tysdag, oktober 28, 2008

Litt haustsyslar...

Her for ei tid sidan så ville eg prøve ut noko eg ikkje har gjort før. Etter å ha lese om mange bl.a Den gode feen, Haust og fleire med dei...som bestiller stoff frå USA, ville eg prøve å gjere det samme. Det finnes utruleg mange flotte nettbutikkar å velje mellom, og Haust har blant anna ei linkliste over nokre av dei...eg anbefalar dykk alle å sjekke dei ut!

Mitt valg falt på ein av dei meir rimelege nemleg: Fat quarter shop . Enklast er det om ein handlar for under 200,-kr, så kjem det nemleg som vanleg brev... Dette gjekk utruleg fort! Og før eg visste ordet av det så låg stoffet i postkassa mi...eg betalte som vanleg over nett, utan problem...Utruleg kjekt!! Men det viste seg at eg har (som ofte før) bestillt stoff litt sånn utan å tenkje kva eg skulle bruke det til...


Men her ein kveld så sat eg i kikka på den vesle dukke-vogga som eldstejenta vår fekk når ho var lita...den er no i full bruk for vetlatrultemor, men den trengde sårt litt stell...Eg får nemleg ikkje lov å male den...(det forstår eg godt, altså...) Eldstejenta har fått den laga spesielt til ho, og namnet hennar er svidd inn i endegavlane...

Og som de ser så laga eg altså ei dyne og pute til dokka og vogga...av dette stoffet frå det store utlandet! Synes ikkje det vart så aller verst...i og med at eg ikkje er så utruleg god med symaskina (difor vert det ingen nærbilete av sauman osv)...hihi...

Men eg trur dokka får det riktig godt i det nye utstyret! Og vetlatrulto ho vart superglad! Og tok til å pakke dokkene sine nedi vogga og breie på dei både dyne og pute!
Jadå..kjekt når ein finn noko lurt å bruke litt av det ein har til..! Eg er veeeeldig flink til å kjøpe stoff som eg IKKJE brukar, nemleg..! No må eg berre tenke ut noko lurt å bruke resten til...hmmm var ikkje akkurat samstemte i fargane heller....
Men til då....ha ein fin dag alle saman!!
Og eg set utruleg stor pris på dei skikkeleg koselege kommentarane eg har fått i det siste!! Tusen takk!!

laurdag, oktober 25, 2008

Tudelidu...


Eg må seie eg beundrar alle dykk utruleg flinke bloggarar der ute som klarar å halde bloggen oppdatert sånn i løpet av eit par dagar...!! Det er faktisk hardt arbeid å styre med ein blogg! Ikkje det at eg sit her og klagar og syt..neidå, for det er jo kjekt! Men kva i all verda skal eg skrive om når eg ikkje har noko nytt spennande å vise?? Synes mange kjekke bloggdamer er så flinke til å finne spennande saker på nett og vise fram...skulle ønske at eg var like oppfinnsam...
Så difor tek eg meg den friheit å hermar litt etter alle dykk....hihi...Har ei samling inspirerande bilete lagra på maskina mi eg...(problemet vert berre at då veit eg ikkje kor dei kjem ifrå...hmmm)
Eg veit ikkje kva som gjer at eg vert så inspirert av mønster?? fargar?? og samansetninga av dette...Og til og med KAKER kan inspirera meg....!
Likar spesielt godt slike fargerike bilde-motasjar av natur tre og dyr...



Babushka kjem me vel ikkje utanom....? Dei er berre utruleg fine uansett fargar ...og kor eg ser dei....
Eg trur (og håpar...) bileta ovanfor er henta frå Flicr.com, Lily and tulip og print and pattern (det er iallefall der eg hentar mest.....)
Ha ein fortreffeleg laurdag! No kom det iallefall eit innlegg frå meg!
Så håpar eg inspirasjonen til å gjera noko kreativt på heimefronten no kjem sigande...etter alle bileta...

Hade på bade...

søndag, oktober 19, 2008

Ein hage i oktober...

Å vera ute no på denne tid av året er heilt herleg synes eg! Og jo meir det regnar jo betre er det!! Eg kler på både meg og vetlatrulto godt med regnklede og støvlar, me skal ikkje verken frysa eller bli våte...berre utanpå... Så plaskar me i veg! Synes det er heilt nydeleg å vera tørr innerst med kliss klass ytterst!

