måndag, april 27, 2009

"Ny" pute..

På tide med eit innlegg att... Og sidan eg er ei av dei som stadig er på jakt etter små unike skattar, MÅ eg innom brukthandelen kvar gong er eg i nærleiken...Og denne gongen fant eg eit søtt putetrekk med fine broderte blomar på.

Veit ikkje heilt kvior eg stadig fell for slike broderte saker, eg har skapet fullt av dukar med ulike fargerike broderi. Men eg trur det er noko med alt arbeidet som ligg bak, eg beundrar dei som har tolmodigheit til å sitje slik å brodere på bomullstoff. Det må jo vera litt av eit arbeid!

Og tenk, så kjem slektningar og arvar alt det flotte arbeidet du har laga, men kva gjer dei?? Jodå dei synes det er noko gammalt fjas, og gjev alt vekk til Fretex eller næraste brukthandel, eller verst av alt dei berre stappar det i ein bossekk så det forsvinn for alltid! Utruleg...


Men det er jo bra for meg då, iallefall at nokon gjev det vekk til ein brukthandel... Eg beundrar alt arbeidet i alle dei små fine blomane...Takk til kven det no var som gjorde det. Synes fargane var så fine på dette putetrekket, spesielt den grønne fargen, eg kjenner at eg likar grønt for tida...

tysdag, april 21, 2009

Uteliv med nye støvlar...









Det er ikkje mykje som minnar om at me snart skal ha konfirmasjon her i heimen...men utemøblane er iallefall vaske og kome på plass. Og veret er det ingenting å seie på, heilt utruleg fint og varmt i sola! (Håpar berre det varer ei veke til...hihi)
Men sjølv om sola skin, var det kjekt å vera ute med nye støvlar...Alltid kjekt med sko ein kan klare å ta på sjølv. Og eit lite triks for å få ho til å sitte i ro når eg tek bilete er å la ho få leike litt med mobilen til pappen....Haha
PS Støvlane er kjøpt på Englebarn i Sandvika...
Men no er det tid for å gå ut i sola...

søndag, april 19, 2009




Er det ikkje utruleg kor mykje fint som finnes til ungar i dag?? Såå mange fine leiker, som faktisk er kjekke å ha ståande framme. Innanfor ramma av fine leiker, må eg seie at det nyaste tilkomne her i huset går under den kategorien...
Vetlatrulto har lenge gått i panneskapet mitt for å finne pannar å "koka" med. I ein periode no har det gått i "mamma, koka, koka" heile dagen (som betyr at no vil ho koke litt middag...hehe). Ikkje snakk om noko kjønnsroller her hjå oss, vetlajento har nok ein medfødt eigenskap mor i huset manglar...Koka er kjekt!
Kva skal ei mor gjera?! Jo eg måtte jo kjøpe utstyr så ho kunne koke litt middag ho òg...
Den vesle komfyren med to pannar, egg og steikespade samt brødristar med to skiver fant eg på Sprell i Sandvika...Dei har nettbutikk òg.
Elles håpar eg alle har hatt ei strålande helg, eg har nytta høve til å blottlegge blåkvite legger...og ynskje sola velkommen på altanen. Herleg!


fredag, april 17, 2009



Kva gjer ein når tida går frå ein...? Jodå heldigvis finnes det eit lite arkiv å hente bilete frå. Med fare for at eg gjentek meg sjølv for ofte no...viser eg atter eingong våren i fjor... Men det er jo no eg ser at våren var litt tidlegare i fjor, faktisk...desse bilete er teke 22. april i fjor. Desse blomane er ikkje kome like langt enno i år...(er det ikkje fantastisk med digitalkamera?? No VEIT me jo når bileta er tekne!)



Men den er jo nydeleg då, våren i fjor altså! Og minst lika fin er den i år òg! Det er berre det at eg har enno ikkje hatt tid til å nyte den...men eg håpar helga skal bringe med seg late gode dagar/timar....
Og ikkje minst ei oppdatering av biletarkivet....
Men til då, ha ei knallfin helg alle mann!! Så håpar eg på ein bloggrunde ganske snart...

søndag, april 12, 2009

Bruktfunn!

Ein skal ha tid til litt av kvart i påsken. Og ein av tinga me hadde planlagt lenge var å reise å kjøpe dress+tilbehør til eldsteguten vår.

Han er ein lang gut på 195 cm (håpar han ikkje veks meir i lengda no...), og i tillegg smal over hoftene og breiskuldra med lange armar og bein...så det tek tid å finne rette dressen. Men me fant den! Og han vart fantastisk flott!!

