onsdag, juni 29, 2011

Morgonstemning og "ny" bordplate

Ein herleg morgon,
roleg og stille start på dagen,
radio og eit kjøkken for meg sjølv...

Nye flotte blomebukettar frå barnehand dukkar stadig opp,
fyrste rosa frå hagen er med..

Så måtte eg berre vise den "nye" bordplata mi,
kva synes du??
Min kjære mann var så lei av alle flekkane i kvitmålinga at han pussa heile plata.
Kanskje den berre skal vera slik ei stund?
Men alt endrar seg når bordplata er av tre,
lyset og stemninga i rommet vart ei heilt anna...

Eg veit ikkje,
treng litt tid...


Og kven har sagt ein ikkje kan ete kanelbollar til frokost?
Som eg hadde skrive i førre innlegg, så vart det bakedag i går...
Men no er det nesten tomt...
alle bollane fekk bein å gå på i eit hus med mange store og små...

(sjølv om eg kanskje åt flest..hihi)

Eg veit at det regnar,
men det er så utruleg lite å gjera med...

Ha ein flott dag!

tysdag, juni 28, 2011

Ei fin helg


Eg håpar naboen tilgjev meg...
Han hadde så utruleg nyydelege valmuer i hagen sin...og han var ikkje der å kunne nyte dei,
no kan han sjå iallfall ei av dei hjå meg istaden..hihi...

Det er kjekt å lese alle bloggane for tida, alle som har storkosa seg i hovudstaden på dei berømte glansdagane til NIB!

Med prisutdelingar og kjekt seminar. Eg må berre gratulera alle vinnarar! Vel fortent til alle ihop!

Og dagens vetle hemmelighet,
eg var nemleg i Oslo eg òg..hihi

Men me var opptekne heile helga.
Med andre ting.
Ei lita dokke skulle feire dåpsdagen sin,
og me fekk vera med.
Kjekt!


Vår litt større dokke storkosa seg i hagen til sitt søte søskenbarn.
Dei hadde litt andre leiker og eit stort rutsjebane-stativ som sjølvsagt var superkjekt!

Litt shopping høyrer med, sjølv om det ikkje er enkelt når ein er så mange...
Men eit fantastisk vêr gjorde alt berre bra likevel.

Her hjå oss regnar det nonstop i dag...og alt er som det pleier...
Eg har ferie,
eldstejenta har ferie,
storebror har perm...

Kanskje dette blir ein bakedag?!
Klem til deg!

(PS har stoore problem med å kommentera andre bloggar for tida, veit ikkje kva som er gale...fleire som har samme problem??)

laurdag, juni 18, 2011

Det måtte bli sau...

Eg må le litt når eg ser desse bileta..haha
No har me hatt sauer rundt alle fire veggane av huset vårt i maaange år...
(ikkje inn i hagen altså..)
Men som kjent elles i landet, legg også sauebonden ned produksjonen rundt oss òg..
No er det berre rundt tre veggar...

Som kompensasjon for tap av "utsikta" har me no ein sau i sofaen.
Eldstejenta sa: "Mamma, eg kjem til å få mareritt om den sauen..."

Haha...
Jodå kan hende det, men den passa fint inn...
Den kom sjølvsagt via posten, er av merket By Nord og kjøpt på den fine nettbutikken Hviit.



Me er inne i ei aktiv helg, med avslutning på jobb og snart skuleslutt...
Det skal bli bra.

Ein fin laurdag til alle!

tysdag, juni 14, 2011

Ein dag heime...

Ein dag ekstra heime,
dokkemor har feber...
Ikkje kjekt å vera liten og sjuk.

Men blid som ei sol, likevel.

Nesten godt det vart overskya att, når me likevel sit inne.
Sofakroken og barne-tv er godt å ha.
Alltid når eg vert sitjande for lenge i ro (noko som ikkje skjer for ofte...), ser eg rundt meg på ein ny måte.
Sit å ser kva eg kunne gjort,
kva eg kunne flytta,
kva eg kunne måla...

Men i dag så har det vore mest; kva eg kunne rydda...hihi
Masse klede og rot inne etter ei aktiv helg ute...

Tilbygget har endeleg blitt heilt ferdig måla!
Mannen har hengt utanfor soveromsglaset i lift...
Eg har måla alt eg når frå bakken...
Phu, godt når det er gjort.


No satsar eg på at dokkemor kjem seg utover dagen, slik at ho er frisk og klar for
4-års kontroll hjå helsesyster i morgon!

Og eg seier ikkje nei takk til TOM skittenklede-korg heller...
Håpar...

Ein fin dag til alle som er innom!



fredag, juni 10, 2011

4 år!


 Verdas søtaste 4-åring!
Sjølvsagt...
Dokkemor har hatt bursdag (for nokre dagar sidan alt).
Litt bilete frå dagen høyrer med.

Ei høgt ønska ballerina-drakt kom i pakke, som sjølvsagt måtte på kl 06.30 på morgonen!
Litt ballettdans fekk ho òg tid til.

Leenge å vente til kl 17.00 då selskapet skulle starte.



Til dokkehuset fekk ho ein liten ny komfyr m/vask, kjekk liten sak frå IKEA.
Den vart teken i bruk med ein gong (etter eit nytt klesskift),
nydeleg kjole frå Katvig ...


Flott (iallfall nesten) pompom (eller kva det heiter??), heimelaga etter supert tips frå Den gode feen .
Den var visst ikkje heilt bein og rund, men pytt pytt...
Super enkel å lage, berre litt silkepapir og streng...




Ein girlander av silkepapir i vindauga...

Pynta til fest!
I ein nydeleg Dundelina-kjole..
og heilt sjølvlaga krune for anledningen.

Ei strålande nøgd lita jente etter ein flott dag!

No er det helg igjen, håpar å få gjort noko fornuftig,
og noko kjekt!

Riktig god helg til deg!

laurdag, juni 04, 2011

Ei god langhelg


For meg og ungane har det vore ei god langhelg.
Ho er vel ikkje over enno,
men det nærmar seg...

Eg ser at bloggverda er full av peonar for tida,
det forstår eg godt!
Desse fekk eg overraskande nok,
av mannen i huset...
takk.



Sola er komen til vår del av verda,
eg kjennar at det er knallgodt, og vel fortjent, faktisk.

På plenen ligg hoppeballar og diverse anna...det er som det skal vera.

Me har vore så heldige å få vera i endå ein konfirmasjon i helga.
Ein flott gut,
ein flott dag,
og eit flott selskap hjå systere mi...



Etter ein dag full av inspirasjon er det lett å finne på masse når ein kjem heim.
Eg rydda kontoret,
rydda dokkemor sitt rom, ommøblerte,
flytta litt på kjøkkenet,
og vips fekk eg gjort masse på ein dag!

Eg håpar sola skin i morgo òg!

Kjem snart att...