fredag, februar 27, 2009

Natur...

Vil berre vise den flotte vetle krakken eg kjøpte saman med alt det andre i forrige innlegg. Den vart min for berre 15,- kroner! Synes den har ein kjempefin naturleg slitasje...som ikkje skal malast over! Den skal få stå i gangen og bli fast plass til dei fine støvelettane til vetlatrultemor...

Det var ei stund nesten bannlyst med "tre-farge" her i huset, alt skulle malast kvitt kvitt og kvitt. Men NO kjenner eg at eg er på veg til å synes at tre faktisk er kjempefint! Når basen er lys og lett er det kjempefint med ein møbel i tre, ei bordplate som ikkje er mala, eller ein krakk og eit dreia fat med ljos oppi....
Eg synes det er det som er spennande med interiør og innreiing, at me faktisk er i stadig endring.
Ha ein flott dag alle saman!! Og ei riktig god helg!


tysdag, februar 24, 2009

Når katten er vekke, dansar musene på bordet...haha..ja me må jo finna på noko kjekt! Om me ikkje akkurat dansar på bordet, så ligg me iallefall mykje på golvet...hihi. I dag har me kasta alle sofaputene på golvet og så hoppa og rulla me litt....
Vetlemor har ikkje vore i form, så ho treng litt oppmuntring. Elles går ho berre rundt og spør etter pappa og "joha..." (som er det ho kallar storesyster for tida...). Men dei er snart tilbake håpar me....
Eg lova å vise bilete av bruktfunna mine, og her kjem dei...(manglar visst ein ting ser eg...men men...). Fyrste bilete er eit broderi eg fant, synes det var så fine fargar. Det er ikkje montert på noko, så eg kan gjere med det kva eg vil. Tenkte kanskje eg skulle ha det på veggen?? Eller i ei pute??...


Så kjem ei herleg pute! Synes fargane i denne var så tiltalande..den er liten og avlang. Og faktisk kan den passe inn kvar som helst...



Så fant eg ein skikkeleg retro-stol....eller det var det dei opplyste om at den heitte, hihi..eg bryr meg faktisk ikkje kva dei kallar den. Men for ein hundrelapp vart den min...(litt dyrt til å vera meg..men men..)



Trur den vil passe ypperleg på kontoret saman med den kvite runde kontorstolen min...
No må eg stulle og stelle litt for vetlatruto...men ho er på bedringens veg, trur eg...
Ha ein fin fin kveld alle saman!! Takkar og bukkar for kjekke kommentarar....utruleg kjekt at nokon kikkar innom av og til!

søndag, februar 22, 2009

Fleskesundag...


Ja, eit gamalt namn på fastelavn er "fleskesundag" eller "feitesundag". Så i dag kan me trygt ete alt me orkar av krem og bollar..hihi...Nei eg har ikkje tenkt å eta så veldig mykje, men deigen er sett til heving...

Det har vore stille her i nokre dagar, og litt i mangel på gode foto så seier det seg sjølv at det ikkje vert mykje blogging. Men eg har faktisk vore å skaffa meg nokre nye bruktfunn, men dei må vaskast og skrubbast litt fyrst, før eg plasserar dei i deira ny miljø.
Eg går ei ny veke som åleinemor i møte, for pappen og eldstejenta skal til Rikshospitalet att...ikkje så kjekt, men må ein så må ein. Det er vel noko eldstejenta her i huset har fått erfare på det sterkaste...
Men i dag har me ommøblert i stova og vaska i huset, slik at alt ligg til rette for ein koseleg ettermiddag med bollar og krem...
Kjem snart tilbake...

søndag, februar 15, 2009

Forandring fryder...

Ja det er sikkert og visst! Det skal ikkje mykje til for å gjere dagen litt lysare og stova litt "nyare"...ein spegel frå Fretex for eksempel...eg hang den rett og slett i stova over skapet...Den fekk eg til kr 15,- ! Kjekt!






Kakefatet på stett kjem frå IKEA, og den store mugga er arv frå mi oldemor... Det høyrde med eit vaskefat, men det er dessverre knust...(ikkje av meg heldigvis...). Synes runde speglar er fint eg...
Ha ein fin sundag i snøen! Her har det lava ned i natt...jippi!

laurdag, februar 14, 2009

Heisann! Her har dagen gått med til årets fyrste skitur! Supert føre og nydeleg vær. Gradestokken viste minus 10, men det gjer ingenting så lenge ein ikkje frys. Vetlatrulto var òg med, men denne gongen berre på akebrett...

