laurdag, oktober 29, 2011

Må berre nett vise...

Heisann,
slik ser det altså ut...
Nymåla vegg i stova..
Eg synes det vart kjempefint!
(Om eg skal seie det sjølv...)

Eldstejenta hadde OD-dag på fredag, og fekk måla andre strøket..
Godt for meg!
Det bør nok ha eit tredje strøk òg,
men det kan vente til neste helg...

Tusen takk for alle fine tilbakemeldingar på farge og måleprosjekt!
Alltid kjekt med litt støtte!

Trur me kan leve med denne fargen ei stund...
Det er uansett lettare å male, enn å kjøpe nye møblar, for å fornye litt...

Når det gjeld alle mine hekleklutar, har det kome spørsmål om kva garn eg brukar, og om dei vert fort "sure" ved bruk.
Det har vore litt forskjellig merke, men alltid bomull og stort sett brukar eg pinne 4...
nokre klutar har eg brukt pinne 3.
Om dei blir "sure" fort? Tja..eg bytter klut ofte, så eg har ikkje merka noko til det...
(har så utruleg maaange klutar, veit du...hihi)
Håpar det var greie svar...?

Helga er godt i gang hjå oss,
prøver å roe ned så godt me kan i dag,
berre rusle sakte og gjere ting me vil...

Håpar du har ei fin helg!

Klem


onsdag, oktober 26, 2011

Travle tider...

Er det fleire enn meg, som synes tida går utruleg fort!?
Oktober er snart slutt...
November...
Kvar vart hausten av?
(Kanskje november er haust òg??)
Vekene fyk iallfall hjå oss.


Litt gamle bilete i dag, frå hekledilla mi litt tidlegare i haust.
Fine oppvaskklutar som vart gitt vekk i aust og vest...
Kjekt å kunne gje...
Må prøve å få hekla meir,
til jul, til pakkar, til pynt..

Måtte berre vise den fine dekoren på kjøleskåpet for tida...
Er det ikkje flott?
Nydeleg tusj-teikningar av dokkemor,
eg trur jammen ho har talent...hihi

For dei som lurte,
så har eg måla eitt strøk til å stoveveggen...
Trur det blir fint.
Skal prøve å lure eldstejenta til å måle resten,
ho har OD-dag på fredag...
lurt!
 (i travle tider)

Ha ein god kveld!
No er det natta her...




måndag, oktober 24, 2011

Hjelp..kva har eg gjort?

...Kva synes du?
Eg hadde ein liter att frå eit tidlegar prosjekt.
Så vart eg litt inspirert av Alexandra Villefrance og reportasjen frå hennar heim i Kamille-Jul...
Fiin farge på stova hennar.
Har leita etter ein litt meir blå-akig farge,
men no gjekk eg for restar istaden...
Typisk.



Denne heiter dyp mocca og kjem frå jotun - pure color serien.
Har brukt den i gangen min og på ei tavle på kjøkkenet.
Likar at den er både brun og litt gråaktig...
Men ein heil vegg??
I stova?
Ja, ja, det MÅ berre prøvast...
lurer så fælt på korleis det blir.

Eg er ikkje ferdig,
men har kjøpt meir maling.
Treng nok nokre liter til.
Men eg må vente til helga for å male resten, trur eg...

Ha ein fin fin veke!
Eg får gå å kikke på den halvferdige veggen min nokre dagar til...


laurdag, oktober 22, 2011

Ein blom til deg

Tusen takk for alle koslege meldingar på førre innlegg!
Alltid litt skummelt å dele noko så privat...
Me kom heim seint i går (fredag), etter ein laang tur over fjellet..
snø, regn, glatt...
Eg treng vel ikkje seie, at det var utruleg godt å kome heim?

Sove i eiga seng...

Og i dag, herleg laurdag!

Blomen på stovebordet er redda frå ei utepotte...
Fiine å ta inn, fine fargar.



Eit lite glimt av eit av mine mange prosjekt på siste bilete..
Eit heimelaga gryteunderlag, laga av "drivved"...
eg kan visa meir om det seinare...

Nokon spør etter oppskrifta på heklestjernene i førre innlegg,
eg skal prøve å skrive den ned og poste eit innlegg om det seinare...
(krev litt konsentrasjon, trur eg...hihi)

Håpar du får ein flott laurdag!!
Det har me tenkt til...

God klem

onsdag, oktober 19, 2011

Ikkje akkurat jul...

Men bilete av fin julepynt, som eg prøver å hekla...

Kjekt å gjera noko kjekt når me er på sjukehus...

Me er til kontroll med eldstejenta,
alltid ei spesiell stemning å vera på eit sjukehus...
Ikkje kjekt,
men me må gjera det beste utav det...

Eldstejenta vår fekk ein alvorleg autoimmun sjukdom då ho var 12 år...


No er ho 17...
Ei lang reis,
for oss alle...

Men heldigvis er jenta vår sterk og flott!
Alt går bra no,
men me passar på...


Når me er i Oslo så høyre det med ein runde med shopping!
Det er alltid kjekt og får oss i godt humør..