I dag rydda me vekk hagemøblar og blomapotter...jadå eg veit eg er litt seint ute, men det har liksom ikkje regna så frykteleg i det siste, og då utsett ein å rydda veit du...

Og forrige helg var me ikkje heime, men i ein kjekk 60-års dag! Difor skulle denne helga gå med til litt rydding og ordning på heimebane...


Eg har faktisk roser i blomst enno eg...kvar einaste helg sidan i sommar har eg jamnt å trutt plukka med meg flotte bukettar inn!
Eitt år hadde eg roser til langt ut i november! Og det var desse raude som er nederst på bilete...men spør meg ikkje kva dei heiter...dei var her då me kjøpte huset...Men no kan igrunnen berre snøen koma synes eg...Det er alltids litt kjekkare med snø enn regn... iallefall når det byrjar å mørkne, då lyser snøen så fint opp synes eg...


Desse solstrålane er blant dei siste me har på huset, rundt 20. oktober...i morgo?? Når ikkje sola lenger huset vårt...det er for store fjell...men eg synes det er greit, for då slepp eg sjå på dei skitne vindauga mine..hihi...(vaskar dei sjølvsagt til jul...trur eg...) Treng kanskje ikkje seie at vindusvask er det verste eg veit...!?Håpar alle har fått nett ei slik helg som dei ynskjer seg! Eg har kosa meg iallefall...no må eg jobbe litt før morgondagen....

Snakkast snart...

(PS og til den kjekke dama som for ei stund sidan ynskte seg bilete av kjøleskap med tapet...er det for seint, for den er allereide teke ned...eller rive av, har eit lite troll her...skjønar du...men det forstår du nok...hihi..)

laurdag, oktober 18, 2008

Matkultur - tur...

Heilt innerst i fjorden skjer det saker og ting i helga...



Det er observert både kjende og ukjende fjes rundt omkring, og sjølvaste Ingrid Espelid har vore her og prata... I år tok me turen på matkulturfestival! Det var utruleg mykje folk og utruleg mykje god mat... Og medan vetlatrollet sov så fekk mammo og pappen eta og smaka og kjøpa litt her og der...Anbefalar alle å ta turen hit, det varer heile helga! Eg gløymde sjølvsagt kameraet...(typisk)Men etter mykje mat så MÅ me ut å gå! Då passar det bra at vetlatrollet likar å spasera og plaska i regnet!

Ha ein fin laurdag alle som er innom!


tysdag, oktober 14, 2008

Lopper i bruk....

No kan de jo få sjå at eg faktisk brukar alle loppene eg dreg i hus...hihi...her er bordet og stolane til vetlatrulto. Dei er flittig i bruk kvar dag, ho dreg rundt på stolane og flyttar på bordet heile tida...skal tru kven ho har arva denne "flyttegalskapen" av...??


Desse zink-skålene vart òg med meg heim, men av frykt for at dei kanskje er gamle bekken (til å tisse i)?? uff og nei... så står dei foreløpig ute...Tenkte eg kunne pynte litt på trappa med dei til jul...hmmm Med litt kongler, mose og slikt oppi... men akkurat no ligg det steinar i, rett og slett for at dei ikkje skal blesa avgarde...(hausten er komen hjå meg...)

Her er òg ei loppe i bruk, eg fant nemleg ei gammal ramme...den er litt stor og litt shabby hihi, men det likar eg...No har eg sett inni ein bit tapet (som eg fekk av den snille store-systra mi!! Tusen takk!!). Så har eg klippt ut to fuglar i eit gåvepapir...same som på boksen i forrige innlegg... Skal få vera slik ei stund, så får eg sjå om eg kjem på noko anna lurt å ha i ramma seinare...

Og frå det eine til det andre...haha...NO gledar eg meg slik til jul!! Hausten har for alvor sete seg fast hjå oss og marsipanen er komen i butikkane, sjølv her inne i avkroken av Noreg...hihi...Eg synes berre det er kjekt eg...Kanskje eg ikkje skulle sagt det, men EG synes ikkje jula byrjar for tidleg! Halve gleda er jo å gleda seg...ikkje sant?? Og jo lenger ein vert minna på om at jula ikkje er langt unna, jo lenger kan eg glede meg..tjhi..!!