Litt dårleg mobilbilete...men men...fantastisk flott på fjellet iallefall!!


onsdag, februar 11, 2009

Det var eigentleg ikkje kjøkkenet eg ville vise i dag, men når eg fyrst stod der ute med kamera og godt dagslys så knipsa eg litt "vilt" rundt..hihi. Prøv å ikkje sjå at tavla på døra heng på "halv åtte", den er nemleg hengt opp med borrelås-tape, og kan difor enkelt rettast opp att...(veldig lurt om du ikkje vil spikre i f.eks ei dør).

Elskar den fine brødristaren min frå Kitchen Aid, den er dagleg i bruk og står difor på disken.

Ein liten fargeklatt på veggen, med små plast-tallerkar frå Søstrene Grene og fil-de-fer-hylle (heiter det det??) frå Hjem Kjære Hjem ....

Det eg eigentleg ville vise i dag var mitt siste nypåfunn i heimen. Mange har gjort dette før meg, og inspirasjonen kom eigentleg frå Stoff og Stil-katalogen...eg har stifta ein voksduk til kjøkkenbordet! Har alltid ønska meg ein slik liten stiftepistol, og no fant eg den eg kjøpte rett før jul. Den måtte jo berre brukast til noko...

Mannen i huset har syntes at slike voksdukar berre er tull og tøys, ettersom den flyttar på seg når han tørkar av bordet (jadå visst er han flink...). Men NO var han superfornøgd med mor i huset! Han kunne lett tørke av bordet samtidig som han slapp å sjå at bordet sårt kunne trenge ein omgang til med målarkosten, og duken låg heilt stille!...tjihi!

Tulipanane har no avgått med døden...og er fjerna frå vindaugskarmen for dei som lurte på det...haha




måndag, februar 09, 2009

Så var huset stille att. Full fres i helga med bursdagsfeiring til 40-og 15-åringen. Det gjekk heldigvis bra å ha selskap både på dagen og på kvelden...men det er takket være god planlegging...

Eg er eit typisk list-menneske. Eg skriv lister over alt mogeleg, og ihvertfall når noko skal skje! Då blir det til laaaange lister som heng på kjøleskapet medan planlegginga pågår...det finnes gjere-lister, handle-lister, bake-lister og ikkje minst kva-eg-har-gjort-lister! Men eg må seie at når eg har skrive alt ned så søv eg godt om natta, i trygg forvissing om at alt er nøye planlagt...

Men no går me heldigvis ei stille veke i møte, med ingen planar for helga!! Utruleg godt! Eldstejenta skal på konfirmantleir midt i veka, og me håpar det går som planlagt...


Her er restane av morsdags-buketten eg var så heldig å få i år!! Det skjer ikkje kvart år...men utruleg kjekt når nokon klarar å hugse på det utan at me kviskrar om det på førehand....Buketten kom godt med som bordpynt til bursdagsferinga.
No håpar eg at alle der ute er friske og raske, her hanglar me litt etter helga, men håpar me står over det verste denne gongen....

No skal eg lese den nye Stoff og stil-katalogen! Har høyrt den er så fin i år...
Ynskje meg litt inspirasjon...

tysdag, februar 03, 2009

Vinterstemning




Det er berre så utruleg freistande å ta bilete når det er sååå fint vær! Dette er frå Vossaturen vår i helga.
Eg og vetlatrulto overlot huset til ei gryande 15-åring og nokre venninner. Pappen var ikkje langt unna altså (er ikkje heilt galen heller...hihi). Pappen sat oppe i 2.etasje mesteparten av kvelden...for å halde oversikt over situasjonen...hihi. Og storebror vart forvist til sitt eige rom saman med PCèn den kvelden (ikkje at han hadde så mykje i mot det då...)
Men ho har ikkje bursdag før i dag! Grattis jenta vår!! Men feiring med resten av familien, tanter og søskenbarn og besteforeldre skal skje i helga...Men me må jo lage litt kos i dag òg, litt god middag og god dessert blir det nok.
No får eg bake litt eg då...
Ha ein fin dag!



søndag, februar 01, 2009

Søndagsarbeid...



Me skal ha konfirmasjon til våren! Hjelp! Jadå, Me har hatt ein konfirmant for 3 år sidan òg...men då vart det ikkje så mykje arbeid med klær (han hadde leigd bunad..). Denne gongen er det eldstejenta som skal til pers, og då har mor sjølv teke på seg litt av arbeidet. Eg har vist bringkluten før på bloggen, men eg trur ikkje eg var kome så langt som no...
Sjølv etter at bileta er tekne har eg sydd mykje lenger. Men det er utruleg kva tid som går, eg brukar nesten ein time på EI RAD! Så om eg rekk ca 3 rader på ein ettermiddag kveld, så er det mykje...
...har 22 rader att...håpet er å bli ferdig til utgangen av februar. Då står ein haug med kjekke koslege herlege hekleprosjekt klar til å ta over!! Og det gler eg meg sånn til! Difor må eg sy i kvar ledige stund...
Tudelidu så lenge!!