laurdag, juni 27, 2009
fredag, juni 26, 2009
Utekjøkken...
Kjem snart att!
måndag, juni 22, 2009
Sommar!
Det aller beste med sommaren er at me kan hauste inn så uttømmelege mengder med pynt! Her er årets fyrste hageroser komen i vase, og på ein liten rusletur fant eg dei nydelege prestekragane... Sommaren er berre råflott og raus...
Håpar alle har hatt ei fin helg, me har kava på med dugnaden vår. Og hybelguten har endeleg kome heim til mor og far...saman med eit digert lass av arbeid for vaskemaskina...sukk... Men jammen så kom sola med guten og difor har me eit strålande vaske-og-tørkevêr. Kryssar fingrane for at det held seg ei god stund til....
Ha ei flott veke!
fredag, juni 19, 2009
Eit nydeleg lite teppe...
Og (om me ser vekk frå den visna blomen rett i bakgrunnen) så kom dette kortet med pakka...sjølvsagt ikkje tilfeldig at fargane var sååå fine, og passa perfekt til innhaldet i pakka... Her har me nett hatt avslutningar i fleng...barnehage, skule, jobb osv...NO er det ferie og me skal berre nyta dagane litt før alle mine prosjekt kjem i sving... Neidå eg har ikkje gløymt dugnaden i helga, me er allereide i gang...Me håpar helga blir vellukka for arrangørane og at alle møter på dugnadsvaktene sine. God helg til alle der ute!! PS For dei som lurte kvar dukkeserviset frå forrige innlegg var kjøpt, så kjem det frå ein heilt vanleg Brio-butikk. Lett å få tak i med andre ord...
onsdag, juni 17, 2009
Ein kaffikopp i graset...
måndag, juni 15, 2009
Ein "uinvitert" gjest...
Til og med eigen krakk føl med... Men kva gjer ei stakkar pedagogisk mor når det brått i stova står ein uventa gjest?? Jodå ho lar han bli...for eldstejenta har lova på tru og æra at ho skal læra å spela julesongar til mor...(til jul..haha) Men den viktigaste motivasjonen var nok at eldstejenta hadde byrja å gå til pianotimar...(men er det det same som orgeltimar??). Me får sjå kor lenge gjesten får bli, eg byrjar faktisk å like han.... Ha ein super tysdag!
fredag, juni 12, 2009
Synes det var kjekt at helga byrja så bra! Men eg er lei for at eg ikkje held det eg lovar...skulle vise fine bilete av gåver vetlatrulto fekk til 2-årsdagen sin...men det får kome i neste innlegg...Eg har rett og slett ikkje hatt tid. Synd at ein alltid skal ha det så travelt... Men grunnen til travelheita er vel helst at storesyster har vore vekkreist på arbeidsveke (arbeider på sjukeheim saman med bestemor), mannen i huset arbeidar laaange dagar og rekk kun seie "god natt..." og "hade..." om dagen. Så me gler oss til laaang sommarferie her hjå oss no snart!
Berre synd eg ikkje tek meg betre tid til å pynte litt før eg fotograferar...men men..slik er det...
Eg benyttar sjansen til å seie tuuusen takk for alle superkjekke kommentarar i det siste!! Utruleg kjekt (og skummelt...) at nokon gidd å besøke meg her inne!! Eg tek meg ein bloggrunde i helga tenker eg... Gler meg til morgondagen... då blir det Vossatur og besøk hjå bestemor/mammo.. Ha ei kjempefin helg!
tysdag, juni 09, 2009
2-årsdag...
Familien møtte trufast opp for å feire dagen saman med oss, kjekt! Heldigvis har me ei hagehytte der me kan ha all mat innandørs, det er jo fint både om det er for mykje sol eller om det skulle koma regn.
Ho fekk masse fint til bursdagen, og noko av det skal eg knipse til neste innlegg...No må eg jobbe litt att...
Kjem snart att..
Kjem snart att..
laurdag, juni 06, 2009
Ein flott dag...
Fyrst i dag vil eg berre seie tuuusen takk til Fru Pink som er den som har æra av at bloggnamnet mitt kom i VG på fredag!! Eg fekk tak i eit eksemplar av avisa i dag, og jammen...der stod det noralill...Det må jo berre nytast. Det var nok mine 15 minuttar (eller var det 5?) av berømmelse det...! Og etter noko slikt så fortjener ein jo å slange seg litt i sola, eller..?
Akkurat det har eg gjort, for me har hatt, ein knallfin dag i dag! Slik såg det ut frå mitt perspektiv... liggande på graset med kaffikopp og solskinn, og det gjorde ikkje dagen verre at eg låg på den fine GreenGate soveposen til vetlatrultemor....

Eg hadde faktisk god utsikt til den nymåla garasjen vår... men den er ikkje heilt ferdig enno, så berre ein smugkikk i dag...
Men for all del, med eit lite småtroll i hus og ikkje minst to skikkeleg stooore troll så ligg ikkje mor så veeeldig lenge i graset om gongen...Før ho må hente, bringe, køyre eller lage noko.
Og som de ser så ligg det fine presangar å ventar på ei viss lita trulte i morgo. Ho har rett nok bursdag på mandag, men då vert det heller fering i barnehagen. I morgo vert det familieselskap i hagen (håpar vêret held seg....), med kake rosa is og rosa pakke...Det var ordre frå 2-åringen. Og mor måtte jo ordne med rosa pakka kan du veta... Og spør du kor gammal ho blir svarar ho konsekvent;" te årrr" (altså TRE år ikkje to...) Ikkje veit eg, men det må jo vera barnehagen som har forvirra ho slik..haha... Resten av kvelden har eg baka kake og ordna litt rundt omkring...håpar eg kan ta nokre fine bilete i morgo...men no er det natti...
Eg hadde faktisk god utsikt til den nymåla garasjen vår... men den er ikkje heilt ferdig enno, så berre ein smugkikk i dag...
Tuuusen takk for alle kjekke kommentarar i det siste, forresten!!
måndag, juni 01, 2009
Me er forresten halvferdige med malinga av garasjen, så bilete må vel kome på plass i neste innlegg kanskje...håpar det blir bra...siste bilete er frå nokre nydelege tusenfryd eg fekk hjå mammo mi (og, ja, dei er sjølvsagt planta i hagen, mamma).... Ha ei fin veke!