onsdag, november 25, 2009

Advent på ei fjøl...



Då var det jammen på tide med eitt innlegg! Eg slit med lyset på denne tida av året, vanskeleg å ta bilete når det er så mørkt heile tida. Men onsdag er som kjent min fridag, og i dag kunne eg bade i dagslys!! Ville vise korleis "advent på ei fjøl" ser ut... Dette blir adventstaken min i år:




Fjøla, eller stokken om du vil vart funnen på turen min ned i fjøra...den var akkurat passe stor og fekk plass til dei fire adventsljosa. Eg må tenne ljos kvar morgon, og difor står det eitt ved sida av adventstaken..hihi. Kan jo ikkje akkurat jukse....



Og denne fine puta kom i pakke i posten til meg frå Nordhjem...(ja eg veit..altfor dyrt med den frakta...men men).

Eg driv å syslar litt med diverse juleførebuingar innimellom alt anna. I år er det liksom litt "tilbake til naturen..." I fjor var eg så fargerik at eg kjenner eg må bruke litt brunt og svart i år...Og etter inspirasjon frå bla. anna Tine K. Home, har eg laga eit juletre (mitt er i papp) og spraylakka det svart...synes det passa til natur-tema i år...Etter kvart kjem det vel litt granbar i hus òg tenkjer eg. Då vert det jo litt grønt.

Kongler har eg plukka i massevis, så driv eg å pressar diverse lauv... Nok å gjere med andre ord!

Kos deg i dag du òg! Eg skal ned å lage kakao med krem...det får bli dessert etter middagen i dag...namm!!


13 kommentarer:

Vibeke sa...

har sagt det før men jeg sier det igjen, digger stilen din noralill :)

nyt desserten og fridagen,
klem

Hyttehuset sa...

For ein artig adventstake. Og juletreet i bakgrunnen. Flotte bilete. KOs deg med fridagen din og kakaodesserten i ettermiddag.

Lene sa...

Det var en utrolig fin og spesiell adventstake. Jeg tror det er mange som føler som deg at de vil litt tilbake til naturen og det enkle. Det er vel en reaksjon på at de fleste av oss har mere ting og tang enn hva vi har bruk for....

høres ut som du kommer til å få en fin onsdag!

klem, Lene

Lycheli sa...

Lekkert!!! Perfekt pynt - stemning uten å bli too much. I like!

Klem Lycheli

Anettes drøm sa...

Kjempe fin og enkel adventstake. Det er ikke uten grunn man kan si det enkle er ofte det beste ;-)

Ha en fin dag, flott blogg du har!

Anette (ny i bloggland :o))

Christine C sa...

Så enkel og fin adventsstake...jeg liker virkelig den dempede og rene stilen :) Ha en fortsatt fin dag!

mi-rachel sa...

veldig fint med advent på ei fjøl.

Ida sa...

Står lysa stabilt av seg sjølv, eller har du ein spiker under så du festar dei? Stilig vatr det.

Hanna sa...

That looks really lovely.

mette sa...

nydelig adventsstake!! masse sjel!!

Haust sa...

Å, eg likar "adventsfjøla" di! :) Og puta er knallfin den òg!

Kos deg!

storeflittig sa...

så vakkert! herlig fjøl!

Pillepalle sa...

Utrolig flott idé! Denne adventstaken er kjempefin :)))
Hilsen fra Pillepalle