onsdag, juni 20, 2012

Litt pynt på badet


Det er faktisk litt kjekt å plukke blomar til badet òg.
Om sommaren brukar eg å ha ein lite vase på vasken, som eg plukkar små søte blomar til.
Syriner er ein slager, dei luktar jo så godt.


Men vårt bad er alltid supervarmt.
For eg må ha det varmt om morgonen...
Difor visnar dei fort...

Men det gjer ingenting...

I dag har me hatt besøk av ein liten skjønning og søte mammo hans...Veldig kjekt!
Takk for besøket, gler oss alt til neste treff!

Etterpå var det sommarfest i barnehagen,
med grilling og kos, kjekt.

Og om nokon lurar, så gjekk alt bra med meg og 7.klasse gjengen "min" på leirskule, førre veke.
Ei hektisk men kjekk veke for både lærarar og elevar.

Tida framover blir ikkje mindre hektisk,
men snaart er det ferie!
Jippi!

søndag, juni 10, 2012

Dagen derpå...


Sjølvlaga pom-poms må til...
 Minstejenta er blitt heile 5 år!
Tenk det...


Me klarte å plassere heile barneselskapet på kjøkkenet,
15 små til bords...
Me henta inn eit ekstra bord frå hytta i hagen.

Det var stor stas å få invitere heile avdelingen i barnehagen.
Ikkje er det farleg når alle er så snille og kjekke heller...

Sjølve dagen var ganske hektisk, 
difor er det bilete frå eit nesten festrydda kjøkken...

Men heldige oss, var det sool og varmt heile dagen!
Så alle ungane sprang ut i hagen og leika etterpå.
Kjekt.

Rosa er ein viktig farge for nesten alle 5-årige jenter..
...små prinsesser..
Så ein kan seie at rosa muffins var på sin plass.
Men alle gutane i bursdagen synes heldigvis ikkje det var så farleg at alt var rosa.
Så søte..


Desse er superenkle å lage,
vanleg muffin-oppskrift (som du finn overalt...)
Kremen på muffinsane er sånn ostekrem ein brukar på gulrotkake, 
med philadelphiaost, smør og melis...
ha i konditorfarge, vips er den rosa.
Lett å sprøyte ut,
og toler å stå litt etterpå...


Men eg må seie det er herleg når festen er over,
me hadde alt og alle på same dag i år,
difor var me 10 vaksne samtidig...
Godt me kunne sitte ute!

No blir det stille ei vekes tid hjå meg.
Eg skal på leirskule, ut i havgapet, med mine kjekke 7-klassingar heile neste veke!
Spennande for meg òg...

Ha ei fin fin veke!
(kryssar fingrar for fint vêr)

tysdag, juni 05, 2012

"Ein bukett til mamma..."


Flinka jento til mammo si...
Såå fine blomar ein får på bordet når ungane plukkar...
Dei tek med ALT...
Då blir det så fint, synes eg.


Ho var så stolt av denne buketten, minstemor.
Det er ikkje rart...


I morgon blir det full fres på fridagen vår.
Baking og ordning,
planlegging og handling må til,
når ei som er fire, snart blir FEM.



Ho gler seg stort til dagen sin.
Det minner meg på at tida flyg...
Kvifor i all verda går dagane så mykje fortare no enn før??
Det lurar eg på...
..eg skulle vore flinkare til å sitje stille...

Kanskje verda hadde stått stille litt då..?

Ha ein fin kveld,
alle de fiine der ute i verda!
-smiler-

søndag, juni 03, 2012

Min fyrste peon...

Med stor fare for å bli ein rein hagebloggar...
kjem eg med nok eit innlegg om blomar.

Eg har fått min fyrste peon!
Ventetida har vore laang...
Tre år!


Då eg skulle avgarde å kjøpe meg peon, var eg fast bestemt på å få tak i ein slik
silkepeon (bondepeon?), ein lys kvit iallefall...
Men dei var sjølvsagt utselde.

Difor vart denne med heim istaden,
dette er ein trepeon.
Den brukar ca tre år på å blomstre,
frå du plantar den, altså...

Heretter reknar eg med at den blomstrar kvar år.
Basta!

I år kom det berre ein stakkar blom på busken,
men eg håpar det kjem mange til neste år.

Den luktar himmelsk!
(eg har såå lyst å plukke den...hihi)

Eg måtte berre dele dette med dykk.
Ynskjer dykk alle ei fin fin veke!


laurdag, juni 02, 2012

Med håv i strandkanten...



Tenk å stå i strandkanten og leite etter noko som kryp...
tenk å vera nesten 5...
Å gleda seg til bursdagen som nærmar seg...


Bileta er frå pinsehelga,
men sjølv om det er kaldare i dag,
har me sool!
Og i sola er det varmt...

I dag skal me berre nyte laurdagen,
plukke inn nye syriner,
og kanskje sykle ein tur...

Ha ein strålande laurdag du òg!