onsdag, mars 31, 2010

Godt for auga...

Eg synes eg nesten kan ete desse blomane...hihi. Dei ser ut som godis i mine auger...
Neidå eg har ikkje tippa heilt over, men blomane er fine! Akkurat desse er gule og no står dei på trappa vår saman med fine påskeliljer.

Ein jafs av desse knoppane..hihi..nam..
Godt at ikkje dokkemor kan lese enno, for det kan jo hende dei er giftige...



Litt lite spennande å fortelje i dag, men me nyt framleis påsken i fulle drag. Sjølv om den faktisk akkurat er begynt i dag! Det er deilig vårvær her hjå oss, eg og dokkemor har gått ein langt tur i skog og mark i dag.

Ha det fint så lenge!

søndag, mars 28, 2010

Påskefri!


Påsken hjå oss har starta akkurat som den skulle! Me har mala påskeegg slik planen var, dokkemor fekk frie tøylar i fargevalet og jammen vart det ganske så fint!


Egga ligg i ei skål til pynt, men kanskje me heng dei opp litt seinare...

Nedanfor ser de korleis malinga utvikla seg, me hadde berre 5 egg, så måtte me finne papir å male på...når mor snudde seg for å røre i kakaoen (og sjølvsagt knipse bilete av egga...hihi) hadde dokkemor fyrst mala "neglelakk" på alle ti fingrar (!), legg merke til rosa neglelakk på fyrst bilete, så starta ho med maling av HEILE handa...

Tjihi...eg kan jo ikkje anna enn le...godt at fotoapparatet var innom rekkevidde...



"Busken" på bordet var tidlegar i gangen, og på den heng litt av fjorårs-påskepynten...


Denne staslege gjengen med harepus i front og dei litt meir sjenerte kyllingane bak, er nye av året. Dei flytta inn etter siste dag i barnehagen...Dokkemor var sååå stolt over produksjonen! Mor og far er sjølvsagt heilt einige! So søte...

I går rakk me ein liten tur til fjells. Fyrste skikkelege ski-tur på dokkemor... Sjølv om me ikkje gjekk så langt, var det nyydeleg å kome opp i påskesola! Med litt pølser på grillen og kakao i sekken gjorde turen underverk for alle...


Me håpar sjølvsagt på fleire turar til fjells. Men i dag har det vore vaske-dag hjå oss... med sola som inspirator, vaska me heile huset, fekk vårlufta inn og saman med reine senger blir det nok ein super kveld!

Ha ein fin kveld du òg!



onsdag, mars 24, 2010

Fine fargar...


Eg har for ei tid sidan vore på butikken Patina på Evanger (forresten driven av mi gode syster og to veninner av ho...). Der hadde dei fått mykje fint og nytt, blant anna frå House Doctor. Desse to fine boksane var blant tinga eg kjøpte med meg, og eg angra ikkje eitt sekund! Dette er super oppbevaring for blant anna bunadsutsyr. Rommer akkurat både skjorte, forklede og bringeklut. Så ser dei jo nydelege ut då...og det hjelper jo...


Knallfine fargar synes eg.



For deg som skimta nokre søte små pakker på fyrste bilete, er dei til ein nybakt 3-åring me kjenner. Papiret kjem frå Panduro.

Eg og dokkemor har fri i dag og gått ein lang tur ute i det fine vår-vêret. Det er heilt utruleg kor fort det vart vårleg, når snøen forsvann! No leitar me etter livsteikn på bakken og høyrer fuglane som syng. Alt er så mykje lettare, dokkemor kan både sykle og trille dokkevogn etter vegen.

Og det beste av alt er at det snart er Påskeferie! Har planar om påskegg-maling seinare i dag...

I morgon fortset eg mi travle veke...men UTRULEG godt med eit pusterom i dag.
Ynskjer alle der ute ein fin dag!

søndag, mars 21, 2010

Heimelaga knekkebrød...

Helga vår har vore avslappande og herleg! Trass litt grått vær med tunge skoddeskyer så luktar det VÅR ute! Inne har me baka litt, eller eg har prøvd ei ny oppskrift. Eg har høyrt så mykje om heimelaga knekkebrød, men aldri funne ei oppskrift som verkeleg freista. Men når eg fekk denne av ei god venninne såg eg med ein gong at desse måtte verta gode. Masse frø er hemmelegheiten...
Her kjem oppskrifta:

Sunne knekkebrød


1 dl kruskakli
3,5 dl havregryn
3,5 dl sammalt rugmel
1 dl linfrø
1dl valnøtter
1,5 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 ts salt
7 dl vann

Ha alt i ein bolle og rør saman. Røra skal vera klissete. Trykk deigen utover ei/eller to steikbrett, slik at dei blir passeleg tjukke.

