søndag, mars 20, 2011

Heimelaga



Eg får ei slik god kjensle når eg lagar noko fornuftig.
Det er så utruleg kjekt å kunne lage noko som ein verkeleg har bruk for, som ikkje berre er til pynt...

Men sjølvsagt kjekt om det blir litt fint òg...

Me trengde fleire gryteunderlag, og eg hadde sisal-garn (er det det det heiter??), og på ei lita stund hadde eg hekla meg eit litt stort og godt gryteunderlag.
Kjekt!

Men ikkje nok med det...
Til jul fekk eg av vetlasysto mi ein superfin og veldig god heimehekla oppvaskklut, knallfin!
Sidan då har eg tenkt på at eg skulle laga meg fleire slike, og no endeleg har eg hekla meg ein til.

Neste gong eg er utanbygds skal eg kjøpe masse meir bommullsgarn og sette igang ein stoorproduksjon av slike klutar! Dei er supergode!


Den er hekla i vanleg bommullsgarn, på pinne 4. Eg dikta mønster med tre rader fastmasker og ei rad med stavar..heilt til eg var tom for garn.

Eit nøste = ein klut
(hugsar dessverre ikkje kva garnet heiter..typisk)


Helga er ikkje over enno...
Men til no har me hatt det veldig fint.

Dokkemor kom superstolt heim frå skirenn på laurdag med medalje og pokal!
Trur aldri eg har sett eit stoltare ansikt...
Berre nokre utvalgte får lov å røre gevinstane...

I dag er det husarbeid og ein liten innsats med bilvask...

No skal eg hente eldstejenta på jobb...

Ha ein flott sundag!

15 kommentarer:

  1. Så flink du er! Er så enig med deg at det er kjekt å lage ting ein virkelig treng. Gryteunderlaget var skikkelig fint. Det skal eg prøve ut sjølv. Og oppvaskkluten var også kjempefin. Eg har berre strikka slike før, men likar best å hekle, så skal prøve ut det. Fortsatt god helg:)

    SvarSlett
  2. WOW det gryteunderlaget var knalltøft!!!
    Å hekla vakekluter er jo bare skjønt!
    Kjenner det rykker i heklehanda nå ja ;-)
    Ha en fin fin søndag!
    Klem fra Hilde

    SvarSlett
  3. For et flott gryteunderlag! :) :)

    Og hjemmeheklede kluter er fantastiske å bruke, jeg sverger til kun hjemmelagede... Tidligere strikket jeg dem, men nå hekler jeg isteden fordi jeg synes dem blir tykkere og dermed enda bedre! :)

    Du har en nydelig blogg med mye inspirasjon! :)

    SvarSlett
  4. Det ble jo rå bra! veldi fine bilder! skulle ønske æ kunne hekle.... :)

    SvarSlett
  5. Så fine!! Jeg har også omsider lært meg å hekle, det er så mye fint man kan lage! Her er det små bamser som står på listen, til mine små (snart) to gutter:)
    Klem

    SvarSlett
  6. Lurt med slike gryteunderlag då! Det hadde ikkje eg komt på. Dekorativt og heimelaga og koseleg å legge på bordet:) Eg har strikka kjøkenklutar før, men trur eg må hekle neste gong. Dei vert gjerne litt tjukkare då. Prøver mønsteret ditt:) Kjekt å gi vekk som smågåver til veninner også desse:) Eg har brukt eit garn som heiter føn av bambus, visst du vil prøve noko anna. God søndag vidare:)

    SvarSlett
  7. Det var jo kjempelurt å hekle et gryteunderlag av sisal da :-) Og de oppvaskklutene ble jo kjempefine. Ha en fortsatt fin helg

    SvarSlett
  8. Supert tips om det gryteunderlaget :)

    SvarSlett
  9. Fiiine!! Flink du er..Har tenkt å laga fleire eg òg:) Fortsatt god søndag og helsa alle. Klems:)))

    SvarSlett
  10. Kjekt med både hjemmelagede gryteunderlag og kopptuer. Gryteunderlaget var så fint at det kan jo ligge på pynt når det ellers ikke er i bruk. Fint mønster.
    Ha en fin kveld.
    Klæm

    SvarSlett
  11. Superlekker gryteunderlag! =)

    SvarSlett
  12. Anonym1:59 e.m.

    saa flink du er!!! Ha en flott uke!!

    SvarSlett
  13. stilig!

    jeg har laget oppvaskkluter i mange år nå
    og jeg foretrekker å bruke tynt bomullsgarn og strikking - fordi det fungerer best med tanke på hygiene -som jo er viktig på kjøkken
    tynn klut er lettest å få skylt godt og tørker fort.


    hilsen ingr-kva@online.no :-)

    SvarSlett
  14. stilig!

    jeg har laget oppvaskkluter i mange år nå
    og jeg foretrekker å bruke tynt bomullsgarn og strikking - fordi det fungerer best med tanke på hygiene -som jo er viktig på kjøkken
    tynn klut er lettest å få skylt godt og tørker fort.


    hilsen ingr-kva@online.no :-)

    SvarSlett
  15. stilig!

    jeg har laget oppvaskkluter i mange år nå
    og jeg foretrekker å bruke tynt bomullsgarn og strikking - fordi det fungerer best med tanke på hygiene -som jo er viktig på kjøkken
    tynn klut er lettest å få skylt godt og tørker fort.


    hilsen ingr-kva@online.no :-)

    SvarSlett