Hmmm...Nam, det skulle vel vera kjekkare om det vart eit litt meir spennande bilete... Eg svarar på utfordringa frå Sine sin om å finne mi 6. mappe og ta ut det 6. bilete og vise det på bloggen. Dette røper vel både min hang til søtsaker og at eg tek bilde av det òg, ha ha.... Bilete er frå i sommar på vår tur til Stavanger og Sola strand. Når eg ser bileta vert eg reint i sommarhumør... Eg sender utfordringa vidare til den som vil ta den! Kjekt var det å grave seg fram og sjå kva for eit bilete som "vant"..
torsdag, januar 29, 2009
Det sjette bilde frå den sjette mappa...
Hmmm...Nam, det skulle vel vera kjekkare om det vart eit litt meir spennande bilete... Eg svarar på utfordringa frå Sine sin om å finne mi 6. mappe og ta ut det 6. bilete og vise det på bloggen. Dette røper vel både min hang til søtsaker og at eg tek bilde av det òg, ha ha.... Bilete er frå i sommar på vår tur til Stavanger og Sola strand. Når eg ser bileta vert eg reint i sommarhumør... Eg sender utfordringa vidare til den som vil ta den! Kjekt var det å grave seg fram og sjå kva for eit bilete som "vant"..
tysdag, januar 27, 2009
Tirsdag...
Og ikkje minst å ete havregraut med mjølk på, saman med ei lita trultemor på føremiddagen.
Ha ein fin dag alle der ute!!
søndag, januar 25, 2009
Difor gjekk det ikkje å ta bilete der i dag.
Me nyt freden i dag! Så håpar eg at meir inspirasjon til nye interiørsprosjekt berre skal strøyme på i veka som kjem...hihi...
God søndag!
fredag, januar 23, 2009
Hei og hopp som dagane fyk...
Synes det er møte og møte og møte...dugnad og telefonar heile døgnet for tida...(uff det var mykje klaging...) Reknar med det sit nokon der ute og synes eg er temmeleg priviligert som likevel finn tid til å blogge...? Hihii...jadå litt morro må me jo ha...

I dag hadde eg ikkje anna å bidra med, enn litt gulaktige bilete frå gangen....inn mot kjøkkenet. Og så vetla trultemor med nye støvelettar då...ut på tur...Ho var så kry atte... Ville eigentleg berre seie god helg til alle gamle og nye bloggvenner der ute!!
NO skal eg slappe av og kanskje får eg teke tak i malerkosten i løpet av helga...
Kan hende eg rekk å ta litt friske bilete i dagsljos òg....
søndag, januar 18, 2009
Ein dag måtte eg avgårde å leite etter dei, for dei vart så seine...Dei hadde fortalt sånn omtrent kvar dei var, og at dei hadde det sååå fint i hytta si, dei hadde møblar og all ting...Eg tok det med ei klype salt (hihi)...
Men då eg kom opp i denne hytta, som viste seg å vera under ein enorm steinheller (!). var det både bøtter (av sink) og møblar der inne...for å gjera historia kort, ungane måtte flytte hytta si til ein tryggar stad, og mor fekk to "nye" flotte stolar!
Det høyres ut som eg har stjelt desse stolane...hmmm det trur eg ikkje, for ungane hadde funne dei der oppe i ura under andre steinar, saman med ein heil masse rusk. Eg reknar med at nokon har kasta dei der...
Det høyrer med til historia at eg sjølvsagt måtte utforske denne ura litt nærare...og fant 6 spisestovestolar til...men dei ligg der enno, under ein svær stein saman med litt gamle traktor-restar...eg tør ikkje hente dei under der.
Eg føler det som eg har redda desse flotte stolane frå den sikre møbel-død...om regnet og fukten hadde teke skikkeleg tak hadde dei ikkje vore til meir...
...snipp snapp snute...
Dei gjer iallefall nytten sin i dag! Solid gammalt handtverk er det...
onsdag, januar 14, 2009
Ei ny veke er igang før eg får tenkt meg om. Helga hjå oss har vore hektisk, med 40-årsdag og 15-årsdag i eitt. Det gjekk igrunnen fint, med selskap både på dagtid og kveldstid. Det er rart med det, ein treng ikkje kave så mykje om ein berre planlegg godt (det er iallefall min filosofi). Og eg er og blir eit liste-menneske, eg skriv laaange lister over ALT! Me har til dagleg middagsliste, men når det nærmar seg selskap eller andre større arrangementer, så blir det handlelister, gjere-lister, vaske-lister og kven-gjer-kva-lister...
For ikkje å snakke om kva-som-er-gjort-lister...med avkryssing...hihi..Jadå men det hjelper på nattesøvnen. Eg ligg ikkje vaken og lurar på om eg har hugsa alt...
Mykje god mat har det vore denne helga og no lyt me roe oss ned att. Tilbake til havregraut og knekkebrød...Håpar på litt inspirasjon...
måndag, januar 12, 2009
Litt nytt i stova...
Og ikkje minst så hadde dei plass til alle bøkene me har hatt lagra i kjellaren sidan i sommar! Me har visst fleire bøker og kunne nok byggja på litt allereide, men det får vente litt.
Kjekt med litt nytt i stova....
Tenkte eg snart skulle vise maleprosjektet mitt i kjellartrappa, men før-bileta er så grusomt stygge...at eg må vente til eg er HEILT ferdig slik at eg får nokre skikkeleg fine etter-bilete..hihi..(så var det dette med dagsljoset då....hmmm)
fredag, januar 09, 2009
Helgefred...
