fredag, desember 31, 2010

Takk for året som gjekk...

 Må nett innom og takka alle dykk kjekke, snille og utruleg positive menneska der ute, som er innom meg her av og til!

Eg vert utruleg glad for kvar einaste kommentar de legg att til meg!
...men de er lika velkomne om de ikkje skriv noko som helst...(det er nemleg slik eg vanlegvis besøkjer alle dykk...dessverre...)

Uansett, takkar eg for eit år som er gått, og ynskjer veldig velkomen eit nytt og ubrukt..

 Denne utruleg søte engelen har vore med oss kvar jul i minst ti år. Ein av dei to eldste har laga den, eg huskar ikkje kven...

Den pyntar opp med sitt "Mona-Lisa"-smil... teikna av ei lita barnehand...

 På andre sida av fjellet kom ei glad-nyheit i dag!
Og me sender varme tankar og klemmar over fjella...

Minste dokkemor fortalde mammo etterpå; "Eg skal snart òg blir storesyster..."
...haha, det skal ho altså ikkje...men litt misunneleg, kanskje...


Ynskjer alle der ute ein riktig fin kveld,
og eit godt nytt år i vente!

Klem

tysdag, desember 28, 2010

Romjul i heimen


 Nokre glimt av årets juletre, eldstejenta og yngsteklumpen står for pyntinga i år.
Kjekt når dei vil hjelpe til.

 Ei overraska husmor fekk flott gåve hjå mannen i huset!
(Altfor mykje! Me hadde jo kjøpt lampar til oss sjølve før jul...)
Men slik er det, når eg har ein mann som likar å overraska...hihi..

 Mykje god mat har me ete...
(Og et framleis..haha)

Og årets juleselskap var det vår tur til å ha i år...
16 stk til bords, og ALLE fekk plass på kjøkkenet! Det var kjekt synes eg. Dette bordet og eit litt mindre med plass til fire...(småtroll)

Men festen er langt frå over,
fleire dagar med familie og morro ventar...

(og kanskje me rekk ein tur på ski..)

torsdag, desember 23, 2010

Med ynskje om ei god jul til alle!

DÅ, endeleg er huset klart!

Min plan om naturjul med trepinnar, kongler og gråpapir har på ein måte gått litt i vasken...
Eg er altfor glad i desse fiiine gamle julekulene mine...

Dei fekk vindaugsplassen i år.


Den blå kula er berre heilt nydeleg! Eg har berre ei, og den kan knuse...
Difor heng dei trygt på ein streng berre akkurat høgt nok til at små prinsesser berre kan ta bittelitt på....

 No skal resten av kvelden nytast på sofaen, stille og roleg....

Kvelden før kvelden er igrunnen den aller beste...


Ynskjer alle kjende og ukjende, med blogg og utan, ei riktig strålande fin jul!!

Juleklem frå meg.

onsdag, desember 22, 2010

Det nærmar seg...

Enno har eg ikkje vaska golvet (men børi ved i massevis..om det hjelper?), heller ikkje tørka støv og rydda alle rom...Eg trøyster meg med at eg får gjort mykje på ein dag (i morgo...).

Dagen i dag vart brukt til siste innspurt med julegåver, og eg var ikkje åleine, for å seie det fint...
Haha

Men jula snik seg sakte inn til oss likevel, ein busk med ljos har pynta kjøkkenbordet i over ei veke. Alle dei fire ljosa er tent.


Raude lysestakar er plassert i kvar sitt kjøkkenglas. Desse kjøpte eg på ein brukthandel for ei tid sidan, synes dei var så søte...

Dokkemor er travelt oppteken med sceneshow kvar dag, sidan me har eit lite trinn opp til gamle-delen av huset, vert dette reine scenen og som skapt for danseglade og ikkje minst song-glade småtroll.

For anledninga iført prinsessekjole...


