Sidan eg har ein blogg, må eg vel kalle meg litt meir enn middels interessert i fotografering...
Men å lære noko nytt er likevel ikkje heilt enkelt (for enkle meg...).
Eg er absolutt ikkje typen som blar meg fram i bruksanvisningar og rettleiingar på nett,
eg har sovna leenge før andre avsnitt...
Og det kriblar altfor mykje til å trykke litt her og litt der...
Difor må eg satse på prøve-og-feile-metoden...
Det er òg absolutt kjekkast, synes eg.
Korleis er det med deg?
Eg beundrar alle som klarar (orkar) å lese ei bruksanvisning!
(iallefall til eit eller anna elektroninsk...)
Som de kanskje ser, tenkjer eg i dag på innstillingar på fotoapparatet,
kor mange der ute er det som stiller møysommeleg inn apparatet FØR dei fotograferer?
...Og kor mange redigerar i etterkant??
Eg har alltid redigert litt i etterkant,
lysna litt og lagt på litt kontrast, kanskje...
MEN no skal eg byrje eit nytt og betre fotoliv!
Ingen av bileta i dagens innlegg er redigert...
Alle er teke på same tidspunkt på dagen.
Men med ulik innstilling på apparatet.
No merkar eg at eg skulle hatt eit stativ.
Er det vanleg at lukkartida er såpass mykje lenger når ein har innstillinga på manuell?
Nokon som veit?
Kan eg i tilfelle gjere noko med det?
(utanom ISO-innstilling)
Med fare for å høyras ut som eg aldri har teke i eit fotoapparat før,
postar eg dette innlegget...
Eg har berre ikkje orka lese bruksanvisninga...
(...eller sett meg inn i korleis apparatet eigentleg verkar...pinleg??)
Ja,ja...
Me har uansett hatt ei flott helg, som gjekk altfor fort...
I skibakken både laurdag og sundag...
Stas!
Ha ei fin veke!