Då var brått denne helga over. Sol frå knallblå himmel har på ingen måte lagt ein dempar på helga! Sååå kjekt å endeleg få kjenna sola varme! Me treng det sårt her i vår vetle avkrok, me er heilt utan sol i bygda i nesten 3 fulle månader...og no skin sola på huset mitt i nesten 5 timar om dagen!
Me har leika i hagen, gått på tur og vore til fjells i helga. Og som de ser så har eg fått nye koppar! Jippi! Knallfine krus frå Tine K. Home... Ho har berre så mykje fint. Ikkje visste eg at dei selde Tine K-produkt på Home and Cottage på Gullgruven i Bergen!
Men NO veit eg det...
Desse er mørke brune striper på, dei ser nesten svarte ut på bileta...
Og når eg drikk kaffi i hagen, må dokkemor få kjeks i ei skål...
I dag har me vore på tur på hytta til svigers ...Den ligg laangt inne på fjellet og snø-scooter må til for å få med oss vetlatrulto.
SÅ lite snø har eg aldri sett det har vore der før!
Korleis me har hatt det på fjellet i dag, lar eg heller bileta seie for meg...
Hårteigen, vegvisaren på Hardangervidda...
Me leve leeenge på ein slik fin tur!
Raude og gode i kjakane møter me ei ny veke...
Ha ei fin veke alle saman!
5 kommentarer:
Vakkert! Både kopper og fjell.
Søndagsklem fra meg og ønsker deg en fin start på en ny uke. :)
Lise
Åhh. Tipper dere har hatt en knall dag i dag ja. Nydelige bilder, og så ut som en fantastisk plass. Måtte det fine været vare og vare :)
Ha en fin uke.
Klem IfraLahell
Så deilig det er når sola skinner, alt blir så lettvint og godt.
Ser ut som dere har hatt ei flott helg, synd helgene går så utrolig fort.
Så fine kopper du har fått, kjempefine.
Klæm
Så herlig med en flott helg på fjellet - skikkelig ekte påskestemning på etterskudd :)
Koppene var kjemplekre! Skulle ønske jeg trengte noen nye kopper -men har vel heller for mange...
Ønsker deg en fin, ny uke!
Kjersti
Herlege snøkvite vidder i vårsol! Og koppane er knallfine, dei passar glimrande hos deg!
Ha ei god veke! :)
Legg inn en kommentar