Steik knekkebrøda i 10 min på ca 180 grader, ta ut brettet og rull over med ein pizzaskjærar el kniv, slik at du får dei passeleg store, steik dei vidare i ca 30 min. Vips! knallgode og sunne knekkebrød!

Smakar nyydeleg med både godt smør og brunost, eller prim og syltetøy...hihi...


Då eg kom heim frå jobb fredag, stod det ein stooor flott bukett med tulipanar på stovebordet! Gjett om eg vart glad! Det passa heilt perfekt å starte med litt påskefeiring på forskudd, då varer påsken så utruleg mykje lenger...
På den måten vart det litt sol hjå oss denne helga! Om ikkje ute, så inne...


Håpar de har hatt ei fin helg der ute, eg går ei veeeldig travel veke i møte, så no sit eg å ladar opp med litt inspirasjon frå bloggverda - då er eg betre rusta til å møte veka...hihi

Snakkast snart...

fredag, mars 19, 2010

Noko "nytt" brukt ...

Det er ikkje så ofte eg viser bilete frå andre deler av huset, enn stova...og her er grunnen...hihi. Dette er gangen i 2.etage hjå oss. Eg veit det finnes hus med LITT større plass! Men, men me har akkurat plass til ei skittentøy-korg som sjølvsagt er kjøpt på ein bruktbutikk.

Eldstejenta er ei effektiv jente og eit rivjern til å rydde klær, difor havnar ofte alle dei skitne kleda nedover trappa. MEN ikkje no lenger! Denne korga er lett å bære med seg når den er full, då skal den ned i kjellaren til vaskemaskina...

Eg synes den var litt søt òg...


Heile fire soverom kjem ut til denne gangen her. Puffen i bakgrunnen er frå mi gamle farmor sitt hus, men stoffet som ligg oppå er frå Stoff og Stil...

No er det endeleg HELG!! Etter ei heller strevsom veke er det heilt nyyydeleg med fredagskveld!

Ynskjer dekan alle saman ei riktig god helg!


onsdag, mars 17, 2010

Eit nytt blikkfang...

Til den nette sum av 40.-kr vart denne kjekke vetle lampen min! Synes den var litt artig med den "svungen", sidan den ikkje var "ledda" på vanleg måte...(høyrtes detta heilt uforståeleg ut??) Eg er ikkje så inni korleis ein best kan beskrive ein lampe, men de skjønar det vel...

Til og med lyspæra virka! Eg synes det er knallkjekt å finne ting og tang på ein brukthandel, iallefall når det er så billig som denne... men eg er slett ikkje den som handlar kva som helst og uansett, berre det er fint. Eg prøver å kjøpe ting eg veit kvar eg skal plassere og passar stort sett på at det er ting som ikkje berre vert til skrot i mitt hus...(eg har nemleg litt av den sorten òg...hihi).

Det eg synes er vanskeleg er å kaste ting eg ikkje lenger brukar. Kvar gong eg dristar meg til å kaste noko som eg er HEILT sikker på eg ALDRI kjem til å sakne...ja, så går det ikkje lang stund før eg nett skulle hatt AKKURAT den tingen...(er det ikkje typisk??). Eg tenker fortsatt på eit kelim-teppe som eg kasta ein gong...skulle hatt det no kjenner eg...

Det er jo ei trøyst at det faktisk BERRE er TING!


Eg kjøpte litt anna på brukthandelen òg, men det kjem eg tilbake til..

Eg prøver atter ei gong å hekle litt...denne gongen trur eg det skal bli eit teppe. Men eg er ikkje heilt fornøgd med fargevalet mitt...(eg er utruleg dårleg på fargar...). Når eg står å skal velje garn, tek eg meg i å alltid velje brunt, grått, beige osv...og denne gongen TVINGA eg meg sjølv til å velje litt meir fargar...ja, du ser resultatet...haha


Det kan jo hende det blir fint til slutt!

Eg har fridagen min i dag og eg og dokkemor har allereie vore på ein lang tur i skog og mark. Ho har ikkje vore ute på fleire dagar, fordi ho hostar, snufsar og er heller skral for tida. Men trur det gjorde godt med litt frisk luft i dag...