No ynskjer eg meg ei flott julebok eg kan krype ned i sofaen saman med...Kanskje det er nokon der ute som har eit godt tips til ei bok med gode, lure og smarte idear til jul?? På tide å byrja å førebu seg veit du....

Ha ein herleg haust der du er!! Og nyt den i fulle drag...! Men marispan kan du vente med å kjøpe til desember...berre sjå på den...og nyt!

So long!!

torsdag, oktober 09, 2008

Fleire gode kjøp...

Det vil ingen ende ta denne lopperunden min...

Eg fekk med meg nokre fine og (luktfrie) reine glas på loppis òg..., såg knapt ut til å vera brukt...eitt norgesglass og to mindre med slik fin "klipse-lås" som eg likar så godt...(ikkje sjå på gryteklutane bak som heng slik på !/2 8...hihi).

Desse har no fått plass på kjøkkenet mitt og er (etter grundig vask sjølvsagt) oppfylte med havregryn, sukker, mandlar og ris.... Dei to store krukkene er nye, den eine frå IKEA og den andre frå ein liten landhandel i nærleiken her... No fekk er frigjort ein heil masse plass i matskapet mitt...jippi!

Synes denne mugga var knallfin! Inga overrasking at eg falt for fargane...mmm

Mugga kjem ikkje frå sjølve loppemarknaden men frå ein (litt sliten) herremann som stod ved ein bil og solgte litt ulike saker og ting...brukte sjølvsagt...

Så må eg jo visa desse herlege ljosestakane...for tida utan ljos, men fine likavel...Dei kjem frå loppemarkaden...(no må det vel snart ta slutt eller??)


Ja, eg viser ikkje fleire loppefunn i dag, eg blir jo litt flau når eg dreg fram det eine føre og det andre etter i innlegg på innlegg...hmmm Men er det ikkje dette me likar då?? Eg gjer iallefall....

På det siste bilete viser eg nokre papp-boksar eg har kledd med litt fint gåvepapir frå denne butikken...

Til slutt i dag må eg berre seie:

Tusen takk for alle kjekke kommentarar!! Love you all...!!

Ha ei herleg helg i vente!! Eg skal i bursdag!! Jippi!!

tysdag, oktober 07, 2008

Fleire loppefunn...

Det er jo litt rart å vera på loppemarknad og då... Sidan det ikkje skjer meg så ofta, så veit eg liksom ikkje heilt korleis eg skal oppføra meg...Eg ser berre at folk kjem, stiller seg i kø, brettar ut plastposar og (ermene) gjer seg klar...eg vert no litt nervøs av slikt...hihi Eg hadde ikkje tenkt på plastposar? og kva skulle eg med det??
Når eg omsider kom innanfor døra (som ein av dei fyrste faktisk...) så forstod eg at her måtte eg tenkje fort om det skulle bli handel... lettare panisk kjenner eg at heile køen passerar meg når eg såvidt stoppar ved eit av borda....(hjelp) Så finn eg noko..men eg finn meir...ååå ja det var difor eg skulle hatt plastposar...haha...NO veit eg det...


Men etter ei stund i kaoset så finn eg ei lita korg som eg kan bære tinga mine i...heldigvis...Men køen og folka bevegar seg fort, og det er om å gjera å IKKJE følje køen....det fant eg fort ut...men prøv å finn ein stad folk ikkje har kome til enno... Men heldigvis så er smaken som baken...og ofte er det vanskeleg å skilje ut godbitane blant alt (unnskyld meg) rasket...for heilt ærleg så er det mykje boss på eit loppmarknad òg...


Men boss for meg er gull for andre...og omvendt sjølvsagt...Og som de ser ovanfor her så fant eg noko meir eg synes var fint...Den posen på øvste bilete synes eg var så sjarmerande med dei gule hekla blomane! Den skal få ein fin plass og noko lurt oppi...har ikkje heilt bestemt meg kva eller kvar enno.. Og to kjempefine dukar! Den turkise synes eg var knallfin! Med sine bittesmå gule detaljar... og ein anna duk som var mer enkel og nøytral...


