måndag, juni 28, 2010

7 ting om meg...

Hmm dette er ikkje likt meg...eg brukar ikkje fortelje så veldig mykje om meg sjølv. Eg veit ikkje heilt kvifor det er slik, men på mange måtar er det enklare då...bloggen min har alltid vore ein "friplass" for meg, ein stad der eg berre kan dyrke interessa mi for interiør anten det er gammalt eller nytt...

Sjølvsagt er eg som andre..eg likar å høyre ting om andre eg ikkje visste, så difor seier eg 7 ting du kanskje ikkje visste? Om du ikkje kjenner meg då...



Grunnen er nemleg at eg fekk ein award...(for leeenge sidan) av den flotte bloggen Shinedesigne. Den utfordra meg rett og slett til å dela litt meir med dykk der ute...hihi
Og igjen tuusen takk for knallkjekk award snille Shinedesigne!


7 ting om meg:
  • Eg er definitivt eit morgonmenneske, elskar å sitje ute ein tidleg sommarmorgon og vente på dagen
  • Eg MÅ ha frokost! Før eg kan gjere noko som helst anna...(inklusiv å vekke ungar...)
  • Har trent sidan eg var 30 år på å nyte ein kopp kaffi...og no endeleg synes eg det er nydeleg...(ikkje spør kvifor eg ikkje heller kan drikke te...?)
  • Eg elskar å vera ute uansett vêr og me har ein utruleg natur rundt oss som ber om å bli brukt
  • Eg trenar 3 til 4 gonger i veka, jogging, motbakkegang/løp, sykling og aerobic i ulike former (men aller helst ute..) Hadde eg hatt tid hadde eg trent litt kvar dag...synes det er veldig kjekt!
  • Jobbar 80% stilling som lærar, utdanna adjukt. Tok deltidsutdanning då dei to eldste ungane var 5 og 10 år. Det tok 5 år...
  • Eldstejenta vår har ein svært alvorleg sjukdom som krev kontrollar ved sjukehus og masse medisinar kvar dag...noko som gjer noko med oss alle saman...

Og nettopp det siste punktet gjer at eg og eldstejenta i morgon skal reisa atter ein gong til Rikshospitalet i Oslo...Men me har vore der mange gonger før og difor tek me det som ein tur. Me skal shoppa litt og kosa oss så godt me kan! Berre eg og eldstejenta som me er så stolte av!

fredag, juni 25, 2010

lys-kubbe eller


Denne svært enkle lysestaken kom eg på etter at ein av elevane mine så fint hadde svidd namnet mitt inn i vedkubben (du skimtar det såvidt...). Synes det vart ein fin og enkel lysestake, som har fått plass i gangen vår.

Elles er det som vanleg travle tider her hjå oss. Har vaska ut hybel for (forhåpetlegvis) siste gong...etter dette må han vaske sjølv (for det har mor bestemt). Eldstemann er i sommarjobb, eldstejenta har berre delvis sommarjobb endå, og vetla trultemor har fått sommarjobb hjå mammo...hihi
Ho målar dokkehuset sitt! Jaja, ikkje heile dagen sjølvsagt og det er vel mest jobb for mammo å sleppa ho til, men kjekt var det...(ei lita stund iallefall).


Trultemor fekk dokkehus til bursdagen hjå snille besto og besten. Pappen har spikra det opp og no er det vår (min) tur å måle heile greia...Har ikkje bestemt meg for farge enno, så eg brukar den kvitmålinga er har att etter huset til grunning....

Og fekk trultemor bestemme skulle det vore ROSA!

Det kan jo hende mammo målar ein vegg eller to inni litt rosa...me får sjå.

Ha ein knallfin dag! Eg pakka saman siste reste på jobb i dag og har bestemt meg for å la hovudet kvila
(el. humla suse..hihi ei stund...)

søndag, juni 20, 2010

Ein EKTE tripp-trapp-stol



Dette kan vel ikkje kallast anna enn ein heilt ekte tripp-trapp stol?? Dette er altså stolen eg snakka om i forrige innlegg. Vetla dokkemor har fått den ved kjøkkenbordet. Ho har til no sete på ein heilt vanleg stol, men oftast vert ho sitjande på kne for å nå skikkeleg opp til bordet. Det problemet er no løyst, fordi denne stolen er litt høgare enn vanlege stolar. Ho har ingen problem med å kome seg opp iallefall...og ho slepp å sitje på kne for å nå opp...



