fredag, mars 30, 2012

Vårtur til Køben...


Det kan verkeleg anbefalast!

Eg har vore til København med mi beste barndomsvenninnne,
 for å friske opp minner me har saman,
og ikkje minst skape nye minner å ta vare på.

Det var fnising og latter dagen lang!
Akkurat som før...


Måtte til og med ta med eit sjølvportrett..hihi.


Glimt frå hotellet...
Me budde på Kong Fredrik, midt i smørauga.
Fantastisk beliggenheit,
og faktisk eit inspirerande hotell...
Fargane var mørke og passa perfekt eit gamalt hotell.

Hay House måtte sjølvsagt besøkast, 
midt i sentrum..

Varmt men fint soverom...

Beklagar elendige bilete...
Men eg måtte berre vise glimt frå lobby og spisesal...
Ulike stolar i spisesalen, 
det gjekk i teakbord og stolar med svart skinn...
Knallfint faktisk!

Me kosa oss med shopping,
god mat og masse latter.

Eg har faktisk vore nokre dagar på jobb etter dette,
men no har eg og dokkemor starta påskeferien!

Og i dag må me ut på ski.
Nydeleg sol her...

Håpar du får ein knallfin dag du òg!




onsdag, mars 21, 2012

Onsdagsfri...

Veldig godt!
Men på ingen måte ein stille og roleg dag,
sjølv om me alltid startar dagen mykje rolegare,
er det berre stille før stormen...

Men ikkje veit eg korleis alle dykk der ute klarar å få vaska bilen,
tørka over på badet,
støvsuga hus og bil,
handla for heile veka,
og ikkje minst vaske, legge saman, og rydde på plass ALT av klede,
UTAN å ha fri ein einaste dag i veka!?

Difor har eg ein dag er ikkje er på jobb...
...men altså ikkje utan jobb...
hihi


Men me har vore ute i gråvêret, 
og funne ut at det slett ikkje er så verst!
Både eg og dokkemor var veldig einige om
at alt var så fint ute!
Lukta såå godt og friskt!



Og eg trur jammen me er heldige...

Denne fine benken står på ein "hemmeleg" stad,
kanskje ein gammal kjæraste-benken...?
hihi

Men no må eg pakke!
Skal på husmorferie i morgo...
København next...

Håpar det blir bra!
Gler meg...

laurdag, mars 17, 2012

Vårkjensler...

I dag har me kjent på våren hjå oss.
Vore ute, raka i bed og rydda litt rundt hus og heim...
Mildt og fint,
snøen er vekke og trur du ikkje me klarte å finna nokre små spirer òg?!
Eg er nemleg litt overraska, 
fordi løkblomar aldri kome opp av jorda her (i mi tid..hihi), 
same kor mange er har planta.

Difor ventar me i spenning...

Av alle ting, så vart det endå meir kjøkkenbilete til dykk.
Eg vert ikkje lei av blandinga,
gamalt og nytt...

Og stoffet på veggen får henge ei stund til.
Blir litt "påskesteming" av det, synes eg...


Men eg trur jammen eg må lokke minstejenta med meg ut ein tur til.
Slik at me får lufte oss litt før kvelden.

Me skal på skikkeleg god gammaldags nabofest i kveld.
Ein nabo feirar seg sjølv på det gamle ungdomsshuset her,
hipp hurra for han!

Satsar på ein kjekk kveld!

Ha det fint du òg!



tysdag, mars 13, 2012

Litt ro på kjøkkenet...

Må aller fyrst seie TUSEN TAKK for all skryt av (den litt stygge..) hekla puffen i forrige innlegg..hihi.
Det har gjort at den får leve fritt i stova ei stund til...

Kjøkkenet er mykje brukt hjå oss.
Me er neppe åleine om det altså...

Men her finn me roen om ettermiddagen,
her les me avisa,
her teiknar, klipper og limer dokkemor...

No er det litt før-påske-stemning her,
med bare kvistar som pynt.
Så fant eg fiine bordskånarar på Brukt`n (på Voss),
som blir litt ekstra pynt og nytte på bordet.

Ljoset har eg alltid tent når me sit her.


Den gamle kontorstolen er eit loppefunn frå fleire år tilbake,
men den er veldig fin som "voksestol" til minstemor.
Sit ho der, når ho opp til bordet utan å sitje på kne.
Samtidig som ho elskar å rulle rundtomkring...
Kjekt!

I morgo skal me besøke systra mi
og eg håpar å hente heim masse inspirasjon!

Me gler oss!

laurdag, mars 10, 2012

Litt rar?

Eg skal innrømme det,
den vart ikkje heilt som eg hadde tenkt.

Eg er heilt håplaus i å velje fargar!

Eg har ein puff, kjøpt på Brukt`n på Voss,
no har eg hekla nytt trekk til den.

Berre for å få litt forandring...






Men eg trur den skal få koma opp på rommet til minstdokka,
ho treng noko å sitte på der oppe.

Kvifor kunne eg ikkje berre begrense meg til ein eller to fargar?
Men slik er eg, 
alt går så fort, at i farten bryr eg meg slett ikkje om korleis det kjem til å sjå ut,
berre eg blir FERDIG.
Hahaha..


Her eit glimt av puffen i originalversjon,
ikkje så verst då heller,
med sine geometriske mønster, som for tida er heilt "in".

Men heklatrekket er altså berre laust utanpå,
eg har ikkje hekla den delen som skal vera under sjølve puffen...

Tida går så utruleg fort no framover.
Eg har berre lyst å tråkke på bremsen...
...svusj..

Regnet høljar ned hjå oss i dag,
vinden bles,
men det er jo laurdag...det er alltid godt!

Ha ei fin helg du òg!

søndag, mars 04, 2012

Tenk;tapet...

Ja, tapet..
Det finnes så utruleg mange mogelegheiter for tida.
På ulike fotobutikkar både på nett og andre stader,
kan ein bestille stoore fototapet, som remser eller berre for å dekke ein stor vegg.

Eg fekk det for meg ute på tur i dag,
hihi
såg berre "tapet" overalt!




Tenk denne murveggen,
inne i gangen?
på do?
Ja, kanskje det hadde vore fint på kjøkkenet òg?


Eller kva med naturstein?
(trur eg har teke bilete av denne muren før..?)


Desse to med brune "blomar"er kanskje mine favorittar...
Til soverommet?



Kva med bjørkestammer?
Ja det finnes eit uendeleg val.
Kva med ein vedstabel i gangen?

Eg veit ikkje, kanskje eg er litt for seint ute?
Dette har jo vore populært ei stund...

Men om det blir hjå meg,
det veit eg ikkje...
Eit såpass stort "bilete" krev liksom litt rom, litt plass.
Som eg eigentleg ikkje har...

Ei god helg og vinterferie er slutt,
alle våre store er reist att...
berre vetla dokko igjen hjå oss...
Heldigvis for mammo og pappen!

Ha ei fin veke i vente alle de fine der ute!