fredag, april 29, 2011

Litt knipsing og fleire filler...

Dei to nyaste vaskeklutane...
Eg må minne om at eg framleis berre brukar restegarn frå eit heller mislukka hekleteppe-
prosjekt (det som vart til pute...).




Synes alle klutane var fine saman....

No skal eg oppdatere meg på kongeleg bryllaup i dag...
Og så skal helga nytast i fulle drag!

Ha ei super helg!


torsdag, april 28, 2011

Litt utebilete...


Eg viste visst veden vår i grillen i førre innlegg...
Men det gjer vel ingenting?



Det er så utruleg godt med altandør rett frå kjøkkenet og ut på uteplassen vår!
Takka vera det nye tilbygget, fekk me det akkurat som me ville.

Neste prosjekt i vårsola er å måle ferdig lister og veggar i nye tilbyggen,
me vart visst ikkje ferdige med det før vinteren kom...

Benken ved sida av døra er fast "kaffikose-plass" etter jobb og middag.
Då skin sola akkurat der...


Påskeliljer gjer vel nytten, sjølv om påsken er over.

Gule og fine er dei iallefall.
Ha ein flott ettermiddag!



onsdag, april 27, 2011

Vaskedilla?

Ein skulle jo tru at eg hadde aldeles vaskedilla...
Så mange vaskefiller kan umogeleg eit menneske trenge..?
Jodå, av mangel på fantasi, eller kall det kva du vil,
vaskefiller blir det.


Ei etter ei "tryllar" eg fram.
Men det kunne vore verre ting ein var opphengd i, sant?

Synes berre det er så utruleg kjekt å hekle desse klutane!
Blir ferdig i ein fei, og det er liksom heile vitsen med å hekle, synes eg...
..å bli ferdig (hahaha).



Om du trudde dette var heile stabelen med klutar, tek du feil...
Eg viser fleire sidan.

Me har fylt opp den gamle og stygge utegrillen vår med ved.
Berre eit tips, veden skal kun vera til dekorasjon på uteplassen.

Synes ved er fint eg...

Me har hatt ein flott fridag i solskinnet!
Måtte sola vare ei evigheit...

torsdag, april 21, 2011

Påskefri!

 Jodå, det er påskefri her òg...
Men mykje som skjer fort, gjer at tida går så altfor fort...

Flotte nye/brukte eggeglass i tre fant eg på ein bruktbutikk, synes dei var fantastisk fine!
Då gjenstår berre å klare å samle familien til ein felles frokost..
Det er lettare sagt enn gjort...
Håpar...

Litt vasking og rydding høyrer med i påsken. Eg likar faktisk at det er ryddig rundt meg...
Og då er det nesten kjekt å rydde...

Klede til turk på snora, plenen byrjar å bli grøn...
det er verkeleg nokre herlege dagar no framover.

Dokkemor er tidleg våken, og då rekk me å male påskeegg før sola kjem og me må ut.
Me fekk nett nok til å pynte ei lita busk i stova...



Me har allereie hatt nokre flotte dagar på hytta til svigers i fjellheimen, då er det nok skigåing for i år, tenkjer eg.

Vår flotte son var heile 20 år (!) i går...
Og det synes eg det er verdt å feire, sjølv om guten sjølv var vekkreist på dagen.

Me er verkeleg stolt av den flotte guten vår!
Og heile 20 år sidan me var nybakte foreldre og eg berre 18 år...
Spennande og skummelt...

Håpar blogginnlegga kjem litt tettare framover...
Og ikkje minst at eg får tid til å kikke innom alle dei flotte bloggane rundt om kring.

Ha ein fin dag i sola!

laurdag, april 09, 2011

Rom123 og ny lampe...

Heisann, der var eg igjen. Veeldig travlet for tida...treng vel ikkje seie meir...

Eg har vel aldri lagt skjul på at me bur i ein aldri så liten avkrok av landet vårt,
laangt til næraste tettstad, og tungvindt veg dit med ferje tunnellar osv...

Difor er eg ein flittig brukar av internett når kjøpelysta tek aldeles overhand...haha
Eg kan jo glatt innrømme at eg likar forandring...
Ny lampe frå Clas Olsson har funne vegen via nettet til oss!

Har sett slike rundtomkring på diverse bloggar og blader den siste tida, og synes dei er knallfine.


Dei finnes nok i ein dyrare versjon òg...
Denne kostar kr 69,- pluss lyspæra til 49,-

Ein hyggjeleg pris på ei lita forvandling...

Godt og behageleg ljos er det i den òg..


 Så til slutt må eg nett reklamere for det siste bladet frå Rom 123...
Som de kanskje hugsar hadde eg fotograf og journalist på besøk her i mai i fjor.
No er artikkelen kome på trykk!

Eg synes det vart ein fin reportasje, kjekt og litt skummelt...
Kjekt å sjå kor mykje som er endra på berre eitt år, for det er skjedd mykje i heimen etter at desse bileta var tekne...

Men då har eg iallefall sagt det.
No skal eg til fjells på hytta til svigers med ved.

Håpar på ein knall-dag i sola!

søndag, april 03, 2011

Gangen vår..

 Som dei som har vore innom her før kanskje veit, så bygde me på huset i haust.
Eg har igrunnen litt dårleg samvittigheit for at eg ikkje har vist så veldig mykje anna enn kjøkken av det tilbygget.

Men det har sine grunnar...



I dag dristar eg meg til å vise litt bilete frå gangen vår.
Eit rom det skulle vise seg litt vanskeleg å møblere...

Me har valgt å sette opp eit klesskap frå IKEA, det heiter konsmo...
Eg berre måtte få vekk mesteparten av kledna i gangen, og det var det einaste skåpet eg synes var litt fint...


Me har eitt trinn ned frå skapet og til nytilbygget...og resten av gangen.
Her kikkar du rett inn på kjøkkenet frå gangen, eg står med ryggen til ytterdøra...

Elektrikar er ikkje ferdig enno (uendeleg laaang ventetid, visst...), difor stikk det litt ledningar opp her og der...
Trinnet ned har me kledd med ei metalllist laga av ein blikkenslager, den er lik som på kjøkkenet.
Ein av dei tinga eg kanskje angrar litt på i gangen vår, er at me ikkje sette inn eit vindauge ved sida av ytterdøra...

Litt vanskeleg å få godt foto-lys her..


Måtte berre avslutte med nokre litt vårlege bilete...
Sola skin veldig godt innimellom litt regn her hjå oss.

Kjenner at det er reine vitaminbomba å sitje ute i sola no.
Snøen er nesten heilt vekk og eg ser at det spirer og gror i hagen.

Elles i helga har me alle vore samla under same tak att, storebror, eldstejenta og dokkemor, eg kan ikkje få det betre!
Gullklumpane til mammo vil dei alltid vera, same kor store dei blir!

Ei ny veke står for døra,
ein må berre stupe i det...

Håpar veke blir bra!

Klem til deg!