søndag, oktober 31, 2010

Kva synes du?

Eg treng vel ikkje seie at tida ikkje heilt strekk til om dagen..?? Med ein mann som jobbar 12-14 timar i døgnet, blir det fort litt mykje å halde styr på for både meg og han...
Men me har hatt tid til ein aldri så liten handletur i helga (jippi).
Heilt sidan me planla å skulle bygge på huset, har eg sett for meg korleis alt skulle sjå ut...og heile tida har eg sett for meg ei dør med blyglas...
Spør meg ikkje kvifor, men eg synes faktisk desse dørene er fine!
Og trur du ikkje at me fant ei slik dør hjå ein super brukthandlar på Voss.

Den er akkurat slik eg håpa, glaset er gjennomskinleg med sarte fargar (veit ikkje heilt om det er ekte blyglas...korleis veit ein det, forresten?). Ljoset fell fint gjennom...
Den skal sjølvsagt ikkje stå her rett framfor vindauga på kjøkkenet, men den skal bli døra frå gangen og inn på kjøkkenet...
Måtte berre ta den inn for å studere (og ikkje minst vaske) den skikkeleg.
Men kva synes du? Er eg heilt sprø?
Tenkte kanskje eg skulle male den kvit eller lys grå, men no når den er komen inn, veit eg ikkje...
Kanskje den skal få væra slik den er??

Eg må vel gruble litt, treng uansett ikkje male den med ein gong...
For den observante kan ein sjå at "foringane", altså glaskarmar og lister, er komen opp rundt både dører og vindauga (faktisk i alle rom!). Det vart utruleg mykje betre, glasa verka større med ein gong...


 Og resten av søndagen har me mala...golvet i gangen har fått tre strøk. Me gjekk tom for veggmaling, så der manglar det eit par strøk...
 Og den nye ytterdøra er eg veldig fornøgd med...mørk grå.

 Når me slo ut veggen til den opprinnelege gangen, vart det litt masse vinklar i gangen vår...
Men men, og som de ser ligg heilt tilbygget eitt trinn ned i forhold til det opprinnelege huset.
Men det er berre kjekt!


Medan eg er her, MÅ eg hugse å takke for alle dei utruleg snille og fine kommentarane på min "hjemme hos..." inne hjå NIB!! De er såå snille alle saman! Tusen takk!!
Sjølv om eg er litt flau enno...

Me møter nok ei hektisk veke, eg og eldstejenta skal over fjellet på sjukehus att. Det er aldri kjekt, men me prøver kvar gong å gjere noko som er kjekt på ein slik tur...
Det håpar eg me får til denne gongen òg...

Ha ei fin fin veke så lenge...

fredag, oktober 22, 2010

Eg, meg, seg...Og litt kjøkken


No vart eg brått litt flau...og her finn du grunnen...

Ja, det er faktisk flaut å sjå seg sjølv slik, sjølv om eg vart spurt fint på førehand og takka ja. For eg veit ikkje alt...eg er ingen interiørguru (dessverre). Men smigra over førespurnaden DET vart eg. Og no er det gjort!

I dag viser eg litt framgang på kjøkkenfronten..i kjent stil, ingen lister, men møblering i full gang...haha.


Me ventar kjekt besøk i helga, og difor må me ordne litt ekstra (iallefall på nye-kjøkken-rommet vårt). Det gamle kjøkkenbordet har fått plass her med brødristar og kjøkkenmaskin. Her er planen at det skal kome eit bord i tre (eg har eit eg må pusse litt fyrst...)


 Så har me ei lita linselus i dag...


...litt plastrullar i vindauga er jo fint..(hihi)


Me skal pusse litt vidare på huset vårt, samtidig som me får besøk av systere mi m familie (knallkjekt!). Dei skal til og med få innvie eldsteguten sitt rom i helga (det kan snart ferdigstillast, jippi)
Gangen er neste prosjekt....

Då håpar eg me bloggast snart att!
Ha ei flott helg!

søndag, oktober 17, 2010

Framgang...

Ikkje vanskeleg å forstå kva me har drive med heile haustferien...

Og i dag har me verkeleg sett alle "kluter til", til og med dokkemor måtte henge i å male litt...


Sjekk teknikken...
Det er godt ho lærer seg å male litt, kan hende det blir det me gjer kva haustferie heretter, haha...

Som de ser malar me kvitt på veggane, det er ikkje sikkert alt skal vera kvitt til slutt, men me må leve litt i romma før me bestem oss. Eg likar å sjå korleis lyset fell og kva møblar me endar opp med osv...
Det er alltid lett å svinge malarkosten att...


Då desse bileta var tekne i dag gjenstod eitt strøk på veggane, taket er no pussa og klart til maling...så var det listinga då...



 Blomane på biletet er siste rest frå hagen...


Synes lyset vart fint her inne til slutt...

Eg gledar meg så mykje til å ta rommet skikkeleg i bruk, at eg vaskar og vaskar etter kvar omgang med pussing...og set møblane på plass att i nybygget...

Det har blitt nokre omgangar med å flytte bordet inn i "gamlekjøkkenet" og ut i "nyedelen"...hihi

Men men...i morgon er det arbeid og barnehage att, dokkemor har hatt fri heile veka og kosa seg med storebror og storasysto. Og innimellom all sparkling og maling har me kosa oss veldig!