Sidan eg har nokre slike stålrøyr-stolar frå før passa denne heilt fint inn rundt bordet vårt...


Legg merke til trappa som lett kan vippast bakover og under stolen når den ikkje er i bruk...smart.
Eg må seie eg likar slike artige stolar og oppfinningar som er praktiske!


På siste bilete ser de eit glimt av kjøkkenglaset og veggen som skal vekk...den skal rivast og kjem att heile fire meter lenger ut! Og i dag var muren ferdig støypt! Jippi! Me har til og med snakka med byggmeister i dag (ja, på ein søndag!), og alle førebuingar er gjort, så no berre ventar me på at snikkaren har tid...

Må nok vente litt med den biletekavalkaden eg har lova dykk...Ein mur er jo ikkje så spennande å sjå, eg ventar til det er kome noko oppå..hihi..

Håpar de alle fekk ei fin fin helg. Her har me hatt fotballcup, og trass i at me ikkje har nokon som spelar, så har me alle vore i sving på dugnad i helga. I morgon skal me til og med på avsluttningsmiddag til eldstemann på gymnas...tenk at han er FERDIG med gymnaset!! Heilt utruleg...
(PS og rydding og vasking av hybel sjølvsagt...phu)


tysdag, juni 15, 2010

Eit sommarteppe...






I rein panikk over at eg skulle få besøk av Rom123 for ei stund sidan, raste eg rundt på alle nettbutikkar eg veit for å finne noko eg kunne tilføye interiøret mitt...(utruleg kor misfornøgd ein vert med alt i slike situasjonar...). Dette teppet frå House Doctor hadde eg sett meg ut lenge, difor følte eg det var akkurat det eg trengte. Men dessverre bestillte eg det ALTFOR seint til at det nådde fram i tide (typisk meg).
(Kjøpt på den utruleg kjekke butikken: Nettpynt)


Men eg har det no! Og framleis synes eg det er kjempefint! Lurar berre på kvar eg skal ha det? Ute eller inne? I sofaen? Som sengeteppe? Nett no ligg det sånn passe henslengt i stova, berre slik at eg plutseleg ein dag veit akkurat kvar det høyrer til...

I helga var eg og velta dokkemor på ein liten tur utanbygds (eigentleg måtte me flykte, grunna byggeprosjektet vårt og utruleg mykje sand og murpuss overalt ute...). Når  det likevel regna kunne me vandre litt rundt og få litt inspirasjon andre stadar, deriblant ein koseleg bruktbutikk..hihi. Eg var heldig og fant dette Ventolette vaffeljernet, synes slike stål-farga er så fine og trur eg har høyrt ein gong at dei er skikkeleg gode òg...

Eg håpar det! Fant ein kjekk stol òg (sjølvsagt måtte det vera endå ein stol...), tek bilete av den i morgo...

Ha ein kjekk kveld!

PS til alle som lurer på når artikkelen om huset vårt kjem på trykk i Rom123, så veit eg ikkje heilt enno. Eg lovar å gje beskjed!



søndag, juni 13, 2010

Tid for syriner...



Sidan min stakkar syrinbusk kjøpt for to år sidan avgjekk med døden i vinter, må eg dessverre ut i verda å plukke meg syriner...Jadå eg veit det er feil å "stjele", men om det er ei trøyst så tek eg berre i hagar der det ikkje bur folk og kun greiner som stikk utover vegen...haha



For meg er dette betre en snop...når lukta av syrin slår mot meg om morgonen, og sola i tillegg fyller heile huset ein tidleg morgon før jobb...DÅ er livet godt!


Dei lilla syrinene luktar definitivt sterkare, og takka vera ei super veninne og nabo har eg fått planta avleggjarar til lilla syriner...dei spirer og gror. Men det tek vel nokre år før eg har så store busker eg ynskjer meg...

