onsdag, oktober 24, 2012

på tide...


I dag har me kosa oss sånn!
Gått lang skogstur i pøsregn,
funne klatretrær,
og berre lukta på hausten.

Finaste tida me har er no framover.
Lyset som er så sparsommeleg,
mørket tvingar oss til å tenne ljos og synke endå djupare ned i godstolen.
Hihi
Neidå, eg sit ikkje så lenge om gongen i den stolen.
Men i dag har me hatt fri og morgonen blir ekstra lang,
og ein kaffikopp kan bli til tre...



Eg synes sjølv eg har kjøpt eit så fiint clip-board frå FermLiving.
Det store i tre...
Det vesle er òg veldig fint,
ei gåve til dokkemor frå tanto...
Må finne nokre fine bilete og henge på dei,
trur eg...

Ha ein knallfin dag!
Hugs den blir ikkje betre enn det du gjer den til...

Klem


søndag, oktober 21, 2012

Ei heilt vanleg helg


Det blir visst litt naturbilete her for tida...
Det er så fint ute no!
Så mykje fint å sjå på...

Eg blir visst litt inspirert til å leike meg litt òg...


Om nokon ikkje har skjøna det før,
så har eg altså fått meg ein ny såkalla "smart-telefon".
Ikkje det at den er så smart,
er vel heller eg som må skjerpe meg litt...

Eg trudde faktisk eg hadde ein smart-telefon før òg.
Men den var visst ikkje fullt så lur...
Det eg vil fram til er at det faktisk er kjekt med telefon!
Jodå, eg er hekta..
På Instagram...
Så prøver eg å blogge frå mobilen, 
men der er me ikkje heilt einige mobilen og meg...
Enno...


Men uansett så går verda vidare,
sjølv om eg har fått meg eit nytt leiketøy...

I dag har me vore bøssebærarar,
dokkemor svinsa rundt med bøssa og synes det var såå kjekt!
(heilt til me skulle ringe på dørene...)



Mykje fint å sjå langs vegen...
Jodå, me har høge fjell her.

Huset på det nedste bilete gjekk me forbi,
eg har vore forbi mange gonger før òg...
Så fint der.
Men akk så lenge sidan nokon brydde seg...
men det er framleis tid.

Ei ganske vanleg helg er forbi,
godt med fred og ro.

Fin veke til deg!



søndag, oktober 14, 2012

Haustferie

Siste kveld av haustferien,
eg veit, eg er heldig.
Me har opplevd mykje,
dokkemor har hatt nesten to veker fri frå barnehagen.
Nokre dagar med søskenbarn på besøk frå Oslo,
 og kos hjå besto og besten.

Nokre dagar i Bergen med storebror og storbyliv på hotell.
Me rakk nokre dagar på Voss hjå bestemor og søskenbarn der...
Kjekt!

Til og med ein tur til Hodnaberg fekk me med oss!
Det er ikkje verst...

 

Bratte vegen opp,
belønna oss med fantastisk utsikt!
Litt meir vinter enn haust..
Men utruleg heldige med veret denne dagen.
....

Til slutt nokre dagar heime,
til å rydde i skuffer og skap,
vaske litt klær og kosa oss...

Jammen er det kjekt med ferie,
men eg trur eg er klar for jobb i morgo!

Håpar hausten er snill med deg òg!

Heisann...


Det er jammen ikkje enkelt alt som gjev seg ut for å vera det.

No har eg i lengre tid prøvd å "mobilblogge"
utan særleg hell...
Kva i all verda gjer eg feil...?
Ingen av innlegga mine vil "poste" seg..

Kjenner at tolmod ikkje er mi sterke side...
(men det visste eg jo...)

No ser det ikkje ut til at bileta blir særleg bra frå mobilen heller,
men eg synes det var verd eit forsøk...

ALT skjer jo via moblien for tida.
Då hadde det faktisk vore enkelt om blogginga kunne gå den vegen òg...

Eg har sjølvsagt lasta opp all verdas blogge-appar,
eg har blogspot sin...(google?)
..og ein til
men ingen får eg poste innlegg frå..

Finnes det nokon der ute med nokre gode tips?
Tusen tusen takk i så fall!

Jo, takk elles går det bra her!
Ny kopp frå Søstrene Grene og ny clip-board frå Ferm Living...
Koppen vil eg bruke på jobb,
og clip-boarden skal eg lure litt på så lenge...

Fin fin dag til deg!


onsdag, oktober 03, 2012

Trallalallala....


Jodå, eg er her..
Eg driv no på med litt av kvart.

Tusen tusen takk for tilbakemeldingar på "tegnemannen" min!!
NO veit eg kven han er...

I helga fant eg ein gammal malingsboks,
tavlemaling,
som merkeleg nok var uopna...

Kva kunne me finne på med den??


Tenkte fyrst å berre male litt,
for det var berre ein halv boks (0,35?ca)
Men det er utruleg kva ein halv boks med maling rekk til...

Plutseleg var heile veggen svart...


Eg fekk vekk den gamle tavla som eg berre hadde sett på disken.
Godt.
No kan eg skrive på HEILE veggen...
Hihihi...
(Kanskje ein dag eg er skikkeleg sint...?)

Men no står planen for den næraste tida der,
og middagslista kjem til å komme opp...

Uansett, veldig kjekt med litt forandring...
Fin fin dag til deg!!