laurdag, juni 23, 2007

Litt frå hagen...



Har lyst å bruke dette rommet i hagen ved sida av hytta til noko, trur kanskje det kan bli litt koseleg der. Kanskje eg må skaffe meg ein benk? Skal ihverfall plante ei rose som skal klatre oppover hytteveggen...New Dawn...trur eg....



Ja, endeleg er det sommar! Og det byrjar å bløme ute i hagen...eg synes det er herleg å kunne ta inn friske blomar (nesten) kvar dag...








Pakken er komen!

Det er alltid kjekt å få pakker frå Nordhjem! Berre sjå kor fint dei er innpakka:

Har nesten ikkje lyst å opne dei....Jodå, eg må jo det, men kjekt å kunne ta bilete av dei fyrst. Det er nesten som å ha bursdag...


Ikkje så mykje eg hadde bestillt, men kjekt var det likevel. Gledar meg til å bruke soveposen ute i ein stol ein kjølig sommarkveld.....Eller kanskje i vogna til vetlejenta....


søndag, juni 17, 2007

Ja det vart ei jente...


Har prata om graviditet og div. lenger nede...og no er det altså over! Det vart ei jente (noko me allereie visste...) Godt alt er over og eg kan byrje bevege meg att! Vart litt mykje stillsitting på slutten....
På føden fekk me utruleg mange fine blomar! Måtte berre ta bilete av eit utval:

Vert kanskje berre amming og styr på meg framover, men eg skal prøve å halde bloggen oppdatert... Venter forresten pakke frå Nordhjem kva dag som helst...gler meg...

tysdag, juni 05, 2007

Driv å heklar litt att....



Sa eg at eg driv å heklar eit teppe igjen.. Eg fant nokre garnnøste på rommet til dottera mi. Lanett babyull... ho skulle eigentleg strikke med det, men fant ut det vart for tynt og tok for lang tid. Bra for meg! No får eg eit babyteppe med verkeleg spreke fargar!
Er komen ganske langt allereie.... Utruleg kor drygt eit slikt garnnøste er! Eg heklar på pinne 3,5 og det er ganske passeleg trur eg. Men det tek lenger tid sjølvsagt enn dei store teppa eg har hekla før....

måndag, juni 04, 2007

Ny duk!



Kjøpte meg ny duk på "Kid" her om dagen, skulle eigentleg ha den til hagebordet, men synes den passa fint på kjøkkent òg! Likar eigentleg ikkje så godt plastdukar, men denne var fin synes eg! Finnes igrunnen mange fine dukar i plast for tida.... kanskje eg er i ferd med å skifte meining om slike dukar....?

Heisann!

Ja no nærmar det seg fødsel her hjå oss, og masse skal ordnast før babyen kjem! Min kjære mann har mala trappa...den var ganske fin synes eg. Fargen me har brukt heiter "gråmynte" og er den same som me mala golvet på kjøkkenet med for ei tid tilbake...


Tidlegare var trappa mørk blå....vart uten tvil betre no....kjekt!


fredag, juni 01, 2007

Kanskje eg skal prøve å hekle bamsar...


Endeleg gjekk det!

Har hatt litt problemer om dagen, med bloggen... men no ser det ut til at eg klarte å kome tilbake! Kjekt!
Ikkje det at det har skjedd så mykje i det siste, men men...
Eg kan no legge inn nokre stemningsbilete:

Var på handel på Voss, og fekk med meg noko eg har ønska meg leeenge; ein syrinbusk "Mme Lemoine". Sant den er fin.... og så luktar det så utruleg godt! Men min har ikkje blomar enno altså...

Her er nokre roser frå i fjor....gledar meg skikkeleg til dei kjem att i år...! Og det er ikkje lenge til!