søndag, november 29, 2009

Tuusen takk!

Dette varma skikkeleg! Sjekk ut den knallfine bloggen Erteblomsten!


Desse er berre til deg!!

Klem

fredag, november 27, 2009

Endå ein "ny" stol...


Ein kan jo begynna å lura, akkurat kor mange stolar treng ein verkeleg?! Men det får ikkje hjelpa, eg føler eg treng nett ein liten brukt til..hihi. Denne var så liten og søt at eg måtte ta den med meg. Eg likar desse gamle skulestolane, akkurat denne typen kunne eg tenke meg, kanskje rundt heile bordet??

Synes den passa inn saman med resten enn så lenge. Det er jo kjekt å ha litt sitteplassar rundt bordet.

Sinkhjarta på veggen kjem frå samme pakken som puta, bestilt i eit svakt øyeblikk frå Danmark (Nordhjem).



Her vert det ei stille og fredleg heimehelg etter gammalt. Det skal bli godt!

Med dette ynskjer eg alle som kikkar innom ei riktig god adventshelg!!

onsdag, november 25, 2009

Advent på ei fjøl...



Då var det jammen på tide med eitt innlegg! Eg slit med lyset på denne tida av året, vanskeleg å ta bilete når det er så mørkt heile tida. Men onsdag er som kjent min fridag, og i dag kunne eg bade i dagslys!! Ville vise korleis "advent på ei fjøl" ser ut... Dette blir adventstaken min i år:




Fjøla, eller stokken om du vil vart funnen på turen min ned i fjøra...den var akkurat passe stor og fekk plass til dei fire adventsljosa. Eg må tenne ljos kvar morgon, og difor står det eitt ved sida av adventstaken..hihi. Kan jo ikkje akkurat jukse....



Og denne fine puta kom i pakke i posten til meg frå Nordhjem...(ja eg veit..altfor dyrt med den frakta...men men).

Eg driv å syslar litt med diverse juleførebuingar innimellom alt anna. I år er det liksom litt "tilbake til naturen..." I fjor var eg så fargerik at eg kjenner eg må bruke litt brunt og svart i år...Og etter inspirasjon frå bla. anna Tine K. Home, har eg laga eit juletre (mitt er i papp) og spraylakka det svart...synes det passa til natur-tema i år...Etter kvart kjem det vel litt granbar i hus òg tenkjer eg. Då vert det jo litt grønt.

Kongler har eg plukka i massevis, så driv eg å pressar diverse lauv... Nok å gjere med andre ord!

Kos deg i dag du òg! Eg skal ned å lage kakao med krem...det får bli dessert etter middagen i dag...namm!!


måndag, november 16, 2009

Helga vart kort, men litt rakk eg likevel. Shoppingturen min (sjå førre innlegg...) skal eg prøve hardt å gløyme. Det er lenge sidan handling har vore sååå vanskeleg, heilt utruleg så vart me altså stoppa/bremsa av eit ufatteleg snøvær!! Ein skulle ikkje tru det var sant. 7-8 mil frå litt regn og vind, møtte me eit snøslaps på 15 cm i vegbana, og ikkje minst på fortaua...gulp..berre tenk korleis det gjekk med oss som hadde den lette trilla med..(den med dei kjekke hjula...).



Treng eg seie at dette er ute i distriktet, så eit innandørs handlesenter ligg nok laaangt inn i framtida for folka her. Eg lova meg sjølv ein ting, og det var å ALDRI reise på handling ein stad UTAN regntrekk/støvlar og skift i bilen!! Ikkje nok med at det var snø...det PØS-regna i tillegg...og me hadde sjølvsagt berre ein paraply...på deling...HAHA (jammen godt eg skal gløyma detta...)




Tilbake til litt kjekkare ting, hihi. Eg har sett at rek-ved kan nyttast til så mangt. Difor tok eg tullemor med meg og køyrde ein tur ned til sjøen på sundag ettermiddag. Det var eit heilt fantastisk vær, heilt blikkstille med eit nydeleg ljos....