Ha ei super ny veke alle der ute!

(Stoor klem til Øystese!! Ja me kan sjå om det passar 3.nov...)

onsdag, oktober 13, 2010

.....






Brått fekk eg ei lengt til jul...

Når skodda ligg tjukk nedover fjellsida og sola kun kan skimtast langt der oppe på toppane, då lengtar eg litt etter jul...

Måtte finne nokre bilete frå i fjor. Håpar systo tilgjev meg bruken av det siste bilete...Som er frå eit juleselskap i fjor.
(ja, det var juleselskap hjå deg i fjor...)

No skal eg legge vekk målakosten og sparkelspannet, berre eit bitta lita stund, og ta fram nokre jule-interiørblad og kosa meg.

Håpar du kosar deg òg!

måndag, oktober 11, 2010

Ein puff...


 Eg har lenge leita etter ein puff.
No har eg funne ein!

Synes den var fin på sin måte...


Passar perfekt til ei lita rumpe, framfor barne-TV...

Som de ser på nederste bilete, plater er komen på veggen i nya-kjøkkenet. Eg sparklar og sparklar...
Golvet er ferdig malt på eine rommet, to strøk på kjøkkenet (skal ha fire...). Yttergangen er den som heng litt etter, platene er ikkje heilt på plass der enno, men det kjem seg.

I dag skal eg pusse sparkel og kanskje (om eg har vore flink nok med sparkelen) male fyrste størk på veggen. Gler meg!

Hjå oss er det haustferie!
Travelt likevel, men kjekt...

onsdag, oktober 06, 2010

Lopper i blodet??

Eg vart så inspirert av NIB sin utfordring (veit ikkje om eg tør å vera med der men...), at eg berre MÅTTE leite meg fram i arkivet etter nokre gode loppefunn.

Og gjett kva eg fant?? Nesten alle bileta mine er av brukt-loppe-funn! Eg måtte berre le...men når eg ser meg rundt er halve huset fylt opp av diverse lopper, gjenbruk, omattbruk, bruktfunn osv...
Reknar med eg ikkje er åleine om det?!

Eg samla eit knippe av dei bruktfunna eg er mest nøgd med...
Øvste bilete er av ein gyngestol kjøpt på Fretex i Bergen, måla med svart bengalakk..Skapet i bakgrunnen er frå Fretex.

 Rommet til dokkemor, med loppemøblar. Dei var så fine og raude at dei har fått lov å vera slik. Tavla på veggen er kjøpt på ein bruktbutikk..

Både stolen, bordet og lampen er bruktfunn...


Den gamle divanen har eg hatt leenge, den kjøpte eg brukt på Patina (putene og teppe er nytt då). Skapet er eit Fretex-funn for mange år sidan, stolane du ser er brukt, bordet er frå ein barnehage som selde ut alt inventar...Lampen i taket er frå ein bruktbutikk..(lettare å seie kva som ikkje er brukt...haha)

Dette var mykje det same, bortsett frå den brune benken (under heklateppe), kjøpt frå eit dødsbo. Men alt her er brukt, til og med ljosastakane i bakgrunnen..
Kosekroken, med loppestolar og loppelampe...

Og no har eg akkurat vore ute og vaska nokre fleire loppefunn...Men husk alltid; når noko går inn, må noko anna ut...

Kan ikkje fylle på med alt mogeleg heller...hihi

Denne kavalkaden var kjekk for meg iallefall, artig å sjå att gamle interiørbilete. Alle er stort sett frå 2009, så så veldig gamle var dei vel kanskje ikkje...

Eg har fri og nyyyt dagen! Håpar du gjer det òg!

søndag, oktober 03, 2010

Før og etter...


Jammen har det gått ei stund sidan sist...Eg er sjølvsagt oppteken med viktige ting om dagen..Det er ikkje mange ting som kan vera viktigare enn OPPUSSING!

Det øvste bilete gjev eit lite inntrykk kor lite kjøkkenet vårt var opprinneleg. MEN slik er det IKKJE lenger! Juhuu! Difor legg eg ut bilete som verkeleg helst ikkje skulle vore vist for folk, men eg er så utruleg glad!!
Det har vorte ein verkeleg skildnad frå korleis me hadde det før...
Her kjem nokre gamle bilete til...




Spisebordet stod midt i vegen, kan ein seie...

Her ser de den tidlegare ytterveggen, der tilbygget no er tett...

Og lett kan rivast av ein kyndig (min gode mann i huset!) person.

 
Her er veggen opna, og bordet flytta nett utom den tidlegar veggen...FOR ein lettelse å lage mat, når ein ikkje stangar borti bordet på veg til kjøleskapet.
Men som de ser, det blir litt større enn akkurat passe...

 
Store gode vindauga mot sør...ei stor altandør, rett mot uteplass, på andre veggen.

Visst blir det fint til slutt!!
No skal eg prøve å oppdatere LITT oftare..

Men no må eg ut att å hjelpe til, utruleg masse arbeid igjen.
Ha ein fin søndag vidare!