Takkar for alle fine julehelsingar, og ynskjer alle flotte, søte bloggvenner ei riktig god vetle-jolaftan i morgo!!
Håpar verkeleg eg rekk innom her innan julekvelden for å ynskje alle god jul!

Siste innspurt ventar.
Og eg gler meg...


søndag, desember 19, 2010

Førjulspresang

Eg er ei av dei som ikkje er så glad i presangar, veit ikkje kvifor, men synes det er vanskeleg å ta i mot...
Desto kjekkare er det å gje ei gåve!

Når eg og mannen i huset ønskar oss noko til jul, kjøper me det ofte sjølve..litt på førehand eller litt etter jul, det er ikkje så nøye.

I år mangla me sårt lampar i huset, eg har i alle år sverga til IKEA. Veldig lett å handle lampar der, ofte har me berre røska til oss ei lampe i farten.
Haha...

Men denne gongen er det annleis, eg såg ei reklame for denne lampen i eit interiørblad (er ikkje sikker på kva for eit), då måtte me berre kjøpe den.
Passa perfekt!
Me kjøpte den på nett, enkelt og greit på LuneHjem.

 Lampen er frå HKliving, som er eit merke eg ikkje har oppdagar før...
Det kjem frå Nederland og har utruleg mykje fint.
Berre sjå her.
Elles har helga gått med til baking og litt meir juleførebuing. Til og med eit pepperkakehus er på veg...
Ei heil helg berre til kos, med andre ord!

Sjølv om eg ikkje er ferdig med julegåvene enno, har eg bestemt meg for å ta det HEILT med ro...
Det blir jul uansett!
...og ein rekk utruleg mykje på EIN dag, berre ein er innstilt på det! Hihi....

onsdag, desember 15, 2010

Litt førjulsstemning...


 Den snik seg gradvis inn i heimen, julestemninga..
Det skal ofte ikkje så mykje til, eg laga denne stjerna i dag, av heilt vanleg gråpapir og vips fekk eg julestemning i stova. Oppskrifta finn du her.

 Den heimelaga stallen har stått i stova ei stund, den gjev ei fin stemning den òg.
Natur-jul...
Til og med lukta av sviblar sprer seg i stova, dei spratt ut litt tidleg, men det gjer ingenting.

I dag har me laga risbollar og kosa oss heime, med julemusikk frå Månetoppen på full fres...
I morgo er det opp tidleg att...

Tudeledu...

måndag, desember 13, 2010

Litt meir kjøkken...

 Bittelitt meir kjøkken vart det i dag. Eg og mannen i huset kan snart ikkje hugse ei "normal" helg...
For å seie det på ein anna måte, er me utruleg glade for at me ikkje har eit HEILT hus me må jobbe med!
Det har vore mykje arbeid, mykje småtteri som tek utruleg laang tid. Når me bur slik i utkanten tek sjølv den minste skrua (som ikkje er heilt standard) minst to timar i bil for å få tak i...

Men dei små 31 kvadrata me har bygd på utgjer ei heil verd for oss...
Så me angrar definitivt ikkje på alt arbeidet!


Fantastisk er det iallefall, å ha så god plass!

Bilete øvst viser den nye og den gamle delen av kjøkkenet, litt uvant med mørkt kjøkken...
Men resten er ganske lyst, så eg skal nok venne meg til det...

På skulen er det innspurt-veke, og alt skal skje...
Travelt!
No tenkte eg å lage nokre nye julestjerner til vindauga...
Må få inn litt meir jul i heimen, kjenner eg.

Ha ei fin veke du òg!


fredag, desember 10, 2010

God helg!

 Eg kan ikkje seie anna enn at det er utruleg godt med helg!
Fredagen er best, for laurdag er min fridag (sundag er til vanleg jobbdag...eg er lærar). Når det framleis er fredag kveld, kjennes det som eit hav av tid...

 Og tid treng eg no framover...
Men eg ligg godt framfor skjema, pakkene er pakka inn, med god hjelp av dokkemor.
Eg trur det vart pakka inn både det eine og det andre etterkvart som ho fant ut korleis dette skulle gjerast..hihi..

