tysdag, november 29, 2011

Adventstjerna på plass

Ja, ho har vore her nokre dagar alt.
Men eg hadde liksom heilt gløymt alt eg laga i fjor...

Trur faktisk eg laga denne stjerna for to år sidan.
Må visst sjekke gamle innlegg, hmm..



Synes den er dekorativ framleis.
Eg hugsa at eg laga nokre stjerner i ståltråd og vikla glitterband rundt..
Lurar på kvar dei er?

Det gjeld visst å ha orden i julekassene sine,
og det har eg eigentleg,
men juleting-samlinga utvidar seg liksom litt kvart år.
Haha...


Me har baka pepperkaker og kakemenn,
kosa oss og nesten ete opp alle kakemennene...

Eg kokar litt gløgg kvar dag,
syng minst ein julesong..
(er så utruleg god akustikk på kjøkkenet..hihi)

Håpar du senkar skuldrene og kosar deg litt du òg!
God klem til deg :)

søndag, november 27, 2011

Med ei stjerne frå i fjor..

1.advent i dag!

Eg har vore på (desperat) dypdykk i kjellaren etter effektar frå i fjor..
Heldigvis fant eg noko eg kunne bruke..

Blant anna denne fine stjerna.
Bretta i gråpapir...



Det får bli den vesle diskrè pynten i gangen vår framover.
Ei ledestjerne som ynskjer deg velkommen, hihi...
Litt rart er det jo at eg kunne ut i hagen å plukke (forhåpentlegvis) dei siste rosene,
på laurdag.....

Eg er nok ei som heller lengtar etter snø.

Men i øs-pøs-regnvær møtte me nissen i går,
gjekk rundt treet og song glade julesongar som fekk oss i bitteliten julestemning!

Ha ein flott søndag!
(med eller utan snø...)

torsdag, november 24, 2011

Advent på prøve...

Det er sikkert slik med deg òg,
at du må prøve deg litt fram før ein går for noko...? Eller?

Eg er i år nøydd til å prøve litt forskjellig,
mykje på grunn av at me bur (utruleg) langt vekke frå interiørbutikkar,
og Coop og Joker har ikkje verdas beste utval i ljos og tilbehør...

Då MÅ ein faktisk bruke det ein har...

Eg hadde berre to kvite kubbeljos att,
men eg fant to i gull(!)
Det kunne jo gå..?
Eller?

Eg fant eit grønt juletre i kjellaren, som ungane ein gong har funne i eit søppelspann (på skulen).
Det måla eg same farge som veggen
(som er einaste målinga eg har for tida).

Ja, ja eg får sjå om eg kjem på noko anna til søndag..
hihi
Men eg likar faktisk dei ljosa i gull!

Ha ein kjempefin torsdagskveld!

onsdag, november 23, 2011

Litt inspirasjon..

Hjelpe meg..fyrste advent på sundag!
Tippar det er fleire enn meg som synes det kom veldig raskt...

Eg måtte rett og slett inn i arkivet mitt for å sjå kva eg gjorde i fjor.
Med det, kom advent-og jule-steminga sigande...

Gode minner...

Mest av alt saknar eg snøen,
som låg så kvit og fin i fjor og pynta opp både inne og ute..
(inne, med det fine ljoset som kjem inn vindauga av snøen...)





Litt meir enn adventspynt i kjøkkenglaset, her var det nok jul.

Den fine stjerna eg laga for nokre år sidan, like fin i dag.
Må ned i kjellaren å plukke den opp att..

Julekrybba eg laga er utruleg nok i god behold i kjellaren,
den kjem nok opp i år òg...

Fint bord, som ventar på mange gjester...
Kjekt!


Og til sist måtte eg ta med ei spent dokkemor på julaftan i fjor..
Ventar, ventar og lengtar..

Noko som passar fint no framover,
me ventar jo..

Sjølv om det er nok å gjera
er det godt å veta at det ikkje er så mykje som skal til..

Heldigvis,
det viktigaste er at me tek det med ro,
tar vare på tida og hugs å puste...roleg..

Ha ein fin onsdag!




fredag, november 18, 2011

Kjøkken..

Heisann..
Når eg får litt tid heime, som når dokkemor er sjuk..
Då går eg og ser og kikkar,
på alt eg kunne gjort.

Og på torsdag såg eg utebenken vår
stå ute i rimfrosten..
Der kan den jo ikkje stå, tenkte eg.



Som tenkt så gjort..
Benken vart behørig vaska og skrubba,
no fekk eg bytta ut benken utan ryggstø på kjøkkenet,
med ein med ryggstø...

Veldig mykje meir behageleg å krølle seg oppi denne benken!
Eit sengeteppe fekk gjera nytta som pute i sete,
og ei stor pute frå storebror sitt rom fekk pynte opp litt...


