søndag, november 13, 2011

Nok ei helg...

Litt på helane inn i ei ny veke...

Ei god helg bak meg, med begge fine ungdommane mine i hus,
og ein kjærast...

Det er såå kjekt når du ser dei blomstrar...
Difor litt bløming på bloggen i dag.
Til ære for kjærleiken...
Ja, ja ikkje berre det kanskje, men litt grunna det milde vêret
og frisk bløming i hagen..
hihi..


Me har kosa oss i helga,
fått vera ute og inne,
laga god mat,
kosa oss saman..
store og små.

Det håpar eg verkeleg du har klart òg..?
Alle treng litt kos.

For me veit godt at livet ikkje berre er godt,
då betyr det gode så mykje meir..


Eg ligg igrunnen litt på etterskudd på alle plan,
men eg orkar ikkje har dårleg samvit.
Eg er berre eit menneske..
Eg gjer berre så godt eg kan.

(lurt å gjenta siste to setningane i hovudet fleire gonger om dagen...haha)


 Men kaffikoppen min får du aldri...

Tid, kva er vel det?
Det er eg som bestem...
(eller du då, i di verd..)

Hugs det!
Ha ei riktig god start på veka,
hugs du er berre eit menneske!

God klem frå meg...


6 kommentarer:

Lina sa...

Dette traff meg berre midt i magen! ♥ dei orda prøver eg å gjera til eit dagleg mantra,ikkje tull ein gong, hahaha, men har desverre endå myyykje å læra om det å godta at ein berre er eit menneske...

Takk for at du deler dine kloke, fine tankar! :)

For ei fin helg du har hatt.

Klem til deg ♥

Fru Fjeldhammer sa...

Fine ord!

Kos deg og ha en flott kommende uke!
klem

Pink lady sa...

Nydelige bilder og kloke ord.

Ønsker deg en flott uke!

Klem

Rosa sa...

Fine ord, som ein skulle hugse heile tida.
Og spennande med ein ny epoke - kjæraste med heim i helga :) Glad me ikkje er heilt der endå ;)

God veke - me får håpe den ikkje spring heilt i frå oss!

Lill sa...

Helt sant - gode ord som man trenger å bli påminnet. Jeg jobber med saken! Det er så mye man vil, men man strekker ikke til....enten det handler om tid eller energi. Jeg er ikke flink til å godta at slik er det bare - og huske på at man i grunn får til ganske mye. God uke til deg - regner med det er travle lærertider på deg også:) Klem Lill

Lina sa...

Takk igjen til deg :) ja, det er kjekt å skapa noko sjølv! Anbefalast :)

håpar veka di blir fin, og at du klarer å bestemma over både kaffikopp og tid! ♥

klem Lina