Og i butikkane her har jula så smått begynt å koma...
eg synes faktist det er kjekt...

Ha ein fin kveld, så skal me prøve å kose oss litt òg...
Klem

søndag, oktober 16, 2011

Lykt frå IKEA

Fiin sol ute i dag!
Men når kvelden kjem er det herleg å tenne eit lys i mørket..

Har kjøpt ny lykt på IKEA.
Synes den var litt annleis enn dei andre...
(og litt billigare..hihi)


Passar fint i stova.
<3
Mannen lagar god middag i dag,
eg har planar om ein god dessert...
med krem...

Litt vemodig i dag,
ein god haustferie er slutt, og alt startar oppatt i morgon.
Barnehage,
vekkerklokka,
skule...
Men litt godt er det kanskje likevel...

Snakkast snart..


fredag, oktober 14, 2011

Figgjo og Rom123

Ein kjekk fredag!
Besøk, kaffi, noko godt å ete...
Alle burde ha ei bestevenninne!
..eg treng ikkje seie meir..


Me har hatt ein strålande dag,
med mykje latter,
store som små...

Starten på ei god helg for oss.

Bileta i dag er frå eit fint kupp på Fretex nyleg,
fine figgjo-tallerkar...like som eg har i suppeskåler..
Manglar berre eit par stykker no...


Eit lite tips på slutten i dag;
Kjøp Rom123!
Den flinke storesystra mi har fått ein flott reportasje i bladet,
berre sjå her:

Fin fredag til deg!
Klem

søndag, oktober 09, 2011

Søndag...

Hjå oss har det vore ein skikkeleg plaskvåt søndag!
Trur ikkje det har vore ein bitteliten opplett eingong...

Men eg og dokkemor finst ikkje redd for vatn,
me pakka føremiddagsmat og kakao i sekken...
Gjekk ein lang tur,
fant oss ein (nesten) tørr plass og kosa oss med nista vår i regnet.


Noko av det finaste med ein skikkeleg våt plasketur i regnet, der hendene vart skikkeleg kalde og me vart våte oppover armane...

...er å kome innatt..
(fiine nypene på bordet fant me langs vegen)


Me hadde fyr i ovnen,
perler og teiknesaker...

Mammo fekk kaffi og DÅ kunne me kose oss!

Veddar på du har hatt ein våt søndag du òg!?
Klem

fredag, oktober 07, 2011

Strikkagenser...

Kva kan vel vera betre å møte hausten med enn ein god strikkagensar?
Denne knallfine fant eg på Fretex...
Synes fargane var så flotte,
trur ikkje den er brukt eingong..
Ein omgang i vaskemaskina, så er den iallefall god som ny..


Ynskjer alle snille, søte
kjekke folk der ute, ei knallfin helg!

Her hjå oss er det haustferie!
Ååå det er sååå godt!

Skal nyte den så lenge eg klarar...

God klem til deg!



torsdag, oktober 06, 2011

Vatn

Ein kvardagsleg ting...for oss,
Vatn på bordet.

Noko av det luraste eg har investert i er denne glas-flaska
frå Søstrene Grene, med lokk.
Eg har to, kjøpt førre sommar...
Eg tappar vatn frå springen,
og set dei i kjøleskapet.


Både mann og born synes det er supergodt,
og utruleg mykje betre med iskaldt vatn på flaska,
enn smålunka frå springen.

Eg er heilt einig.



Rosene frå hagen syng på siste verset...
dette er kanskje siste eksemplar,
resten regnar nok vekk...

Ha ein flott torsdagskveld!
Snart helg!

tysdag, oktober 04, 2011

Livets mange vegar...


No høyres det visst ut som eg skal levere eit veldig personleg innlegg..
hmm
Det var eg eigentleg ikkje tenkt til.
Eg er kanskje litt overfladisk inne på bloggen?
Skulle kanskje delt meir av livets mange merkelege vegar,
som innimellom kryssar min?

Men eg håpar du er som meg, likar å ha ein "fri-stad" der
livet berre er godt..?
Me VEIT jo at det er det slett ikkje alltid..
sjølv hjå meg..
Men eg veit eg er heldig,
som set pris på alle dei små tinga,
på alle kvardagane.

Det å nyte bittesmå øyeblikk,
sjølv ei kort lita stund.
Glede seg til små ting som skjer kvar einaste dag..
Det er viktig...

Eg håpar du klarar det, du òg,
ellers går du glipp av mykje...


 Men eg ville eigentleg inn å vise det "nye" sofa-bordet mitt.
Nytt er det jo (sjølvsagt) ikkje,
men når me rydda i garasjen førre helg, fant eg bordet att.
Hihi
(har jo sjølvsagt hatt det ei stund)
Eg saga berre av beina, slik at det passa til sofaen.
Lurt.
Litt større og litt finare..
Likar fargen.

Den fine vegen nedst på bilete er frå ein sundagstur for litt sidan,
no er det litt meir haustleg ute hjå meg...

Nyt kvelden!
Klem