Håpar du har tid til å kose deg litt du og i dag! No er det snart fiskegrateng...

fredag, mars 12, 2010

Ei god helg...


Helga har iallefall starta bra, med skidag på skulen på fredag. Det er rart, ein skulle ikkje tru at nokre få høgdemeter kan gjere slikt med naturen, nede i dalen hjå oss regnar det og er heller dystert og grått. Oppe i høgda var det aldeles julekort stemning! Nysnø på alle tre, sol og aldeler nyyydelege skiforhold! Slikt gjer godt for humøret!

Og nesten like kjekt er det å bytte ut litt vasne tulipanar med skjønne nellikar...

Rosa er for meg ein skikkeleg vår-farge, og akkurat denne rosafargen var som sukkertøy for augo mine...

Det same er denne vetle rosa-klumpen...sukkertøy for augo til mor og far...

Ho er faktisk ei stjerne framfor kamera for tida (har ho sett litt mykje på Hanna Montana??..haha). Ho likar å danse og synge medan ho står på den vetle kofferten. Ho forlangar sjølvsagt ståande applaus når ho er ferdig...mor og far klappar sjølvsagt...


Ynskjer med dette ei strålande helg til alle der ute! Og bur du nær ein fjelltopp, vil eg anbefale deg ein tur i høgden...det gjer godt for humøret!

Stoor klem frå meg...

søndag, mars 07, 2010

Ommøblering i stova...

Håpar alle der ute har hatt ei triveleg helg! Sjølv om det fortsatt er nokre timar att av helga, så har eg jobba altfor lenge i dag allereie (heimekontor)... Men i går hadde eg meg ein runde i stova, innimellom MÅ noko skje! Då hjelper det å flytte litt på ting, for å få energi og litt inspirasjon...

Med god hjelp frå dokkemor flytta me ørlitt rundt i stova. Det er ofte utruleg lite som skal til for å føle at ein har fått ei heilt "ny" stove...

Eg har for tida berre tre stolar rundt spisebordet vårt, og det er IKKJE fordi eg manglar stolar...men rett og slett fordi det er mykje mindre plasskrevande å ha færre stolar. Det er sjeldan me sit fleire akkurat rundt spisebordet, iallefall på ein gong (sidan me stort sett et på kjøkkenet).

"Kosekroken" min er flytta...


Og både eg og dokkemor er vel fornøgde med kvar vår "arbeidsplass" i stova...Ho brukar skrivebordet sitt utruleg mykje! Det er ein av grunnane til at det fortsatt står i stova, her tek ho rett som det  er ei stille stund med fargeboka og blyantar...samtidig som ho "er der det skjer".

 Min datakrok er ikkje endra så mykje, berre flytta bort der "kosekroken" var før...

Sidan eg har jobba mykje i dag, har far stelt heimen etter alle kunstens reglar. No luktar eg middag heilt opp til meg...
Eg tek kvinnedagen litt på forskudd..hihi!

Ha ei fin veke som kjem!!

onsdag, mars 03, 2010

Litt rydding i tallerkenhylla mi


Dette nydelege papiret frå Rie Elise Larsen, kjøpt på Netttpynt for i tid sidan, måtte berre få litt meir oppmerksomheit...

Resultatet var å pynte litt på tallerkenhylla mi. Dei fata som stod her hadde stått der rimeleg leeeenge...no fekk dei seg ein grundig vask, eg henta fram nokre nye og tok vekk nokon av dei gamle...

Litt kongler kan jo pynte litt sjølv om det ikkje er jul. Hjå meg er kongler "heilårspynt"..hihi.






Så fekk to "turtelduer" flytta inn på nederste hylle. Dei søte fuglane fekk eg hjå vetlasysto mi, og eg likar dei kjempegodt! Det er salt og pepperbøsser, visstnok kjøpt på Kremmerhuset...(om eg ikkje hugsar feil...?)

Tallerken med tekst på er arv frå bestemora mi, den hang på kjøkkenet heime hjå ho. Knallfin! Det er faktisk veldig kjekt med ei tallerkenhylle...

Sidan dette er "kosedagen vår" (Les: fridagen min) og eldsteguten kjem att frå hyttetur i dag, så skal eg om litt ned å lage sjokoladekake, nam...

Ha ein fin dag folkens!