måndag, november 19, 2012

Juleverkstad


Ja, det er berre å begynne...
Ingenting å vente på.

Skal du lage ting til jul,
må du begynne no.

Det har me...
For tida er det papirbretting som er kjekt.
Rimeleg og enkelt...
Desse stjernene finn du oppskrift på inne på YouTube,
berre søk på stjerne eller origami.















onsdag, november 14, 2012

Brettekunst og kos



Det finnes så mange fiine papir-brette-ting!
Eg har som kjent ikkje verdas beste tolmodigheit...

Men då systo mi var på besøk, 
lærte eg meg å brette desse fin stjernene.
jippi!

Bilete heilt fyrst er frå ein skogstur i dag.

Kjenner at i kvar ei ledig stund må eg prøve å "skru på"
julemodusen...
(sidan me ikkje har snø...)

Eit av triksa er å kjøpe kakemenn og sette ei panne med gløgg
på komfyren...
..då luktar det såå godt.
Og julemodusen kjem av sigande...

Eller som mi vetla dokkemor spurte så fint om til frokost i dag:
"Mamma, kan eg få ei skjeva med julestemning på...?"
Haha..
Ikkje veit eg kva det er, 
men me enda opp med å henta kanelbollar frå frysen...

Skikkeleg kosedag med andre ord.

Kos deg litt du òg!



søndag, november 04, 2012

Det uperfekte...


Eg har vore i svigermor sin hage...
Ein fin novemberdag,
ein skulle tru det ikkje var noko fint å sjå...

Men kva er vel finare enn finast?
Jo, det uperfekte...

Litt poetisk..hihi..
Eg må jo seie at det er noko med alt som er visna...
alt som andre kastar,
som ingen vil ha..
Det ligg litt i orda.

Eg likar det.



Difor har eg fått fin novemberpynt både på kjøkkenet,
og i stova...
..som viser min nye krok...

Eg har nemleg fornya stova ved å flytte heile bokhylla vår ut i gangen.
Det gjekk heilt fint!
Litt protestar var det jo,
men det må ein rekne med...

No vart det luftig og lett i stova...

Eg likar det òg...

Ha ein fin ny vekestart!
Brått er det fredag igjen...