Håpar alle der ute har hatt ei triveleg helg! Sjølv om det fortsatt er nokre timar att av helga, så har eg jobba altfor lenge i dag allereie (heimekontor)... Men i går hadde eg meg ein runde i stova, innimellom MÅ noko skje! Då hjelper det å flytte litt på ting, for å få energi og litt inspirasjon...
Med god hjelp frå dokkemor flytta me ørlitt rundt i stova. Det er ofte utruleg lite som skal til for å føle at ein har fått ei heilt "ny" stove...
Eg har for tida berre tre stolar rundt spisebordet vårt, og det er IKKJE fordi eg manglar stolar...men rett og slett fordi det er mykje mindre plasskrevande å ha færre stolar. Det er sjeldan me sit fleire akkurat rundt spisebordet, iallefall på ein gong (sidan me stort sett et på kjøkkenet).
"Kosekroken" min er flytta...
Og både eg og dokkemor er vel fornøgde med kvar vår "arbeidsplass" i stova...Ho brukar skrivebordet sitt utruleg mykje! Det er ein av grunnane til at det fortsatt står i stova, her tek ho rett som det er ei stille stund med fargeboka og blyantar...samtidig som ho "er der det skjer".
Min datakrok er ikkje endra så mykje, berre flytta bort der "kosekroken" var før...
Sidan eg har jobba mykje i dag, har far stelt heimen etter alle kunstens reglar. No luktar eg middag heilt opp til meg...
Eg tek kvinnedagen litt på forskudd..hihi!
Ha ei fin veke som kjem!!
Helgen min har vært superfin. Været har ikke vært det beste og da blir det mye inne, men da kan kreativiteten få jobbe fritt :)
SvarSlettDen er bare så tøff den skrivepulten til dokkemor og kosekroken din også.
Fortsatt fin søndag
å så fin stue.
SvarSlettog skulle gjerne hatt malte gulv som deg:) er det veldig upraktisk tro?
Utrolig flott det ble :)
SvarSlettUtrolig flott stua ble, og den pulten til frøkna er jo bare så flott, og skjønner godt at den ofte er i bruk er jo mer gøy og holde på der andre er....
SvarSlettDeilig med litt forandring....
ha en fiiin søndag vidre
klem victoria
Så lekkert, "rent" og fritt det ser ut hos dere :-) Ekstra nydelig å se bilde av tulla di; så godt hun har det som kan få være i fred samtidig som hun er der det skjer!
SvarSlettØnsker dere gode dager videre -
hilsen fra Østlandet :-)
Lekkert! Det ser ut som om det er teke rett ut av eit interiørblad!
SvarSlettHa ei god veke! :)
så fine bilder!! Det må lukte velidg godt borte i arbeids kroken ditt - gjør det ikke??
SvarSlettMen vilken härligt blogg! Hit måste jag komma ihåg att återvända :)
SvarSlettHoppas vi ses igen!
Anna Skata från landet bredvid...
elsker måten du er flinkt til å bruke bruktfunn på :) definitivt en ny favoritt
SvarSlett