Men det er jo bra for meg då, iallefall at nokon gjev det vekk til ein brukthandel... Eg beundrar alt arbeidet i alle dei små fine blomane...Takk til kven det no var som gjorde det. Synes fargane var så fine på dette putetrekket, spesielt den grønne fargen, eg kjenner at eg likar grønt for tida...
måndag, april 27, 2009
"Ny" pute..
Men det er jo bra for meg då, iallefall at nokon gjev det vekk til ein brukthandel... Eg beundrar alt arbeidet i alle dei små fine blomane...Takk til kven det no var som gjorde det. Synes fargane var så fine på dette putetrekket, spesielt den grønne fargen, eg kjenner at eg likar grønt for tida...
tysdag, april 21, 2009
Uteliv med nye støvlar...
PS Støvlane er kjøpt på Englebarn i Sandvika... Men no er det tid for å gå ut i sola...
søndag, april 19, 2009
Er det ikkje utruleg kor mykje fint som finnes til ungar i dag?? Såå mange fine leiker, som faktisk er kjekke å ha ståande framme. Innanfor ramma av fine leiker, må eg seie at det nyaste tilkomne her i huset går under den kategorien... Vetlatrulto har lenge gått i panneskapet mitt for å finne pannar å "koka" med. I ein periode no har det gått i "mamma, koka, koka" heile dagen (som betyr at no vil ho koke litt middag...hehe). Ikkje snakk om noko kjønnsroller her hjå oss, vetlajento har nok ein medfødt eigenskap mor i huset manglar...Koka er kjekt! Kva skal ei mor gjera?! Jo eg måtte jo kjøpe utstyr så ho kunne koke litt middag ho òg... Den vesle komfyren med to pannar, egg og steikespade samt brødristar med to skiver fant eg på Sprell i Sandvika...Dei har nettbutikk òg. Elles håpar eg alle har hatt ei strålande helg, eg har nytta høve til å blottlegge blåkvite legger...og ynskje sola velkommen på altanen. Herleg!
fredag, april 17, 2009

Kva gjer ein når tida går frå ein...? Jodå heldigvis finnes det eit lite arkiv å hente bilete frå. Med fare for at eg gjentek meg sjølv for ofte no...viser eg atter eingong våren i fjor... Men det er jo no eg ser at våren var litt tidlegare i fjor, faktisk...desse bilete er teke 22. april i fjor. Desse blomane er ikkje kome like langt enno i år...(er det ikkje fantastisk med digitalkamera?? No VEIT me jo når bileta er tekne!)
Men den er jo nydeleg då, våren i fjor altså! Og minst lika fin er den i år òg! Det er berre det at eg har enno ikkje hatt tid til å nyte den...men eg håpar helga skal bringe med seg late gode dagar/timar....Og ikkje minst ei oppdatering av biletarkivet.... Men til då, ha ei knallfin helg alle mann!! Så håpar eg på ein bloggrunde ganske snart...
søndag, april 12, 2009
Bruktfunn!
Håpar alle har ei knallfin påskehelg! Snart er det jobb igjen...eg må tjuvstarte litt allereide i dag...
Tudeluu....
onsdag, april 08, 2009
Årets påsketur...
tysdag, april 07, 2009
Invitasjonar...
Og det håpar eg du gjer òg!
fredag, april 03, 2009
Endeleg påskefri!!
Eg skal ikkje leggja skjul på at det er herleg å endeleg ha fri! Etter 14 dagar med altfor masse jobbing, for mange møter og altfor mykje som skjer utanom + for lite søvn...Skal det bli herlig med litt avkobling. Me har planar om ein tur på hytta til svigers, og håpar me kjem oss opp allereide i morgon.
Men heimen er langt frå påskevaska eller påskeklar på noko anna vis, men pytt det blir jo påske uansett...
Ut frå bileta kunne eg lure heile bloggverda til å tru at eg har alt på stell, og det litt tidleg til og med...Men neidå, desse bileta er frå i forrige påske...men pynten har eg faktisk bevart. Det er jo strengt tatt berre å plukka seg nokre nye busker og henga pynten på plass att...(hihi)
Men det er kjekt å sjå at alt var på stell i fjor iallefall... I morgo skal eldsteguten ha heimeåleinepåskefest....og foreldra reiser på hytta. Det er jo eit klassisk eksempel på korleis ein IKKJE skal oppdra tenåringane sine...men men...me får alarmera svigers og alle naboane be dei ta ein overrraskande tur innom...Så kryssar me fingrane for at ungdom i idrettsmiljøet er LITT betre enn andre...(haha) Ynskje alle ei riktig fin helg!! Håpar på oppdateringar litt kjappare no framover...