tysdag, mai 29, 2012

Godlukt på kjøkkenet


Reknar med at de toler endå eitt innlegg om syriner??
Det er få ting som inspirerar meg meir enn naturen rundt oss, brukar eg
å svare (om nokon spør). Der spelar syriner ei stor rolle...
... Å stå på kjøkkenet ein tidleg morgon,
rett ved ein stor bukett...
ahh!
Om du ikkje har prøvd, så prøv...
(dersom du IKKJE er allergisk, vel og merke...)

Det verste eg veit nemleg,
eg veit ikkje om eg tør å seie det...
men det er; matlukt...
Altså sånn skikkeleg middagslukt,
det likar eg ikkje...

Eg gjer mykje for å lufte den ut av huset...
(eg burde kanskje satse meir på duftelys..??)
hmmm...


Så difor luktar det ikkje (så veldig) fiskekaker hjå meg i dag,
men syriner...

Fridagen i morgon går til næraste tettstad,
MÅ kjøpe pakke til ei lita dokke som snart fyller heile 5 år!

Tenk at tida går så fort...


måndag, mai 28, 2012

Ikkje ein vår utan...

Ikkje ein vår utan syriner...
Lukta fyller heile huset,

det er snart sommar...


Eit gamalt syltetøyglas er vasen,
ein "feiltova" gensar vart klipt opp, og dekkjer glaset...
Perfekt gjenbruk!



Ute skin morgonsola,
ho kjem inn...

Eg har vore ute med kaffikoppen leenge...
Ein roleg morgon med nyslått plen.
Kan det bli betre?
(jodå eg slo plenen sjølv om det var 1.pinsedag i går...håpar eg er tilgitt...?)

Minstemor fekk bassenget ut med vatn i går...
Kjekt!
Kanskje det blir strandtur i dag?

Ha ein fin 2.pinsedag!




laurdag, mai 26, 2012

Litt nasjonalromantikk...


Er det ikkje flott?!

Tenk å få lov til å bu slik?
Midt i hjarta av Noreg,
midt i ein eksplosjon av VÅR...



Me er nok ikkje åleine, i dette flotte landet vårt,
å bu så fint...

Men uansett kvar du bur,
no har våren (kanskje sommaren? Kven veit?)
vist seg for oss.

Det kjennes som å bu midt i ei Astid Lindgren bok...
Ikkje ein bil å høyre,
berre elvane som brusar..
(nokon vil kalle det elvasus..men ikkje eg..hihi)
..og fuglane som kvitrar,
så langt øyra kan høyra..
(haha)



Men me veit jo alle, at ingenting varer evig...
Difor er det faktisk veldig viktig at me klarar å glede oss medan me kan.

Det gjer eg!


Vetlasyster har fått seg ein rosa håv...
Ho har jakta på sommarfuglar i heile dag.


...men dei flyg berre vekk.


Det er ikkje rart,
dei nyt våren dei òg...

Det håpar eg du gjer òg,
uansett kvar du bur!



søndag, mai 13, 2012

Stas!


Visst er det utruleg stas å få kome på galleriplass hjå NIB!
Etter SÅ utruleg mange flotte bidrag, 
hadde eg verkeleg ikkje rekna med å bli sett i det heile...
Knallkjekt!

Blomane og jordbæra er til alle dykk som gjer dagen min ekstra fin!
Tusen tusen takk for så mange fine kommentarar,
det er så eg vert heilt flau...



Men det er det heldigvis ingen som ser...hihi

Eg gledar meg til å sjå vinnaren av konkurransen,
og veit at premien denne gongen er utruleg flott.
Har vore i Rosendal nokre gonger,
og det er utruleg fint der!

Masse lukke til alle dykk!

Ha ein fin kveld!






laurdag, mai 05, 2012

Mi fyrste utfordring

"Nytt møter gammelt"
NIB har ei utfordring kring eit tema som passar meg bra.

Eg brukar aldri vera med på slike utfordringar,
litt fordi eg ikkje er sylist,
og aldri hadde kunne vore ein...
Og når noko må stylast og fixast til for å kunne fotograferast,
då gidd ikkje eg..
(ja det er sanninga)
Hahaha

Kva har eg i ein interiørverd å gjera?
Jodå, eg likar å sjå...
berre sjå...

Håpar det er grunn nok?
Men ting må liksom kome til meg,
eg finn ikkje opp kruttet...
Det har eg aldri gjort.

Men når eg ser meg rundt i vår heim,
ser eg berre; nytt som møter gamalt...
I alle rom...


Men eg har valt å ta med kjøkkenet,
for her viser det godt.
Der det går eitt trinn ned,
møter gamle-huset det nye tilbygget.
Der møtes òg to (om ikkje tre?) generasjonar med kjøkkeninnreiing...

Den gamle disken kjem frå min mann sin familie,
hans bestemor (eller kanskje det var oldemor?) hadde den i sitt hus,
det grå skåpet kjem frå ein nabogard, og er frå 60-talet...ca
Så møtes alt dette med vårt nye IKEA-kjøkken,
kjøpt i 2010...

Sjå utfordringa her..

Hiv deg med du òg då...

God helg!


Endeleg helg!
Satsar på ein roleg laurdag...

Fine små perleblomar på bordet  mitt i dag...

Konfirmasjonshelg her i bygda i helga,
ynskjer alle med konfirmatar ein fin dag i morgo!


Eit lite glimt av den vetle verandaen som går ut frå kjøkkendøra vår.
Den er bygd av gjenbruksplankar,
men med nye terrassebord...

Søndag reiser me til Oslo att, eg og eldstejenta,
ho skal til kontroll...
Me håpar det går bra.

Ei fin helg til deg!


onsdag, mai 02, 2012

Ting som høyrer våren til...


Neidå, eg har ikkje lagt ned bloggen,
eg berre fekk det så grusomt travelt her ei stund...

Våren er ofte sånn,
mykje skal opp av grøfta og ut i lyset,
støv flyg både her og der...

Som denne fiine gamle vinballong-korga!
Den kom til meg ein vindfull dag..
hihi..


Synes den passar fint med absolutt ingenting inni.
Berre vere slik den er,
skulle ønske det gjaldt for alt...
(vindauga, støv og skit...haha)


Når sola treff, 
ja så treff den så utruleg fint.
Iallfall på desse søte perleblomane,
som ved eit mirakel finnes i MITT bed!




Glimt av andre ting som høyrer våren til,
dekkskifte og
sykkelvask...

Det har faktisk kome ein liten fin treplatting ut framfor denne døra no.
Ja, den var fin den i stein òg,
men så altfor bitteliten og lav...
Resten av uteplassen vår er ein helle-platting bygd opp av stein...
Skal vise bilete av den snart...

Må nett på slutten her sende ein stor og varm tanke til alle i Øygarden...
Eit STORT sjokk at flinke flotte Aleksander Dale Oen er borte!
Det er sånt som ikkje skal skje....