laurdag, april 14, 2012

Nymåla stove

Ja, ikkje heile stova...
Men halvparten av stova,
 har no fått same farge som ein av veggane fekk før jul i fjor.
fargen heiter dyp mocca - frå Jotun (heilt matt).

Eg synes det vart ganske fint.
Sidan me har kvite golv i stova,
er det lett å ha ein veldig mørk farge på veggen...

Men frå dei store vindauga på motsett side,
skin lyset inn på ein kvit vegg...
Det gjer òg at det ikkje verkar for mørkt...


Eldstejenta er heime i helga,
kjekt for minstemor
og oss.

I dag har eg fått vaska litt rundtomkring,
badet har fått seg ein omgang med såpe,
stova og til og med vindauga.

Kjekt med lyse kveldar...

Ein fin fin laurdagskveld til deg!


onsdag, april 11, 2012

Gyngestol

Gyngestolen min er komen ned att i stova.
Dokkemor tok den med ein gong inn i varmen,
favorittstol nr. 1

I kjent stil, med beina på bordet...
og barne-TV...



Den har stått lenge oppe på diverse soverom,
flytta litt her og der. Slik som dei fleste møblane her i huset.

Men kjekt å ha den nede att.

I dag har me vore til Voss i 16-årsdag til ei flott jente!
Kjekt å møte søskenbarn, som ein altfor sjeldan ser...
Og kjekt for tre systre å møtast òg.

I morgon er det barnehage og jobb igjen.
Fin fin kveld til deg!

søndag, april 08, 2012

Nordlandslefser

Innimellom skigåing, rydding, støvsuging og vasking av klær,
må ein jo bake litt...
Noko som alltid er populært hjå oss er 
nordlandslefser...
Knallgode med brunost,
eller berre slik dei er.


Tidlegare trudde eg at ein måtte ha ei slik steiketakke for å klare å steike
desse lefsene,
men det er slett ikkje nødvendig.
Oldemor til ungane mine gav meg ei oppskrift som ho brukte,
og ho steikte dei i steikeovnen på brett...
Dei blir akkurat like gode!

Oppskrift for den som vil prøve:

3 koppar kefir
1 kopp sukker (eg brukar litt mindre)
1 kopp smelta smør
1 kopp sirup (lys)
3 ts natron
2 ts hjortesalt (eg brukar bittelitt mindre)
kveitemjøl til passe deig

Vær ops på at deigen skal vera litt klissete,
eg brukar å klappe ut kakene direkte på steikeplata.
(ca 1 til 0,5 cm tjukke)
Prikk med gaffel over kakene før du steiker dei.
Plass til fire stk pr steikeplate.

Steik midt i ovnen på ca 200 grader til dei er gylne og fine!

Lukke til!


Etter ein lang og fin skitur i går,
med innlagt matpause på hytta,
blir me heime i solveggen i dag.

Kanskje me opnar ute-vaffel-sesongen?

Kos deg du òg!
Fortsatt fin påske til deg!

torsdag, april 05, 2012

Påske hjå oss...

Ja her kjem ei lita oppdatering...
Minstejenta har måla egg heilt sjølv,
etter alle kunstens reglar,
med tørking mellom fargelaga..
Dette visste ho alt om...
hihi..
Fine vart dei iallefall.

Me har alt vore nokre dagar på hytta (til svigers).
Den ligg langt og høgt til fjells,
alltid kjekt å ha nokre dagar langt frå alt...
Utan straum,
med vatn frå elva og snurredo...

Stille i solveggen.

Me har aka på presenning nedover skaren...
(litt vondt, men veldig morro!)
Gått små skiturar,
grilla pølser på bål i sola...
Slappa heilt av.
Godt for alle.

Små glimt frå hytta.
Eg kan verkeleg ikkje forstå at eg ein gong (for ikkje så veldig lenge sidan)
synes at furu-panel var veldig stygt...

No synes eg det er heilt herleg!
Eg håpar ingen målar denne hytta nokon gong!

Sol frå morgon til kveld, hadde me.
Me var heldige dei tre dagane det varte...

Det fiine åklè har svigermor vevd.
Nydeleg...

Ynskjer dykk alle ei riktig god påske!
Det er vel eigentleg i dag den byrjar for alvor...

God klem frå meg!