Då håpar eg at alle mine bloggvenner har senka skuldrene
(og kanskje teke eit lite glas vin..?),
Dagen der eg eigentleg berre skulle gjera litt "koseleg" vasking, enda vel eigentleg opp som
ein skikkeleg stress-dag.
Det eine tek det andre,
når eg fyrst skal vaske, må eg rydde,
når eg nett ryddar her og der, så må eg ta det og det, og kanskje litt i kjellaren òg...
Men uansett, er eg endeleg ferdige no!
Liten julebusk på kjøkkenet er alltid koseleg..
Den store "busken" i stova derimot har vore inn og ut heile tre gonger i dag!
Fyrst var det for høgt, og i staden for å klippe (meir) av toppen,
tok me det ut og saga det i stamma.
Så vart det ikkje beint,
me bala og bala...
Då ljosa var kome på og litt av pynten,
velta heile treet!
Å halleluja!
Sjølvsagt med knusande kuler...
(då er det viktig å behalde roen..hihi)
Eg bar treet ut eindå eingong,
etter å ha ribba det for pynt.
Mor (altså meg) saga og saga...
(Mannen i huset er ikkje heime i dag)
Og no står det altså ferdig pynta,
og me tør nesten ikkje puste...
Hahaha....
sjølvsagt redde for at det skal velte igjen...
Her fekk du nokre glimt av herlegheita,
jentene mine har stått for pyntinga heilt sjølve!
Me vart fornøgde til slutt.
Då vil eg ynskje alle mine kjekke tolmodige og snille
lesarar der ute i verda;
Ei riktig god og fredeleg jul!
(eg kjem nok innom att i jula òg..)