onsdag, juli 28, 2010

Sommartid...


Det kan jo verke som eg har kopla om til sommartid alldeles, og det stemmer vel ganske bra...hihi.
Synes det er herleg med laange frokostar som startar (berre litt) seinare enn vanleg og slenge på seg eit eller anna og sitte i morgonsola med ein kaffikopp...
Sjølv i dag er det friskt og fint ute etter ein liten regnskyll i natt, når stolar og bord står under tak er det ikkje noko problem å starte dagen ute likevel. Det er vel kanskje noko av det beste eg veit...


Som de ser på bileta er det kome noko "nytt" gammalt i stova mi. Klarte ikkje gå frå denne kjempestore fletta korga på eit bruktmarked, synes den er knallfin. Spesiellt den fine brunfargen...(tenk det er ikkje lenge sidan ALT måtte malast kvitt når det kom i hus...). Korga skal få vera slik den er.


Etter besøket heime hjå mammo har eg og mannen vore på tur heilt åleine, sjølv om det berre var ei overnatting, var det godt å berre vera oss to.




Eldstemann lever livet på vandring med ryggsekk i Europa (interrail), og kjem ikkje heim på godt ei og ei halv veke enno. Me andre skal snart til fjells på hyttetur...

Det er enno litt att av sommartida...

torsdag, juli 22, 2010

Dokkehus...

Me har vore på ein liten miniferie hjå mammo/bestemor og regnet høljar ned! Difor er det ekstra kjekt å sjå at me faktisk har hatt flott vær litt tidlegare i sommar...Desse bileta av dokkehuset var teke før me reiste. Huset til dokkemor er omtrent ferdig...det kjem nok til å endre seg litt etterkvart, men akkurat no synes eg det var ganske koseleg...
Me har rett og slett brukt litt av alt me har frå før...ingenting nytt! Og fargane inni vart til av dei malingsrestane me hadde frå før...


Ei stolt jente, som fekk lima på bokstavana sine på døra. Dei fekk ho i adventskalenderen til jul i fjor...




Møblane hadde ho på rommet sitt, no får dei stå i hytta ei stund. Den gule hylla er eit loppefunn eg har hatt liggande...no spraymala og fin.




Dokkemor har sjølv gjort alt klart i hytta..dekka bord og sett ting og tang i hylla si. Kjekt med ein liten "friplass" for 3-åringen...

Me andre ventar framleis på snikkarane som skal bygge tilbygget vårt. Dei har ferie no, og etterpå kjem dei til oss! Det er iallefall planen...me synes det er kjempespennande!

Medan me ventar har me laga ein ny veranda som skal målast, nok å gjer med andre ord!
Håpar sola skin på deg!
 (Og snart på meg òg...hihi)

søndag, juli 18, 2010

Ein liten kafè-tur



I dag kjem det nokre bilete frå den flotte kafè+butikk (blanding av nytt og brukt): Patina, på Evanger. Me tok oss ein aldri så liten tur ned til systra mi (på bilete..). Ein knallkjekk stad for alle som likar litt brukt og litt nytt i skjønn foreining med god mat og nydeleg kaffi!

Alle bileta er publisert via mobil i dag og er difor litt i dårlegaste laget, beklagar det. Men slik er det når mor reiser frå fotoapparatet...



Flott blanding av møblar...her et du med mykje spennande å sjå på rundt deg. Kanskje far og ungar kan ta seg ein matbit medan mor kikkar seg litt rundt og kan handle i fred...hihi...



Alt av inventar er gjenbruk...sjølv på kjøkkenet har dei klart å bruke mykje som andre ikkje har bruk for lenger...utruleg fint!



2. etasje bugnar av ei herleg blanding nytt og gammalt...



Me takkar for besøket i dag til damene på Patina! Me kjem gjerne att!
(igjen beklagar eg dei elendige mobilbileta...)

onsdag, juli 14, 2010

Litt ommøblering og ny korg

Skulepulten til dokkemor har bytta plass med datakroken min. Denne skrivepulten tek litt plass i stova, og meininga har vore å ta den opp på rommet hennar. Men ho leikar seg så kjekt her kvar einaste dag, ein ypperleg stad for modellkitt-leiking, så slepp eg det klisset overalt... Her har ho teiknebøker og diverse anna, og no har ho fått leselampe òg. Difor utset me litt å ta den opp på rommet hennar, mistenker at den vert litt mindre brukt der oppe...

Mor sjølv fekk seg ny fin korg på ferieturen vår. Litt dumt at eg ikkje hugsar verken kva butikken heiter, eller kva merke denne korga har...men eg trur Tine K Home har slike korger? Eller så er det Bloomingvill...må kanskje sjekke opp i det...


Synes uansett den var knallfin! Og endeleg kunne eg ta vekk dei brune IKEA-boksane som har stått oppå skapet så lenge..

No skal me ut å nyte den einaste solfylte dagen denne veka (ifølge yr.no)...
Kos deg du òg!

måndag, juli 12, 2010

...heime igjen

Då var me komen att frå ein bitteliten ferietur...Berre meg, mannen og vetla dokkemor. Utruleg godt å koma seg litt vekk innimellom, me reiste ikkje så langt, men fekk med oss både ein feriepark, shopping (og brukthandling..hihi) og kos med avslapping på både strand og i basseng. Med bading kvar dag var dokkemor fint utsleten når kvelden kom...