Ja, endeleg kan helgefreden senka seg i Noralill-heimen! Eg nemnde i forrige innlegg at storesyster og pappen reiste til Oslo på mandag, dei er no heldigvis heime att! Alt vèl med begge to... Men eg må jo seie at etter denne veka som åleinemor, har eg vunne ny respekt for alle åleinemødre der ute! For med nesten full jobb (jadå eg veit eg har ein kjærkommen fridag...) og ei turbo-jente på 1 1/2 år i heimen så kan det bli ganske travelt!
Bileta i dag ber litt preg av ei som ikkje heilt veit kva ho skal fotografere...tjhi...manglar litt motiv om dagen. Så bileta er litt rundt i stova...PS juletreet som skimtast på veggen bak med sofaen er forresten vekke no...Kjekt så lenge det varte...
tysdag, januar 06, 2009
Ein liten ansiktsløft...
Eg kjende eg trengde ein liten oppfrisking her inne...difor har eg no etter (mykje strev) endeleg fått meg ny logo øvst og litt anna bakgrunnsfarge...ikkje mykje, men nok...(for no)
Jula er borte vekk hjå meg, og i år rakk eg ikkje verta skikkeleg lei jula. Synes det var litt vemodig å ta ned ljosa i vindauga og ikkje minst saknar eg ljoset frå treet i stova....men men Me får håpa det kjem jol igjen til neste år! Eg og vetlemor er åleine heime i nokre dagar, storesyster og pappa er reist til Oslo. Der skal storasyster på sin vanlege kontroll på Rikshospitalet....ho har ein alvorleg immunsvikt-sjukdom som treng å passast nøye på. Ikkje så veldig kjekt å starte året slik for ho, men ho har heldigvis ei tante og eit søskenbarn i Oslo (hei!) som det er veldig kjekt å besøke i samme slengen...og ikkje minst så trur eg ho fekk nokre pengar til jul....som sikkert får bein å gå på der borte...
Me saknar pappen, systo og storebroren her heime...Storebror er reist på hybelen att og eit nytt halvår på skule tek til...I natt så vakna vetlatrulto med eit skrik etter pappa...Ho er slik ei pappajente! Ho skal berre ligge i armkroken hans om natta (om ho vaknar)...og no var det berre meg her...uff og nei..stakkar...(tjihi)
For å gløyme det tomme huset ei stund så måtte me ut i snøen i føremiddag! Utruleg kor det lava ned med snø! Kjempekjekt! Me drog rundt på akebrett, og fant oss ein bakke å skri i...eller mor måtte dra akebrettet nedover...litt for masse laus snø...
For å gløyme det tomme huset ei stund så måtte me ut i snøen i føremiddag! Utruleg kor det lava ned med snø! Kjempekjekt! Me drog rundt på akebrett, og fant oss ein bakke å skri i...eller mor måtte dra akebrettet nedover...litt for masse laus snø...

Jammen er det fint når det er så kvitt ute! Me kosa oss leenge ute i dag og vart gode og raude i kjakane...så bar det inn til litt mat, før me måtte ut å trilla på sovetur...Hektisk men supert med ein fridag i veka!laurdag, januar 03, 2009
Kjekt å vera liten....
Ellers prøver eg å halda jolatreet ein dag til i heimen, før eg ryddar det vekk i morgo tenkjer eg...det er jo kjekt å ha jule inne til ein vert skikkeleg lei, og nålene dryss overalt (hihi)! Vinteren er jo laang enno...
Men eg er veldig glad i vinteren eg! Iallefall etter at eg kjøpte meg telemark-ski (med plaststøvlar...!) til 30-årsdagen min...No gler eg meg som ein unge til å prøve dei igjen..!
Men det vert nok ikkje denne helga, for eg har begynt å måle meg nedover i kjellartrappa...1.strøk er allereide ferdig! Jippi!
Ha ei fin fin helg alle som kikkar inn!
torsdag, januar 01, 2009
Ein liten kavalkade...
Om det ikkje akkurat er ein års-kavalkade så er det etter inspirasjon frå andre bloggar sine årskavalkadar...eg no viser litt bilete frå tida som har gått...
Dette bilete er heilt frå byrjinga av mi blogging...eg byrja i 2006, men var ikkje særleg ivrig, og hadde enno ikkje funne så mange andre bloggarar... Dette er gamle-gode-sofaen vår...det finnes ikkje betre sofa i heile verda...hihi..(no er den pensjonert og står i hagehytta vår...)
Desse tøflene fekk eg hekledilla på ei stund, trur eg hekla 5 par...og det er bra til å vera meg! Til og med mannen i huset fekk seg eit par...men dei er gode, eg brukte desse så seint som no i jula...
Men den største endringa her i huset er nok golvet i heile 1.etasje! Legg merke til "før-bilete" ovanfor her...sjekk endringa i lyset på bileta...heilt utruleg kor mykje betre ljos det vart med nytt kvitt golv!
Men for all del, bileta kunne vore mykje betre om eg hadde eit betre kamera....sukk...eg slit fortsatt med mitt heilt ordinære kompaktkamera av typen ...Canon Ixus50...og det egnar seg kun for foto i fullt dagsljos!
Vart visst ikkje rare kavalkaden her...men eg fekk plutseleg besøk av ei ultra-hyper-aktiv jente som visst treng litt oppmerksomhet...Håpar på eit betre foto-år og fleire nye prosjekt her i huset, blant anna håpar eg på tilbygg og utbetra vaskekjellar og kontor i kjellaren....me får sjå kva som skjer i 2009 :)
Kva er ditt ynskje for det nye interiøråret??
