søndag, juli 29, 2012

Uterom

Jammen har me hatt nokre dagar med sol!
Utruleg godt!
Endeleg å kunne nyte uterommet og hagen skikkeleg...
Har sikkert vist litt bilete før, 
men no er den nye vetle altanen framfor tilbygget heilt ferdig,
beisa den i fargen "fjellbris" (Butinox). 

Var veldig fornøgd med den fargen...
Har brunsvart ramme rundt...



Nedafor har me ei helleplatting oppmurt av stein...
Deler av plattinga er under tak,
noko som er veldig nødvendig....


Og med ei dokkemor som har laang ferie,
er det viktig at det skjer noko innimellom.
Me laga indianartelt...
Eg hadde slike riveskaft liggande etter eit misslukka lampe-prosjekt...
Surra dei fire riveskafta saman i toppen,
la rundt diverse tepper og pledd...
Vips!
Ein stad å gøyme seg...


Teltet har eg sett på fleire bloggar rundtomkring.
Det er lett å flytte rundt i hagen,
 og ikkje minst ta ned når kvelden (eller regnet) kjem...

I helga har me vore i kjekk 60-årsfeiring til mammo mi.
Eg må seie at eg er ikkje det minste redd for å bli eldre,
når eg ser kven som legg seg sist og står opp att fyrst...
(det var ikkje ungdommen...)
Haha...

Ei god veke til deg!

onsdag, juli 25, 2012

...

Eg kom ikkje på noko overskrift i dag...
Men det er ikkje fordi me har hatt ein tom dag,
men kanskje fordi bileta absolutt ikkje passar til teksten...
Har du det slik av og til?

Eg og dokkemor var på nistetur til fjells i dag,
mor gløymde kamera...
men hugsa ALT anna!
Hadde berre mobilkamera,
og sidan min mobil har bestemt seg for å halde alle bileta for seg sjølv,
kan eg ikkje publisere dei her...
(problem med koplinga til data`en, spør meg ikkje kva som gjer det...)


Me gjekk ein lang og nydeleg tur,
med masse sol.
God niste er viktig, og mange stopp undervegs.
Mykje som må sjekkast.
..."var det ein frosk?"
..."må nett kjenna på vatnet, i elva.."
.."kan me sitta på denne steinen, mamma?"
jodå..me kunne alt saman.


Flinka jento!
Me gjekk i 3 timar...
Trøytt og god i kveld!

Fine blomar frå hagen,
og det er ikkje peonar, det berre ser slik ut...
Fine roser...
(som eg ikkje hugsar namnet på...sjølvsagt..)

Håpar du har att ein fin dag, du òg!


måndag, juli 23, 2012

Flaks


Snakk om flaks,
på Fretex, av alle stader,
ein liten kopp...
til den nette sum av kr 10,-
Ein ekte Kähler, eller Mano-kopp,
som den heiter, vart min....
Kjekt!


Fin farge var det òg,
kanskje eg finn fleire ein vakker dag...

Sjølv om dei veldig vakre dagane let vente på seg...
prøver me å kose oss så godt me kan.
I dag har eg sett det praktiske i tungt skydekke og regnbyger, og rydda og vaska i hagehytta vår.

I går måla eg hageborda,
i morgon skal eg ta alle stolane...
(det er ikkje plass til alt på ein gong i garasjen...det må jo tørke under tak, må veta...haha)

Sa eg at eg hadde beisa altanen...?
Jodå det går, sjølv om bygene går tett...

Men bilete av det lyt de få ein anna dag.

No skal eg ut å setja meg i soveposen, under tak,
for å vente på ei solstråle og to...

Ynskjer deg ein fin ettermiddag!

laurdag, juli 21, 2012

Ny hylle og ny kopp...


Me er vel heime att etter mini-ferien vår på Voss.
Kjekt å fylle dagen med andre ting enn husarbeid...

Me nytta høve til å reise ein tur til Bergen òg.
Eldstejenta skal gå siste året på vidaregåande skule i Bergen..
Skummelt...
Men no veit me kvar ho skal bu,
det var både fint og praktisk...

Og shopping slepp me ikkje unna,
heldigvis!
På IKEA fant eg ei bittelita hylle til kr 19,-
den har fått plass på kjøkkenet...
Veit ikkje heilt kva eg skal ha på den, 
men eg har sett opp litt av det som stod på disken.
Det endrar seg vel etterkvart...


