fredag, juli 31, 2009

Ein regnvêrsdag...


Ja kva gjer ein ein regnvêrsdag?? Ikkje det at me berre har hatt EIN slik dag...neidå, her regnar det nok til maaange dagar...Men noko må me jo finne på. I tillegg til turar i skog, mark og fjell....har ripsplukking vore ei av syslane...

Og etter plukking kjem eting. Rips med mjølk og sukker på har vore ein favoritt her i huset (iallefall til den vesle busken i hagen gjekk tom...). Men me har vore å plukka litt i andre hagar...hihi, sjølvsagt, fekk me lov fyrst. Difor har eg sikra litt bær til safting seinare i haust. Det gler eg meg til.
Skåla er frå Søstrene Grene....

tysdag, juli 28, 2009

Huset i hagen...

For nokre år sidan sette me opp ei hytte i hagen. Dette var mest med tanke på ungane som var blitt så store at dei trengde ein stad dei kunne vere i fred. Sidan me ikkje har verken stoore soverom eller kjellarstove, så var det kjekt å kunne samle vener til både overnatting og anna...


Må berre presisere at hytta er eit laaangtidsprosjekt, for den er ikkje heilt ferdig enno. Taket inne skal isolerast, og er difor ikkje malt enno. Me har planar om å legge inn strøm, men foreløpig klarar me oss med skøyteledning.
Hytta er mykje brukt av dei to eldste. Eldstejenta kan finne på å ligge der heilt åleine...Dei har tilogmed hatt gjester der ute midtvinters. Med då måtte me til med oljeovn, for det vart kaldt sjølv for hardbarka ungdommar.
Men no fant eg ut at eg ville ommøblere litt...Hytta skal vera fin sjølv om det er ungdommane og ikkje mammo som brukar den mest.

Den gamle senga brukte eldstejenta når ho var liten, og kan trekkast ut i breidda. Den stod på låven til mi bestemor, og der hadde den stått så lenge ho kunne huske... Eg er glad eg aldri fekk meg til å male den...

Me har ein gammal divan der inne, som står vidare langsmed veggen...kjekt med litt sengeplassar. Verdas beste sofa står òg her inne, på motsatt side...den måtte ut frå stova for nokre år sidan, men fungerar supert som ein tredje soveplass....

Radioen er ei kombinert vekkerklokke...Den er kjøpt på Bolina på Stabekk for fleire år sidan.

Stolen er eit funn frå ei bosfylling, og heklateppe har eg hekla sjølv...Spegelen fant eg på låven saman med senga...(hugsar ikkje heilt...kanskje eg har kjøpt den i ein brukthandel...hmmm).
Synes det er kjempekjekt å berre bruke ting ein har frå før. Gjenbruk er topp!

søndag, juli 26, 2009

Eit av dei andre bruktfunna eg gjorde i Danmark var denne vetle spegelen. Synes den var så søt, og passa akkurat til vetla dokkemor som er begynt å spegle seg i smug....

Den har ei lita skuffe nederst der ei lita dokke kan gøyme små hemmelige saker og ting...

Her hjå oss kjennes det nesten som sommaren er vekke for godt, strikkejakka er trekt godt rundt ein, sjølv innomhus. Huttetu, eg håpar berre varmen og sola kjem att snart....
Håpar de har det varmare enn meg, men ha ein fin sundag uansett!

torsdag, juli 23, 2009

Dokkeservise...



I ein brukthandel i Danmark kom eg over dette skjønne bittevetle dokkeservise. Vart mest sjarmert over at det er så bittelite...som jo er vanskeleg å få fram på bilete.
Sjølv om det var litt hakk og skår i det, og litt av dekoren på nokre av koppane forsvant i vask...angra eg ikkje, for 40 kr er det jo verdt uansett.
Men vetla dokkemora her får ikkje leike med det før (kanskje) når ho blir litt større...
Håpar de har sol der ute i verda, her er det overskya og litt sørgeleg ferievêr....

måndag, juli 20, 2009

Endeleg!

Eg er ei av dei som i alle år med baking har klart meg heilt fint med ein stor bolle og ei skikkeleg sleiv...Og eg har faktisk ærleg og oppriktig synes at det gjekk heilt fint! Kven treng vel dyre maskiner til raskt å røre saman ein bolledeig??

Men det var før....


Etter at eg fyrst såg desse KitchenAid maskinene så visste eg innerst inne at eg trengte ei kjøkkenmaskin eg òg...hihi

Og etter alle år med bursdagar, dugnadar og baking til heilt privat bruk...vart den endeleg min! Min heilt eigne venn på kjøkkenet. Eg synes faktisk eg fortjener det....
Ha ein super kveld vidare!

søndag, juli 19, 2009

Heime igjen...

Jammen er det godt å reise litt! Men jammen er det godt å kome heimatt òg... Etter vel ei veke i Danmark trur eg alle var godt fornøgde med ferieturen i år.

