søndag, august 21, 2011

Hei og hopp

Det tar liksom litt tid med å byrje å avslutte ein lang og god ferie...
(iallefall 14 dagar...hihi)
Alle dei dårelege vanane ein har fått,
sit ute til det blir mørkt...
vin midt i veka...
står opp litt seinare enn til ein vanleg jobbdag...

Men me byrjar endeleg å kome inn i det no.
Iallefall dokkemor som sprett opp kl 06.30 både til kvardag og helg...



Som de ser så har eg fått litt bringebær.
Eg elskar syltetøy!
hmm... høyres kanskje litt rart ut,
men eg et det kvar einaste dag til frokost.
Eg berre må ha det...

Difor er det like greit å lage sitt eige.
I år har eg fått tak i masse bringebær, både hagebær og ville bringebær (sjølvplukka).
Sylta er rørt og ligg godt i frysen, slik at eg har meir enn nok til langt utpå våren ein gong.

Men nokre av bringebære måtte bli pai...
Eg synes det er kjekt å fryse litt heile bær, som eg kan ta opp gjennom vinteren og lage både smoothie og bærpaiar av...

Ein smak av sommar gjennom heile året, faktisk!

fredag, august 12, 2011

Oppstart

Jobbveska står og ventar på meg i gangen,
det er teiknet på at no er me i gang att.
Eg har vore i sving ei veke no og kjenner at det er greit.

Trultemor er i barnehagen att etter ein laang ferie.
Skulestart er rett rundt hjørna
og eldstejenta skal på "hybel" (hjå besto).

Eg synes det til og med luktar haust...


 I dag var eg tenkt til å ta ein riktig storvask slik at alt liksom var gjort,
men eg enda med å ommøblera stova igjen,
blir liksom aldri heilt fornøgd med den...

Ute skin sola,
så ein kaffikopp ute er ikkje dumt...

Snakkast snart att då?
Takk for at du kikka innom til meg!


fredag, august 05, 2011

Kjøkkenet i dag...

Litt kjøkkenbilete før helga.
Eg synes det er kjempestas å plukke inn blomar frå hagen,
og gjer det heile sommaren og til langt utpå hausten...

Det er ikkje alle blomane eg synes er like fine,
men når eg tek dei inn,
er kvar ein fargeklatt
veldig velkomen...


Me står framføre litt av ei dugnadshelg her i bygda vår.
Det er arrangert både mini-thriathlon og Norsman Xtreme Triathlon her i helga...
Alt ved hjelp av velvillige bygdefolk,
 eg trur jammen alle er med...

Og når folketalet meir enn doblar seg,
då kan ein tenkje seg...


Men kjekt blir det,
håpar eg!

Eg stiller kl 02.45 i natt...
på dugnad...

Lukke til alle som er med!

Og ei riktig god helg til deg!


onsdag, august 03, 2011

 Kven skulle tru at dette er i den ur-norske fjellheimen?
Etter nokre dagar i her oppe vart det litt bilete...

Her treng me ikkje så mange ord...


 Bading i fjellheimen er ikkje for pyser...
(PS men varmare enn i sjøen her...)


 (Kven skulle tru at eg ville legge bikinibilete av meg sjølv på bloggen?? Haha...ikkje eg...)





Framleis nokre dagar att i fred og ro...

Eg nyt det no.

(Hardangerjøkulen skimtast i bakgrunnen)

Klem til deg