Blant endå meir (som eg skal vise seinare...) så fant eg denne tapetrullen...hihi...kjenner meg litt sprø når eg kjøper slikt...men den kan brukast til mykje rart...for augneblinken testar eg den ut på kjøleskåpet...haha...berre for å vera litt "galen"... den er berre tapet fast med tape så den går lett av att...(passa ikkje heilt der...men men) kan bruke den til å lage kort...eller noko anna spennande...hmmm Synes den var fin og oransje...

Det kjem snart fleire loppefunn...må berre vaska og ordne dei litt fyrst...hoho..

So long! Og tusen tusen takk for alle hyggjelege kommentarar på forrige innlegg!! Eg vert superglad når nokon likar det eg likar....hihi....

Ha ein strålandes dag!!

søndag, oktober 05, 2008

Loppisliv...

Denne helga fekk eg endeleg gå på loppemarknad! Jippi! Eg har gledd meg heilt sidan forrige helg..det er kanskje ikkje så stort for mange detta, men eg er nemleg ikkje så heldig å bu slik til at det er lett å gå på loppis (det er ikkje nokon i område...merkeleg..) Men no var det min tur...
Herleg! Det er heilt topp når ein endar opp med faktisk å finne noko... Ovafor her er nokre dyr til vetlatrulto..litt impulsar frå Afrika må til...


Eit herleg dyr til å dra etter seg...synes at denne var så fin...


Og no må alle med "nips-fobi" lukke att augene...for eg enda faktisk opp med ikkje berre EIN men TO ulike nips-figurar av hjort/rådyr....Synes desse er utruleg fine (faktisk)!! Minner meg om alle desse fine trykka som finnes på ulike stoff ute i den store verda... litt nostalgi kanskje...? Tjhi...Ikkje veit eg kvifor eg plutseleg har fått slik ein hang til hjort...(har ein knagg med hjortehovud òg...) Men dei har iallefall fått plass i stova....no manglar eg berre horn på veggen...(kanskje eg skal spørje naboen?? han går visst på jakt...?? Hmmmm.....)

Blant andre ting og tang som eg skal visa i eit anna innlegg fant eg dette utruleg søte bordet med stolar:
Det er litt malingflekkar på det, men pytt, eg pussar litt og flikkar så blir det bra... Trur faktisk ikkje eg skal male det! Det skal få vera raudt (ei stund iallefall)...det var så søtt med fine små blomar på sete og bord...Og vetlatrulto vart utruleg glad! Ho sette seg på stolen og hadde kveldsmaten på bordet (etter at det var vaska og skurt, sjølvsagt...) og var så kry atte... og når eg seinare på kvelden skulle flytte eine stolen, så trudde ho visst eg skulle ta den frå ho, og ho var rasande sint, og klamra seg til stolen!! Men heldigvis for ho (og meg) så er det hennar til odel og eige...Jippi!

Dei andre funna skal eg vise i eit anna innlegg...

Ha ein flott sundag!!

fredag, oktober 03, 2008

Ein kjempekjekk butikk!!

Dette er: Patina

Eg har lenge hatt lyst til å tipse dykk alle om denne kjekke butikken! No har eg nett vore der sjølv og gjort nokre gode kupp..hihi..(som eg skal vise seinare...)
Dei har både nettbutikk og "vanleg butikk"...eller vanleg og vanleg...dei serverer alltid kake og kaffi til alle som kjem innom...sjølv om du ikkje kjøper noko..(kjekt!) Den er driven av to kjekke damer som etter det eg veit alltid er blide...(den eine er faktisk systre mi...tjihi). Av erfaring veit eg at ein vert full av inspirasjon etter eit besøk der... Dei sel både gamalt og nytt og heimeprodusert...og alt er nøye utvalgt av damer med god smak!




Så eg håpar mange vil kikke innom...nettbutikken ...Om du vil besøke dei i levande live så har dei ope kvar torsdag og fredag 12.00 - 17.00 Og butikken ligg på Evanger litt utanfor Voss og ein time frå Bergen...

Ha ein fin fredagskveld vidare...eg er snart tilbake med nye innlegg ettersom inspirasjonen er på topp...! HAHA;....