laurdag, mars 02, 2013

Patina



Hei, eg må innrømme at eg ikkje er heilt nøgd med denne mobilblogginga...
Bileta blir feil,
teksten kjem feil...

Eg får det liksom ikkje heilt til...

Eg meinar,
me sender folk til Mars...(iallefall snart)

Ja ja, godt ikkje eg skal vera med på det.
Hihi

Men uansett,
eg var på Patina på Evanger for nokre dagar sidan.
Utruleg kjekk butikk/kafe!
No seier eg ikkje berre dette fordi systra mi er ei av Patinadamene...

Men rett og slett fordi eg meinar det!
Dei har utruleg god smak! Litt før tida...
Litt for trendy for vesle Voss?

Kanskje godt at dei ligg litt nærara Bergen...
Dei har masse nytt og litt brukt,
økologisk mat, te og ulik spennande kaffi 
og den beste kaffe-latten eg har smakt).

Så om du lurar på å stoppe ved vesle Evanger,
ikkje nøl...

Opningstider og anna finn du her.

Skikkeleg reklameinnlegg dette!

(no håpar eg berre nokon les bloggen min..hihi)


Ha ein flott dag, alle
Eg skal prøve å gjere minst mogeleg...

2 kommentarer:

PillePalle sa...

Morsomt å høre et en av Patinadamene er din søster :)
Synes, smak og kreativit flyter gjennom årene deres!
Selv følger jeg med Patinadamene i noen år. Fin blogg og café!
Klem, PiPa

solihjartet sa...

Går turen forbi Evanger, skal eg garantert stoppa der!!

Takk for tipset og god helg!! :)