Heisann,
slik ser det altså ut...
Nymåla vegg i stova..
Eg synes det vart kjempefint!
(Om eg skal seie det sjølv...)
Eldstejenta hadde OD-dag på fredag, og fekk måla andre strøket..
Godt for meg!
Det bør nok ha eit tredje strøk òg,
men det kan vente til neste helg...
Tusen takk for alle fine tilbakemeldingar på farge og måleprosjekt!
Alltid kjekt med litt støtte!
Trur me kan leve med denne fargen ei stund...
Det er uansett lettare å male, enn å kjøpe nye møblar, for å fornye litt...
Når det gjeld alle mine hekleklutar, har det kome spørsmål om kva garn eg brukar, og om dei vert fort "sure" ved bruk.
Det har vore litt forskjellig merke, men alltid bomull og stort sett brukar eg pinne 4...
nokre klutar har eg brukt pinne 3.
Om dei blir "sure" fort? Tja..eg bytter klut ofte, så eg har ikkje merka noko til det...
(har så utruleg maaange klutar, veit du...hihi)
Håpar det var greie svar...?
Helga er godt i gang hjå oss,
prøver å roe ned så godt me kan i dag,
berre rusle sakte og gjere ting me vil...
Håpar du har ei fin helg!
Klem