Og sjå denne søte koppen!
Den fant eg på Fretex for kr 5,-
Supersøt kopp til minstemor...


Allereie støv på hylla mi...?...hmmm

Fin dag til deg!



søndag, juli 15, 2012

Litt tiltakslaus...

Er det ikkje rart korleis ein tenkjer heile året, 
(iallefall eg...)
At når eg har fri, då skal eg...
Ja, berre vent til ferien..
DÅ..
...skal eg iallfall mala noko,
rydda ein stad
vaska...
Og så er ferien her...


Og eg har berre lyst til å ha fri...
hihi
Eg sit og ser på alt som skulle vore malt,
alt som skulle vore pussa,
(som bordet på bilete, for eksempel..)

Eg skal berre nett,
nett lese ei bok til...
Nett drikke litt kaffi,
nett sitte litt i solgløtten ute i det fri...

...springe meg ein tur.

Men eg er heldig som har ferie leenge...
Det kan jo hende eg får gjort noko likevel,
sånn heilt til slutt...

Håpar du har tid å kosa deg du òg!
No skal eg og minstemor avgarde til mammo mi nokre dagar,
medan mann og eldstejenta passar arbeid, hus og heim.

Visst er eg heldig!




fredag, juli 13, 2012

Tiddelibom...


...det snør det snør"
Neidå, ikkje akkurat snø..
Men regn i bøtter og spann!

Og kva skal ein finne på endå ein regnversdag?
Då blir det vel litt meir baking, då.

Desse er enkle og supergode:

Scones:
300g kveitemjøl
2 egg
60g sukker (eg brukte berre ca ei ss)
80g smør (ikkje smelta)
2ts bakepulver
1 1/4 dl mjølk

 Rør saman smør og egg fyrst,
bland i resten...

Nydeleg gode med ost eller syltetøy!



Og regnar det meir no, så kjem eg til å ese ut som ei ballong...
Hahaha...
Sant

Håpar sola skin på deg!


onsdag, juli 11, 2012

Bærpai


Det fyrste eg har lyst til etter ein lang ferietur,
er ofte å bake...

Då passa det veldig fint at det kryr av markjordbær her,
og minstedokka er flink til å plukke...

Og sidan me kom heim tidleg ein morgon til nesten tomt kjøleskap,
måtte me bruke det me hadde.
Oppskrifta vart slik:

Paibunn:
ca 80 gram smør/margarin
ca 1 egg
ca 3 dl kveitemjøl
Bittelitt mjølk/evt fløyte
Litt sukker

Fyll:
Bringebærsylta
Markjordbær
Klattar med vaniljekrem (utgått på dato..hihi)
Strø med litt mandelflak på toppen

Så finn du ein (evt. gamal) isboks i frysen og har inntil...
Nydeleg!


Ein anna ting eg gjer når eg kjem heim, er alltid å plukke inn alt av blomar frå hagen.
Og i år bugnar det! Det lukta himmelsk i heile hagen,
masse roser og buskar stod i full blom.

Fantastisk kjekt!



 Då håpar eg du har tid til å dikte deg ein bærpai du òg!
Det er nemleg ikkje alltid så viktig å ha ei nøyaktig oppskrift...
Hihi

Lukke til!


tysdag, juli 10, 2012

Hei og hopp!


Ikkje for å irritera nokon,
men sand mellom tærne ein gong innimellom blir aldri feil.

Me har vore på tur og bunkra opp masse lys, sol og varme
...(og litt sand)
..til vinteren.

Varm sol, varm sjø
og Middelhavet sin svalande bris...

Det er berre å drøyma seg vekk.



Litt kultur må me alltid ha på tur...
Denne trappa er kalla; "lidelsens veg"...
Og det var litt av ein "lidelse" å gå der i 43 varmegrader...

Sjølv om eg ikkje trur det var slik lidelse dei meinte då dei kalla trappa dette...



Fine fargar og fint ljos.




Den enorme katedralen i Palma er vel verd eit besøk.


Flotte og trolske gamle oliventre var det overalt...


Me har hatt det fint.
Men det er alltid godt å kome heim,
tømme kofferten for sand,
kjenne den friske lufta,
sjølv regnet var friskt og godt (iallfall ei stund),
tappe seg eit iskaldt glas vatn rett frå springen.

Det er mange ting ein saknar når ein er på tur...

No satsar eg på litt meir aktivitet på bloggen.

Kjem snart att...