MEN i tillegg når me no fyrst var avgarde på shopping måtte mor sjølv få lov å kikke litt i butikkar ho òg... Og ein av dei fyrste stadane eg ville var ein ny bruktbutikk eg lenge har visst om, men ikkje kome meg avgarde til.
Og her var det mykje kjekt! Eg kikka leeenge i alle krokar...men DER stod den midt på golvet, ein skjønn stålampe med verdas finaste skjerm! Det var igrunnen skjermen eg ville ha, men den vart ikkje seld utanom lampen. Eg fekk heldigvis pruta ned på prisen, der eg la ut om jordingsledning som ikkje fanst...osv...


Og no står den der i stova og passar ypperleg inn og var akkurat det stova trengde...Men den skjermen ser eg for meg hengande over spisebordet eller kjøkkenborden òg med tida..Men enn så lenge skal den få stå der slik den er.

Eg synes skjemen var så fin med den nydelege grønfargen og dei litt blasse fargane. Og litt blass gullfarge er jo berre heilt herleg!
Difor vart denne turen med eldsteguten ein knallkjekk tur, der han var strålande fornøgd og det vart jammen mor òg! Me avslutta dagen på Peppe`s pizza og det gjorde jo ikkje dagen verre...
Håpar alle har ei knallfin påskehelg! Snart er det jobb igjen...eg må tjuvstarte litt allereide i dag...
Tudeluu....

onsdag, april 08, 2009

Årets påsketur...

Det vart ikkje så mykje bloggtenking på hytta, så desse flotte bileta har faktisk eldstejenta teke. Synes dei tok så godt stemninga, der langt inne på fjellet...

Det eg ikkje har fortalt om hytta, er at det ikkje er innlagt vatn, ikkje strøm, ikkje mobildekning og doen er ut ei dør og inn ei anna...biodo som det så fint heiter (ikkje noko særleg å anbefale..hihi).

Men me fekk oss tre dagar oppe i herligheten. Og det gjer godt for kropp og sjel å kome så langt frå alt! Det einaste me har der oppe er delvis radiodekning...Difor står den berre på for å få med værmeldingane....(jodå, det er gasskomfyr og litt solcellepanel til ein leselampe og to...ikkje SÅ idyllisk med andre ord...haha)

Medan resten av familien køyrde scooter inn, så gjekk eg inn til hytta i år. Eller eg fekk litt dra-hjelp den fyrste bratte bakken...og då sparte eg ein time på turen. Men å gå slik åleine i stille snø, er herleg synes eg! Og ikkje minst er det godt når eg kjem fram, for då er hytta ferdig varm med fyr i ovnen...
No går dagane med til klipping av roser og ordning i bed og litt hekling...Så har eg kjøpt DEN fine lampen på bruktbutikk!! Den skal eg vise i neste innlegg...snart...so long!

tysdag, april 07, 2009

Invitasjonar...

Då var alle invitasjonane sendt ut...håpar eg (?)(om de ikkje har fått, snakk med mammo..). Dei eg hadde ansvaret for er iallefall sendt.

Det er så rart å sjå kor ungane veks, bilete er frå då eldstejenta var jonsokbrur. Ho hadde ein aldeles nydeleg barnebunad med krune, den er gamal og laga her på plassen me bur.
Invitasjonane er eit samarbeidsprosjekt mellom mor og dotter...neste blir å lage bordkort og kanskje eit songhefte. Konfirmasjonene er rett rundt hjørne, så det gjeld å bruke tida godt.
Forresten gjekk fjellturen kjempefint! Faktisk sol mesteparten av tida... Heimeåleinefesten til storebror gjekk fint for seg med grilling i hagen...(for dei som vart litt bekymra...hihi). Ellers skal me bruka dagane godt framover, med mykje kos og avslapping.

Og det håpar eg du gjer òg!






fredag, april 03, 2009

Endeleg påskefri!!

Eg skal ikkje leggja skjul på at det er herleg å endeleg ha fri! Etter 14 dagar med altfor masse jobbing, for mange møter og altfor mykje som skjer utanom + for lite søvn...Skal det bli herlig med litt avkobling. Me har planar om ein tur på hytta til svigers, og håpar me kjem oss opp allereide i morgon. Men heimen er langt frå påskevaska eller påskeklar på noko anna vis, men pytt det blir jo påske uansett...

Ut frå bileta kunne eg lure heile bloggverda til å tru at eg har alt på stell, og det litt tidleg til og med...Men neidå, desse bileta er frå i forrige påske...men pynten har eg faktisk bevart. Det er jo strengt tatt berre å plukka seg nokre nye busker og henga pynten på plass att...(hihi)


Men det er kjekt å sjå at alt var på stell i fjor iallefall...
I morgo skal eldsteguten ha heimeåleinepåskefest....og foreldra reiser på hytta. Det er jo eit klassisk eksempel på korleis ein IKKJE skal oppdra tenåringane sine...men men...me får alarmera svigers og alle naboane be dei ta ein overrraskande tur innom...Så kryssar me fingrane for at ungdom i idrettsmiljøet er LITT betre enn andre...(haha)
Ynskje alle ei riktig fin helg!! Håpar på oppdateringar litt kjappare no framover...