Me leigde eit stort hus utanfor Ebeltoft, med plass til alle 23 av oss. Rett nok måtte nokon av oss sova i eit tilhøyrande anneks, men det gjekk heilt fint. Fyrste dagen var det regn og litt kaldt, men utover veka vart det varmare og varmare...
Å reise så mange i lag er ikkje berre enkelt, men i år som dei andre åra har dei enkelte familiane "frie tøylar" heile dagen, me treng ikkje vera saman heile tida. Men EIN felles middag synes me er kjekt, og i år vart det grilling...

Når 6 av ungane var 3 år eller mindre, og 6 var 13 år eller meir (opp til 19 faktisk...) og ein 10 år, så seier det seg sjølv at det ikkje er lett å finne felles aktivitetar...

Men bading med storebror, det går heilt fint!

....medan mor ligg på stranda og solar seg....sukk, livet er herleg...hihi
Nydelege blomar som veks i Danmark...eg anar ikkje kva dei heiter...
No er det utpakking, førstehjelp på alle uteblomar, plenklypping og klesvask som står på programmet! Godt det er sundag!
Ha ein fin dag!!

onsdag, juli 08, 2009

Nye koppar! Jippi! Som premie til meg sjølv etter å ha vore på verkstad med bilen...(skikkeleg bale!) kjøpte eg meg nokre nye Greengate-koppar. Synes eg fortjente det etter å ha måtta reisa 8 mil i denne varmen uten air-condition!...det var nemleg det me skulle ordne..

Og når vetlatrulto i baksete ikkje er meir tolmodig enn at når det er gått eit kvarter, klagar ho over bortimot alt. Men litt "nammedott" gjer underverk i ein varm bil...(smurfedrops..)

Her er det full pakkesjau...snart er me avgarde til Danmark! Både store og små blir med, og det gledar eit morshjarte ekstra!! Superkjekt at eldsteguten og jenta fortsatt synes det er greit å vera med på tur..Me gler oss!
Ellers litt nye bilete i dag, den gamle våpenkista på det nederste bilete, har eg fått hjå mamma. Ho hadde ikkje lenger plass til den. Men eg skal klare å finne ein superfin plass eg... Den er akkurat passe sittehøgd til vetlatrulto, så ho har teke den i bruk som benk allereide. Eg må lure litt på kva eg skal lagre oppi, for det er godt med plass i den. Synes den var litt tøff...
Då går det nok ei lita veke før eg er innom att! Kanskje eg sender nokre bilete på mobil...
Tudelu!!

måndag, juli 06, 2009





Eg har visst litt stillstand på bloggen for tida, det er ikkje mykje som skjer interiørmessig her hjå meg nett no. Difor måtte eg rett og slett finne fram nokre bilete frå mai i år.
Korgstolane på bilete ovanfor er for tida mest hagemøblar no, spisebordet er i uthuset klart for pussing og ny maling. Så litt seinare kan eg kanskje vise litt freshare bilete...hihi.
Men brødboksen nederst er ny, eller eit skikkeleg godt bruktfunn til ein 50-lapp...kva eg skal bruke den til er eg litt usikker på, kanskje oppbevaring av serviettar/lys osv...?
Ha ein fin dag alle som kikkar innom!

søndag, juli 05, 2009

Sommarfest...

Kvar sommar i årevis har me hatt ein tradisjon i nabolaget hjå oss, me samlar oss nemleg til ein skikkeleg hagefest! I år var det vår tur å halde kalaset.

Dette er absolutt ein fest av det meir avslappa slaget, dagen vert bestemt to tre dagar i førvegen og alle sprer me ryktet så godt me kan til alle som er heime i nabolaget...

Me gjer det alltid så enkelt som råd er, og i år hadde me reker, vin og godt brød. Alle bidreg med litt, så blir det mindre på dei som steller i stand. Alt me gjorde var å dekke bord og finne fram nok stolar...Og sjølvsagt pynte litt med roser frå hagen...

To store langbord, og eit litt mindre på enden...og nesten 20 stk klarte å finne vegen i år. Superkjekt og heilt uhøgtidleg, akkurat som eg likar det! Kjempekjekt å ha så kjekke naboar at ein faktisk kan kose seg saman slik ein gong i året (iallefall...).

Håpar alle har hatt ei strålande helg! Eg tek tidleg kveld...av heilt naturlege grunnar...
zzzzzzzz

fredag, juli 03, 2009

Litt nytt på kjøkkenet...

Som de ser så hadde eg ei tavle på kjøkkendøra...Den vart i si tid laga i "hurten og sturten" av ei hylle i eit av skåpa me har teke ut av kjøkkenet.

Den har vore i flittig bruk kvar dag i 10 år... veldig kjekt for ei glømsk mor som meg...skriv difor alle avtalar ned på den + liste for middagsmat for komande veke...
Det seier seg sjølv at i lengda vart den altfor liten. Difor fant eg den gamel tavlemalingsboksen og sette i gang med å male heile døra med tavlemaling. No har me meir enn nok plass til alle avtalar + at trultemor kan teikne så mykje ho vil ...

Det er litt uvant å ha ei heil dør svart, men eg venner meg til det og synes det vert litt finare kvar dag...hihi.
Ellers er me rimeleg slått ut av varmen her inne fjorden....Bading må til kvar ettermiddag...og det er heilt herleg å bu nær sjøen i desse tider.