sundag, mars 04, 2012

Tenk;tapet...

Ja, tapet..
Det finnes så utruleg mange mogelegheiter for tida.
På ulike fotobutikkar både på nett og andre stader,
kan ein bestille stoore fototapet, som remser eller berre for å dekke ein stor vegg.

Eg fekk det for meg ute på tur i dag,
hihi
såg berre "tapet" overalt!




Tenk denne murveggen,
inne i gangen?
på do?
Ja, kanskje det hadde vore fint på kjøkkenet òg?


Eller kva med naturstein?
(trur eg har teke bilete av denne muren før..?)


Desse to med brune "blomar"er kanskje mine favorittar...
Til soverommet?



Kva med bjørkestammer?
Ja det finnes eit uendeleg val.
Kva med ein vedstabel i gangen?

Eg veit ikkje, kanskje eg er litt for seint ute?
Dette har jo vore populært ei stund...

Men om det blir hjå meg,
det veit eg ikkje...
Eit såpass stort "bilete" krev liksom litt rom, litt plass.
Som eg eigentleg ikkje har...

Ei god helg og vinterferie er slutt,
alle våre store er reist att...
berre vetla dokko igjen hjå oss...
Heldigvis for mammo og pappen!

Ha ei fin veke i vente alle de fine der ute!


onsdag, februar 29, 2012

Endeleg...


DÅ var puta ferdig!
Det er eit slit å hekle på ting som ein er gått litt lei av...
..før ein er ferdig.
Difor vart denne puta liggande litt for lenge i korga,
men eg har teke meg saman og gjort den ferdig.



Då eg kjøpte garnet, synes eg det var ein spennande farge,
no er eg ikkje så sikker...
Men eg synes jo det er fint når ting ikkje heilt "passar saman",
difor trur eg kanskje denne puta gjorde akkurat det.

Me er akkurat heime frå ein liten "mini-ferie" hjå mammo mi.
Kjekt å besøke familie,
kjekt å snakkast att alle saman...
Og såå bra når to små søskenbarn leikar så utruleg fint ilag.



No skal resten av vinterferien nytast i heimen.
Det finnes nok eit og anna prosjekt eg skulle ha starta på...
Me får sjå kor langt me kjem.

Å ha frie dagar er uansett godt.

Fin onsdag til deg!

sundag, februar 26, 2012

Jippi!

Når sola har vore vekke i heile 4 månader, DÅ er det utruleg godt når den 
endeleg skin inn på kjøkkenet!

Vinteren er over...
Det er den kjensla eg alltid får då.
Men alt det kjekke med snø og vinter har me framleis framfor oss,
heldigvis..
Ski og fjell,
hyttetur og påske..

Men du og du...
I dag skal eg vere heime...
Iallefall ei stund.

Me reiser på vinterferie til mammo mi i dag.
Eldstejenta sin vinterferie er over,
min byrjar...
Typisk.
Men sidan ho bur hjå mammo mi (bestemora hennar),
tek me like godt turen dit i dag.


Pappen er heime og passar huset (og må på jobb).

Heldige oss!
Håpar sola skin hjå deg òg!




fredag, februar 24, 2012

Herlige fredag...


Så var det helg igjen!
Ikkje nok med det, men me har vinterferie i veka som kjem.
Herleg...
Men likevel er fredagen ekstra god.

I kveld blir det skirenn (om ikkje uværet tek overhand...) fyrst,
så pizza-kos etterpå.
Men det regnar og bles...


Men for å innleie vinterferien kan det vera lurt å leggje klar litt handarbeid,
berre sånn i tilfelle...
Eg har kjøpt store mengder med Ice, som er eit garn av bomull og akryl som gjer at det er supert til 
for eksempel ei golvmatte? Kven veit?

Eg har ikkje bestemt meg enno...

Men no må me pakke på oss klær og
skisko..

Kos deg på ein fredag du òg!



sundag, februar 19, 2012

Ei god helg


Jammen er det kjekt med store ungar!
Dei ordnar seg sjølve...
Vil dei på ski, 
ja så går dei. 
Køyre gjere dei òg...

Mammo (altså meg..) lagar middag og bakar bollar.
Bollane åt me i går.

I dag var det meldt sol, som ikkje heilt kikka skikkeleg fram,
men me tok turen til fjells likevel.



Minstejenta har skikkeleg fått sving på slalomen,
det er såå kjekt å sjå kor kry ho blir!

"Dette er den beste dagen i mitt liv", sa vetla dokko etter siste turen
i bakken..
Kjekt!

Men no er ungdommane reist, 
og berre meg og mistemor er att...
Pappen er på jobb..
Huset er stille.

Det er jammen godt det òg!

Nedste bilete er resten av huset (til naboen)...
han bur ikkje der altså..hihi
Fint!