre gå på epleslang...(ved offentlege leikeplassar og ved heilt avfolka hus, sjølvsagt...) Når eg i tillegg har ei lita jente her i huset som ikkje kan tenkje seg noko betre enn eit saftig eple...kan ikkje trea på vår veg få stå urørte (dessverre)...Me har faktisk stooore problem med å kome oss forbi fruktdisken på butikken...(ho gaular etter "namnam..." som jo då er eple...!) Og me kan jo ikkje kjøpa eple kvar einaste dag, for me har jo....hihi....

Men kva MÅ me berre gjera med desse eplene her i epleland?! Jo me må jo lage ei eplekake! Og eg som elskar kake..og iallefall varm eplekake med kaffi og krem!!




Men kva tru de vetlatrollet finn på når mor stullar og steller og bakar kake...?? Jodå..:

Når mor gløymer seg vekk og lagar kake...tek bilete og gler seg til å smake...då står vetla trultemor å grisar ut heile seg, altanen, bord, stolar og alt!! Ho fekk sjølvsagt tak i ei blomapotte full av vatn og jord (hmmm....og litt pelargonia...) Dette var heeerleg....!
Det er ikkje ei overdriving at ho såg ut som ein skikkeleg arbeidskar etterpå...! Men ho er såpass fisefin at skit på fingrane ikkje er så godt, så alt vart behørleg turka på gensar, jakke og meg etterpå!!

Jadå, sånn kan det gå...men kaka var god den! Etter at me begge vart reine og fine att...! Ha ei fin fin helg alle saman!! Og tuuusen takk for alle kjekke kommentarar!!!


Her er oppskrifta:


125g mjukt smør


150g brunt sukker


2 egg


250g mjøl


3ts bakepulver


1-2ts vaniljesukker


2ss appelsinsaft

og sjølvsagt ca 500g epler i bitar


Rør sukker og smør til det er lyst og luftig. Visp inn to egg, sikt det tørre inn, bland i appelsinsaft, og del epla i passe store bitar og bland inni røra. h alt i ei passe stor springform. Og til slutt hakkar du mandlar og strør over saman med kanel og perlesukker! Steik kaka på 170 grader i ca 1 time... Nam...

Håpar det smakar!




søndag, september 07, 2008

Ein stol, ein bloggar verdig...


Ja her sit eg å bloggar, medan haugen av reineklede/skitneklede og jobbpapir ligg strødd ..hihi..

Neidå så gale er det ikkje! Men av og til kjennes det slik! Me veit vel alle korleis livet kan innhente oss og med dagar der det faktisk ikkje er rom for avslapping .....livet er ikkje berre blogging! Heller ikkje hjå meg, eg MÅ ta alle haugar med klær (som har ein forbausande evne til å aldri ta slutt (!!)) før dei veks meg over hovudet...

Men NO er det reint og fint og klart for ei ny veke med (stress?) jobb, skule og barnehage...


Eg prøver faktisk å ha eit liv eg kan leve med...hihi (den var djup..) Eg meinar eg VIL ikkje stresse og kave, difor har eg klokka på 06.00...jadå, betre å stå litt tidleg opp og kunne nyte ein god frokost, enn å sluke maten ståande....(eg elskar frokost nemleg...)


Men eg er vel ikkje ein utprega morgonfugl...(ikkje snakk til meg før eg har minst to skiver innabords....), men etter det er eg blid....

Stolen ovanfor er frå kontoret, kjøpt på IKEA...herleg og god! Blomane er frå hagen...og no blømer faktisk alle rosene veldig fint! Kjempekjekt å ta inn til kvar helg...så står dei fine nesten heile veka...til helga kjem att...

Ynskjer alle som er innom ei fin ny veke!! Pust roleg og et frokost! (tjihi...)

tysdag, september 02, 2008

Noko eg ikkje kan...

Eg ser at her i bloggverda er eg langt frå åleine i å drive med ting eg ikkje kan...For me er maange som både snikrar, skrur og byggjer alle mogelege saker og ting... utan eigentleg heilt vite kva me gjer..(eller??) Og no vil eg fortelje om noko EG IKKJE KAN...
Kanskje du får ein Idè av bileta?? Jodå, det er nemleg ein konfirmant her i huset til våren (!), det er ikkje fyrste mann ut, men det er fyrste jente. Og på desse kantar er det vanleg at jenta stiller i bygda sin flotte bunad på den store dagen...Og sjølvsagt kjem ikkje det HEILT av seg sjølv...hmmm. Nokon må stå bak og faktisk skaffe alt som trengs, og det er ikkje lite! Men veldig dyrt! Her snakkar me om bestemødre på alle kantar som er i sving for å både sy, og ordne (kjøpe) det som trengs...(i god tid på førehand sjølvsagt....)
Og det er her eg kjem inn i bilete. For eg hugsar såvidt ei jul for leeenge sidan, då heile konfirmasjonen låg som ei skodde langt der inne i framtida... DÅ lova eg at å sy bringklut og belte til bunaden DET kunne vel eg klare sjølv!(?) Følte jo eg måtte bidra med noko eg òg som trass alt er mora...Og som synes sjølv det er stas å bere ein bunad som eg veit både mor og bestemor har bidrege til...difor ville eg jo sjølvsagt ha det slik for mi dotter òg....
Så no er eg altså komen opp i den situasjonene at eg sit her og gjer noko eg absolutt ikkje kan! Eg hadde mor mi ned ein tur for å vise meg til å kome igang, og ho skulle hjelpe sa ho, men då me kom til fyrste problemet så sa ho: "Nei dette veit eg ikkje, eg kan ikkje dette, eg har aldri gjort dette før...!" Så der sat eg....(hjelp)
Og etter maaange tårer, nål i fingeren og mysing på dårleg mønster i dårleg ljos (for ikkje å snakke om alt som eg har teke oppatt og oppatt...), så er eg altså komen såå langt!! Og no TRUR eg eg veit korleis me gjer det!! Jippi! Så til alle damer der ute som trur dei ikkje kan noko: JODÅ, du KAN ALT berre du vil!!!

Sjølv om tolmodigheita ikkje er av dei som kan strekkjast og strekkjast, så veit eg når eg må stoppe og finne på noko anna..(før eg klipper sund alt eg har laga...tjihi)..eg har trass alt tida heilt til våren! Så mitt mål no er ei eller to striper litt sånn innimellom...hihi...