Tippar naboane til stranda lura litt då dei såg kva me drog med oss inn bilen...haha. Håpar eg kan bruke nokre av pinnane til noko fint til jol...akkurat no ligg dei til tørk i garasjen.


Resten av sundagen brukte me til å pakke adventskalender-pakker. Eg lura til og med min kjære mann til å vera med...eit godt glas vin og litt stearinljos kan visst få ein lastebilsjåfør til å gjere det utrulegaste....


Ha ein super kveld vidare!!

fredag, november 13, 2009

Kosekroken min...




Det er ikkje lenge sidan eg ommøblerte litt i heimen (stova), men eg vart ikkje heilt fornøgd. Det var ikkje det at det ikkje vart greit nok, men meir det at den beste kroken var litt vond å sitje i.... Eg hadde ein korgbenk frå IKEA i denne kroken før, og me kan seie mykje om IKEA (eg klagar IKKJE), men den egna seg lite for ettemiddagskos med vetla trulto på fange (...og kaffikoppen og avisa)...joggebuksa på og tendens til å ville spenne beina litt opp.

Difor måtte eg tenkt litt, og resultatet var å ta inn att ein gammal divan eg kjøpte for 6-7 år sidan på Patina..Den har stått ute i hagehytta vår og egna seg som seng for ei natt og to til spreke ungdommar. Men det er lite overnatting der ute om vinteren, difor står den no og innbyr til ettermiddagskos for (nesten) heile familien... (haha, sjå det for deg...)

Medan eg les avisa prøver truletemor "sprett-eigenskapane", det er veldig god fjøring i slike gamle divanar! Her ligg me altså å kosar oss med fyr i ovnen kvar einaste ettermiddag...Det er verkeleg blitt ein populær stad for både liten og stor...

Merkeleg det der me har jo sofa...hmmm, men eg likar meg ikkje på sofaen, og unngår helst å sitje i den (iallfall ikkje før etter kl 8 om kvelden)...kanskje fordi den står for nær fjernsynet?? Fleire som meg der ute, kanskje??

I morgon er det laurdag og eg skal på min fyrste shoppingtur på over 6 veker(!). Ja det er sant, eg har sjølvsagt handla mat, men slik er livet i distrikts-Noreg. Laaaaangt å køyre og stygge (stengde) vegar, gjer at det går ei stund mellom kvar gong. Men i morgon har eg planar om brukbutikk-handling og juleførebuing! Jippi! Gledar meg!!

Ynskjer alle super-kjekke bloggarar og andre der ute ei super-duper helg!!

tysdag, november 10, 2009


Titthei, her er eg...Ja, eg MÅ jo berre reagera når til og med mammo ringe for å høyra om eg er sjuk....Berre fordi eg ikkje har oppdatert bloggen på ei stund. Og neidå, eg har framleis ikkje fått svinegreiene...(kryssar fingrar for at me slepp det...). Håpar alle der ute slepp òg...



Det er jo berre sånn at innimellom hopar alt seg opp på ein gong. Alt skal skje samstundes, og eg som er så glad i å kosa meg, rekk ingenting!!

Difor måtte bileta i dag vera frå ei kosestund for nokre veker sidan, faktisk. Kjeksen er kjøpt på Matkulturfestival i Øvre Eidfjord og er frå Marit`s bakeri i Ålvik, trur eg... Dei var kjempegode og hadde biter av tørka plomme (!) inni, saman med sjokolade...mmmm...Eg kan jo sitte her å drøyme litt.

Då drøymer eg sjølvsagt òg om dagen i morgo då eg har fri! Sjølv om fridagen ikkje direkte er via til sjokoladekjeks med tørka plomme...så skal eg nok rekka ein stor og god kopp kaffi, kanskje to til og med. Gledar meg!

Eg har faktisk ommøblert bittelitt òg...Kjem snart att.