onsdag, september 19, 2012

Kven er dette?


Nokon som kjenner seg att?
Hihi
Denne sjarmerande karen fant eg på Fretex...
Synes han var så flott!

Han er fullt bevegeleg i alle "ledd",
og kan stå åleine...
Han er ganske høg
ca 40cm...

Men kven er han?


Eg synes eg har sett sånn fine apekattar som heng etter ein arm,
som kanskje kan sjå ut som dei er laga etter same prinsippet.

Men er det nokon som veit kva for ein fyr dette er?
Og kvifor den er laga?

Hadde vore kjekt å visst.

Me nyt fridagen i dag.
Dokkemor er på veninnebesøk,
og mammo får rikeleg med tid til alt som står "på halv åtte..."

Og snart er det orden att...

Sjåast snart att...


laurdag, september 15, 2012

Ommøblering på gang...


Når hausten kjem, 
er det typisk at ting må endras på,
 her hjå oss.

Denne gongen var det nokre hagemøblar som måtte inn.
Desse fiine stolane frå IKEA kjøpte eg i sommar.
Dei har stått på den eine overbygde verandaen vår
(dei kan ikkje stå i regn).

Men eg synes dei var for fine til å overvintra i garasjen i vinter...


Den gode skinnstolen min måtte flytta for å gje plass...


Den har havna på kjøkkenet...
Som god avis-lese-middags-kvile-stol...hihi


For meg og minstemor er det ei fin og stille helg,
utan andre planar enn litt frisk luft innimellom...
Eldstejenta har jobbehelg, 
og det har visst mannen i huset òg...

Me nyt freden så lenge...

Ha ei super helg du òg!




søndag, september 09, 2012

Enkelt


Eg likar at ting er enkelt.
Lett å få til,
og lett å fjerne...

I dag vart det litt "nye" bilete på veggen.
Fant nokre insekt som vart fanga med kameralinsa
tidlegare i sommar...



Sommarens vattepper har fått plass i sofaen,
då treng ein ikkje vere SÅ redd for søl og griseri...
(som lett skjer her i heimen...)


Då håpar eg du har hatt ei nokolunde fin helg!?
Eg har fått både frisk luft, trim og handlelyst tilfredstilt...

Ei god helg,
med andre ord.

No, klar for ei ny veke!



søndag, september 02, 2012

Litt forandring, igjen...


Ja, kvifor ikkje?
Rett og slett gå litt "bananas"...
I fargekartet, altså...

Kva synes du?
Oransje.
Det var eit herk å male stolen, for den har så mange runde stolpar.
Men eg gjer det kanskje snart igjen...

Kanskje...



Dokkemor leikar i bakgrunnen,
heile stova flyt i brio-togbane,
som er veldig kjekt for tida...


Me har hatt ei kjekk helg,
blåbærtur igjen.
Dokkemor og meg, ruslar avgarde innover fjellheimen,
såå kjekt at ho kanskje blir smitta av mammo si dragning mot fjellet!
Då har eg fast turkamerat.

Det vart lite blåbær,
og mest tur...

Då var batteria lada nok ein gong!
Eg er klar for ei ny veke.

Det håpar eg du er òg.
Fin ny veke til deg.