Eldstemann har passa huset (og vore på jobb), eldstejenta er i Danmark med ei venninne og familien hennar. Slik er det å ha store ungar...

...og ei lita.


Dokkemor og eg har late fine dagar heime, me puslar, går på jordbærtur, syklar og berre kosar oss! Aller helst er me ute, det er herleg med sommar (og overbygd sitjeplass ute..hihi)...

Måling av dokkehus går framover, eg satsar på å bruke opp alle restane me har..hihi. Fant til og med litt grønnmaling...jammen blir det fint, trur eg.

MEN ROSAmaling det må eg nok kjøpe...


Den fine grøne tallerken fant eg i ein brukthandel for ei tid sidan...synes den var fin og akkurat passe grøn.

Håpar du har ein fin fin sommar du òg.


tysdag, juli 06, 2010

Spegel spegel på veggen der...

Det er vel dessverre ikkje HEILT sant at eg sjeldan kjøper meg noko...(nytt kanskje??), jmf. aktikkelen nedanfor... No har eg kjøpt meg ein spegel, rett nok i ein bruktbutikk. Synes den passa fint på veggen i stova vår.

Rart å sjå stova frå ein spegelvendt vinkel...alt vert liksom litt nytt.


Og vips der kom det visst eit glimt av fotografen..hihi..(med kruna på hovudet..haha)


...Og årets fyrste etterlengta rose frå hagen er komen på bordet.

Må innrømma, at sjølv om det er tysdag er det komen vin i glaset òg! Er det ferie så er det ferie! Me må jo berre kosa oss, sjølv om vêret kanskje ikkje er av det beste akkurat no...

Ha ein fin kveld!

måndag, juli 05, 2010

Les om meg på Klikk.no

Det er jo kjekt å bli omtala "der ute" i verda... og familien frå Eidfjord det er altså oss, du kan lese litt om oss her

Spennande...

Foto: Frode Larsen

søndag, juli 04, 2010

Plagiat?

Nei, eg veit ikkje eg, det kan jo hende nokon "tek" meg no... Ein kveld for ei lita stund sidan sat eg å "surfa" rundt i ulike nettbutikkar (litt kjøpesjuk..hihi), men eg likar jo aller best når eg slepp å kjøpa ting (altså når eg kan lage det sjølv...). Det høyres kanskje veldig gnitent ut? Uansett, så såg eg slike hjort-bilete litt her og der..tenkte at kanskje det hadde vore litt fint på veggen hjå meg? Sat igrunnen klar til å trykke "kjøp", så kom eg til å tenke på kor lett det hadde vore å lage ein slik sjølv...

Som tenkt så gjort, det vart ingen kjøp på meg. Eg sette meg ned framfor dataskjermen og teikna av det eg såg på skjermen, klipte ut ein mal og teikna den over på den einaste brukande kartongen eg hadde; grå, klipte ut, og vips; eit nytt bilete...


Eg har sett den inn i ei gammal ramme eg kjøpte ein gong på ein loppis, men veit ikkje heilt om den passa der. For ei stund kan den stå der i ramma til me ser kvar den passar inn. Eg synes iallefall det var litt smart...hihi

I dag vart endeleg dokkehuset nesten ferdig utvendig og iallefall påbegynt inni..gler meg til det er ferdig!
Me har hatt ein varm og fin dag her hjå oss, håpar du har kosa deg òg!

fredag, juli 02, 2010

Då var me tilbake...

Då var turen til Oslo ferdig i denne omgang, det gjekk vel omtrent som forventa på sjukehuset. Det er rart, sjølv om sjukepleiarar og dei som jobbar på eit sjukehus gjer alt dei kan for å vera blide og kjekke, så hjelper det veldig lite...sjukehus er IKKJE kjekt!

Men sidan eldstejenta på ingen måte er sengeliggande så har me det ganske travelt når me tek turen over fjellet. Så utsvelta så me er på butikkar og kjøpesenter er det herleg å nyte litt byliv ei lita stund. Me var på kafè...kjøpte kake på Deli de luca som me åt på senga...og shoppa masse!


Og når me kom heim hadde vetla dokkemor på ingen måte lidd noko nød, ho fortalde høglytt at ho hadde fått "sokoladeskjeva" til frokost kvar dag og køyrd med lastebilen til pappa og fått bolle og juice...haha. Det nyttar ikkje å halde noko skjult med ein treåring i hus...

Ein liten ting til dokkemor vart det òg på turen, blant anna desse fine treperlene kjøpt hjå Søstrene Grene...nydelege fargar, og akkurat passe vanskeleg til å halde ho oppteken ei god stund...hihi. Den fine nistboksen frå Blafre design vart også med heim...



Denne gongen vart det ingen interiørbutikkar på meg, storebror og far i huset fekk litt nytt til sommar garderoben...og det gjorde eg òg...

Men det vert ikkje siste bytur i sommar! Eg har planar om fleire småturar...men då i litt kjekkare omstendigheiter..

Vil takka alle som kommenterte så fint til meg på forrige innlegg, så koseleg å høyre frå dekan der ute!
No skal eg ut å male resten av dokkehuset (spørs om eg blir ferdig men..).

Ha ein herleg kveld!