Det Må jo vera kjekt å få så personleg innpakka pakker!

Stjerna på det øvste bilete fekk eg av storasyso mi til bursdagen...eg har nemleg aldri fått heilt til den stjerna..haha.
Må snart prøve igjen...

Ynskjer alle ei kjempefin helg!!

onsdag, desember 08, 2010

Harde vafler...

I dag har me baka harde vafler etter gammal oppskrift frå besta til mannen i huset:

4 egg
250g sukker
250g smør
400g potetmjøl
150g kveitemjøl
2 ts bakepulver
(1ts vaniljesukker om du vil)

Pisk egg og sukker, ha i smøret, litt og litt.
Ta i mjølet og det andre.
Steik i vaffeljern, kjempegode og holdbare...

Enkelt å severe til kaffien. Minner meg veldig om mi eiga bestemor, som eg synes alltid hadde harde vafler i skapet...

Med granbar i kjøkkenglaset, og nissefest i barnehagen i dag, kjenner eg at jula nærmar seg veldig...
Og dokkemor er trøytt og god etter ein kjekk dag!


søndag, desember 05, 2010

Ein liten smugkikk..

Aller fyrst må eg få takke for alle dei supre kommentarane og gratulasjonane i førre innlegg!
Eg er rørt og aldri så lite stolt over å "kjenne" så utruleg mange kjekke bloggarar der ute!!
Tusen takk!
 Denne knallfine Arne&Carlos-julekula er laga av storasysto mi. Eg var så heldig å få den til bursdagen min!

Fantastisk at det går å strikke slike kuler, synes dei er utruleg flotte i alle dei ulike mønstra som finnes...

Eg har enno ikkje heilt funne ut kvar den skal henge, for den MÅ bli sett...

 Og her kom ein aldri så liten smugkikk på nya-kjøkkenet vårt! Vetla trulto og meg har baka pepperkaker i helga. Ho står berrføtt i stilongsen...men det er vel slik det skal vera...haha

 Alt er nesten på plass, iallefall er det ryddig rundt meg no.... Men ventilatoren manglar røyr og me ventar på ny komfyr, så den heilt store finishen må vente litt.

Men til no er me veldig fornøgde med kjøkkenet! Det kjem frå IKEA og er i mørk grå med høyglans...difor eit aldri så lite glimt av fotografen i skuffene..haha...(og eit malingsspann ser eg...jaja).

Det er verkeleg herleg med stoor diskplass og djupe skuffer!
Kjekt å bake på ny disk.

Jepp, då var det jobb og full rulle i morgon...
Håpar du får ei fin fin veke!



torsdag, desember 02, 2010

Desemberbarn...

 Adventskalenderen til vetla trulto er på plass. I år vart det ikkje til dei største, det var greit, dei nøgde seg med flax-kalender i år...slik er det å bli stor.

Papiret vart litt blanding i år, det raude er frå Rie Elise Larsen, brunt Blafre-papir og litt gråpapir. Kjekt å blande litt. Dette er omtrent einaste kroken frå kjøkkenet eg kan ta bilete av for tida, det er framleis mykje som står rundtomkring...i påvente av ferdigstilling av nye-kjøkken innreiinga.

 Overskrifta i dag handlar rett og slett om at det er min dag i dag! Eg er eit desemberbarn...
Hadde ikkje planlagt noko feiring i år, men både i går og i dag har eg hatt superkjekt besøk! Og jammen har dei hatt både mat og kaker med seg!

Ikkje er det farleg å vera fødd i travlaste tida då...

Når besøket no er reist, har eg vel lov å kose meg med eit bitte lite glas vin...?
Sjølv om det er torsdag...

Kosa deg litt du òg...

Ei  lita oppdatering:PS: Og jammen vart det helsing inne på NIB!! Snakk om passeleg dag...
Knallkjekt!