Enn så lenge NYT eg andre sine syriner..hihi..
Jammen er det kjekt at dei kjem til nytte!

Utanfor her er det full graving og støyping i dag, mann og svigerfar er i full sving.
Spennande tider hjå oss...
(planlegg ein billedkavalkade når prosessen er komen litt lenger...)

Ha ein super søndag!


onsdag, juni 09, 2010

3-års bursdag!


Jammen er det gått heile TRE år sidan dokkemor kom til verda! Det er heilt utruleg! Dagen vart feira med hageselskap og besøk av besteforeldre, tanter og søskenbarn. Dette er tredje året me har hageselskap på dagen til trulto vår, og alle åra har det vore fantastisk vær, det var det òg i år!



Trulto var vel fornøgd med alle gåvene...


Ballonger i huskestativet høyrer med. Eg dreg ut alt eg har av ekstra stolar og bord, noko av det har stått lagra i hagehytta vår. Og i år som i fjor var det veldig greit med kakebordet inni hytta...

Hytta er pynta til fest, til og med "ny" veranda har ho fått sidan sist..hihi. Dette er gjenbruk på sitt beste...
Sidan det er full riving av alt i front av huset, fekk me ein veranda til overs, den delte me i to og sette halvdelen framfor hytta. Passa perfekt!

For fyrste gong har eg fått til å lage muffins med skikkeleg "topping", sjølvsagt ROSA. Dette er heilt enkelt slik ostekrem som er på gulrotkaka, den med philadelphia-ost...


Og når besøket er reist, alt rydda vekk, oppvaskmaskina i gang og dokkemor i seng...hmmm då sette eg meg ut i hagehytta, med noko godt i glaset...og riktig kosa meg!


Måtte jo tenne nokre lys òg sjølvsagt...

Ha ei fin veke vidare, i morgo er det jobb att på meg, etter ein nydeleg fridag i dag!








fredag, juni 04, 2010

2.etasje...





Det er ikkje mange som kjem seg til 2.etasje når dei besøker oss for fyrste gongen. Naturleg nok er ikkje det ein stad ein går utan at ein har eit ærend, sidan bad og toalett er nede...men eg har akkurat hatt besøk av to vilt fremmande, som eg straks inviterte opp til 2.etasje...hihi..

ja, eg synes det var rart, kanskje du òg? (Og nei, eg har ingen hemmeleg elskar...) Grunnen til besøket var ganske utruleg (iallefall for meg) at heimen vår er blitt behørleg fotografert! Det forklarar kanskje òg mitt fråvær frå bloggverda i det siste. For å førebu at nokon skal fotografera rundt omkring i huset, det er ikkje berre berre...


No gjekk det heile (nesten) smertefritt for seg, ein fotograf og ein journalist frå Rom 123 som begge var både hyggjelege og greie (verre var det kanskje med meg?) brukte heile dagen på dette oppdraget.

Eg som knapt er blitt intervjua i ei skuleavis skulle plutseleg seie noko om meg sjølv..hjelp...Eg er redd eg ikkje klarte å seie mykje klokt (huskar knapt nokonting..haha).


No får me berre vente å sjå korleis reportasjen vart. I mellomtida har eg invitert dekan alle ihop opp til 2.etasjen vår, som de ser i dag.


Her er det trangt, men me har 4 soverom og akkurat plass nok til det me treng.

Vetla dokkemor si seng, med nydeleg sengesett sydd berre til ho, innfelt ei gammal brodert bord laga av ei oldemor ho aldri har møtt. Eg synes det er stas...

Heklateppe laga eg før ho var født.


Som dei kjekke foreldre me er, har me teke det minste av romma til oss sjølve, men me treng igrunnen ikkje større plass..

Og utanfor huset byrjar spennande ting å skje. I går reiv me verandaen på framsida, den blir gjenbrukt i halv utgåve framfor hagehytta vår (me kan ikkje kaste ein fullt brukande veranda...).

Eg gler meg til fortsetjinga!

Men no i helga feirar me 3-årsdagen til vår aller beste go-klump!!
 Hipp hurra!!