søndag, februar 14, 2010

Fastelavn og alt det andre...

Litt fastelavnsris frå i fjor gjer seg lika fint på bilete i år..hihi. Me har dessverre ingen ris i år.

Og sidan det både er morsdag og valentinsdag (og faktisk ein bursdag her hjå ein grand onkel...) så vart det lika godt ein nesten vanleg sundag hjå oss. Men me rakk å både lage og ete bollar med krem, nam nam. Og heilt vanleg er det jo ikkje at eg får pakke av eldstejenta...eit heimelaga fletta armband med "mamma" på..nydeleg! Synd eg ikkje rakk å fotografere det i dag... det kom i ei nydeleg heimelaga øskje med hjarta på. Ja kva meir kan ei mor ynskje seg?? Tusen takk vennen min!



 Ja, bortsett frå ein bitteliten skitur innimellom då..hihi
Og det var eg på laurdag, og det var heilt fantastisk! Både eg og storasysto mi koste oss veldig.

Det er rart å vera i dei same bakkane som ein sklei på ski kvar einaste vinter i "gamle dagar"...alt er likt men ulikt likevel, naturen for eksempel er jo mykje meir fantastisk enn eg hugsa den var...haha.

Det kan jo hende at eg er blitt litt eldre og det å sitje i heisen og sjå utsikta faktisk er nesten lika kjekt som å skli...men berre nesten...



Vinterbileta er dessverre frå ein anna vinter..og frå meir heimlege trakter heromkring.
Men neste gong DÅ skal eg hugse å ta med fotoapparatet!

Ha ei fin fin veke folkens!
Eg både gledar og gruar meg til veka som kjem...
Men det kjem eg tilbake til..hihi

Stoor klem!

10 kommentarer:

  1. Høres ut som dere har hatt en flott helg allikevel, og fine bilder også...
    Nå ble jeg bare litt nysgjerrig ja på uka du har i vente...
    Ønsker deg en flott uke allikevel...
    klem victoria

    SvarSlett
  2. Anonym2:37 e.m.

    Hørtes hærlig ut. Ble ikke tur på oss i slalombakken, som vi egentlig skulle i helga (sannelig går helga fort også).
    Ha en fin start på uka og spent å høre hva det er du både gruer og gleder deg til....
    Hilsen fra agathe si sie

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  6. Hørtes deilig ut, - og bildene fra ifjor er vakre de også:-)
    Ha en fin uke- og lykke til..?
    Klem,Hege.

    SvarSlett
  7. så kosleg gåve frå eldstejenta!

    Høyres ut som du har hatt ei bra helg, òg. Eg har vore i dei skibakkane du omtalar ein einaste gong, og klarar meg igrunn fint utan. Då eg gjekk eit svært uhøgtideleg skirenn laurdag ettermiddag var det to bittesmå bakkar som gjorde at pulsen steig endå nokre hakk. Eg er IKKJE glad i nedoverbakkar og stor fart :)

    Vert spennande å høyre kva som ligg føre deg - god veke!

    SvarSlett
  8. Heihei=)

    Glad jeg tilfeldig kom over bloggen din nå, for her var det mye fint ♥
    Har bare sittet å tittet på bilder jeg nå...vakkert hjem du har:):)

    Ønsker deg en flott dag:)

    Klem fra Lise

    SvarSlett
  9. Du har en fantastisk blogg som jeg blir inspirert av ! :) Herlig! Ha en god mandag. Katrine

    SvarSlett
  10. Nydelige bilder! Så flott å få hjemmelaget morsdagsgave! Heldige du!
    Flotte naturbilder her! Jeg har ikke vært på ski enda,men det blir kanskje en tur samen med ei nabodame. Hun er flink til å ta meg med ut. det er mye mer tiltak å gå alene....
    Ha ei god uke!:-)

    SvarSlett