Etter ei heller hektisk veke, er det utruleg godt med fredagskveld! Tippar eg ikkje er åleine om å nyte tanken på at det er fridag i morgo...(sjølv om eg er fullt klar over at ikkje alle der ute har fri i helga...)
Det er litt stille på alt det huslege her hjå meg for tida, men tulipanar har eg fått meg, dei er over ei veke gamle og likevel gjer dei seg greit på bilete...Rema 1000 er ikkje så verst på tulipanar...
Som de ser så har eg endeleg fått fyll i puta mi.
Det er rett og slett ei firkanta pute som eg har stappa inn hjørnene på, sydd eit par sting i kvart hjørne slik at det held seg, så stappa eg den inni det heime-hekla putetrekket. Er nok litt for stor og fyldig for kontorstolen...men men..eigna seg greit til fotograferinga.
Lurte på om eg skulle sy ein knapp i midten..?? Kanskje eg skal det når eg finn den rette knappen...
Eg får besøk av ei veldig "god gammal" venninne frå barneskulen i morgo, og gler meg vilt! Skal bli knallkjekt å snakkast og sjåast!
Eg står tidleg opp og bakar rundstykker...så har me mat utover heile dagen, medan ungane leikar og me drikk kaffi...hihi..
Ynskje dekan alle ei perfekt helg!!