Veggen i stova har endeleg fått siste strøket (brunt),
no er det berre å sjå seg om etter andre ting å ta tak i...
Helga er heldivis akkurat starta!

Her har ikkje sjukdommen heilt sluppe taket enno,
dokkemor hadde feber att i natt,
og mannen i huset ligg strekk ut...

Så det teiknar til ei roleg helg for oss.

Fin laurdag til deg!

torsdag, november 17, 2011

Nydeleg frost

I dag måtte eg ut å knipse nokre bilete,
så utruleg nyydeleg det er ute...

Deilig frost.

Dokkemor trudde det var snø..
No kjem julestemninga,
tenkte eg..


Godt å sitje inne òg..
Dokkemor er ikkje heilt i slag i dag heller,
men ho sov godt i natt og me ser ho er på bedringens veg..

Men, difor nok ein heimedag på oss.

Samvittigheita slit alltid eit lærarhjarta,
å vera vekke betyr meir arbeid for dei som er på jobb..
Ikkje kjekt.


Ein frosen blom til alle de som tek eit ekstra tak i dag!
I morgo skal pappen vera heime...

Jammen godt me er to!

Kryssar fortsatt fingrar og tær for at me vaksne ikkje vert sjuke...
...og for at dokkemor er frisk som ein fisk i morgo..

Ha ein fin dag!
Eg finn nok på noko heime i dag òg..





onsdag, november 16, 2011

Bollebakst

Bollebaking, men det er ikkje frå i dag...
I dag var planen å møte ei god veninne,
gå på kafè og skravle om alt og ingenting..
Men så vart dokkemor sjuk,
heile natta har gått med til "tømming av bøtta",
springing på do..
bytting av sengeklær..
Stakkar liten..



Passar kanskje ikkje så veldig godt å vise fine bolle-bilete i dag,
men men...

Bileta er frå helga då dokkemor var frisk.

Me utset venninne-prat og er heime.
Pleiar ei lita bleik og slapp
jente som framleis ligg i pysjamasen..

Barne-TV er kjekt å ha...

Så kryssar me berre fingrarne for at me andre held oss friske..

Håpar du er frisk!
Klem

søndag, november 13, 2011

Nok ei helg...

Litt på helane inn i ei ny veke...

Ei god helg bak meg, med begge fine ungdommane mine i hus,
og ein kjærast...

Det er såå kjekt når du ser dei blomstrar...
Difor litt bløming på bloggen i dag.
Til ære for kjærleiken...
Ja, ja ikkje berre det kanskje, men litt grunna det milde vêret
og frisk bløming i hagen..
hihi..


Me har kosa oss i helga,
fått vera ute og inne,
laga god mat,
kosa oss saman..
store og små.

Det håpar eg verkeleg du har klart òg..?
Alle treng litt kos.

For me veit godt at livet ikkje berre er godt,
då betyr det gode så mykje meir..


Eg ligg igrunnen litt på etterskudd på alle plan,
men eg orkar ikkje har dårleg samvit.
Eg er berre eit menneske..
Eg gjer berre så godt eg kan.

(lurt å gjenta siste to setningane i hovudet fleire gonger om dagen...haha)


 Men kaffikoppen min får du aldri...

Tid, kva er vel det?
Det er eg som bestem...
(eller du då, i di verd..)

Hugs det!
Ha ei riktig god start på veka,
hugs du er berre eit menneske!

God klem frå meg...


fredag, november 04, 2011

Brun pynt og litt arvegods


Ååå då var det herlege fredag!
Kan ikkje seie anna enn at det er godt!

Fyr i ovnen,
ljos på bordet,
og litt god vin...

Kan like godt innrømme at me skrur ned fjernsynet òg...

Plukka inn litt brun pynt forrige helg,
saman med ein arva Ibsen og fine arve-tallerkar vart det ein fin fredags-
stemning...

Fiin fredag til deg òg!
Klem


tysdag, november 01, 2011

LS - Lag Sjølv

Haha, ikkje noko DIY hjå meg, nei..
hihi

Eg lova for ei stund sidan å vise meir av panneunderlaget mitt,
laga sjølv,
av div. drivved/pinnar...

Kanskje ikkje verdas beinaste?
Men det funkar,
eg lovar...

Finn passe pinnar, i passe tjukkelse langs eit vatn nær deg...
sag dei til omtrent like lange...
bor eit hol gjennom kvar pinne i kvar ende,
bruk vanleg drill
(veldig lett..)
Tre ståltråd gjennom i kvar ende og snør til..
Vips!
Ei julegåve? Kanskje??

Fint fat med fine fargar,
arvegods,
saman med litt fint treverk..
Det likar eg.

Ha ein fin tysdagskveld!